Evig min av Lisa Moen

Ei bok som overrasker med sitt innhald.

  • Norsk tittel: Evig min
  • Forfatter: Lisa Moen
  • Sjanger: Psykologi, Thriller
  • Antall sider: 266
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Calidris Forlag

Lisa Moen debuterte som forfatter i 2024 med den psykologiske thrilleren «Evig min».

Han spør om hun vil sette seg ned ved bordet hans.
Hun er den utvalgte, men vil hun bli hos ham? Spørsmålet er om hun har et valg…
Camilla er lykkelig sammen med Ole og deres to barn. Men når sannheten kommer for en dag, er han i ferd med å miste alt han holder kjært.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Evig min».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein psykologisk thriller og eit familiedrama der me fylgjer fleire personer parallelt.

Av og til så dukker det opp bøker og forfattere som ein aldri har høyrt om før. Dette var tilfelle når eg starta på denne boka. Eg hadde ingen anelse kva sjanger som ventet på meg, men det tok ikkje lang tid før innhaldet penset over på det psykologiske planet.

Me fylgjer fleire personer, men det er fyrst og fremst Oliver og Sara me fylgjer tettest. Oliver er 35 år og arkitekt. Eller det vil seie at han seier han er arkitekt… Han har arva huset etter foreldra, og no sitter han på ein utestad og har peikt seg ut Sara som sin «utvalgte» partner. Sara på sin side er singel, jobber i klesbutikk og er i 30-åra ho også. Ho setter seg ved bordet til Oliver, og frå den dagen av, så er det de to. Men kva hemmeligheter er det de egentlig skjuler for kvarandre?

Jeg kjente ham knapt, men jeg følte meg ensom den sommeren, før jeg traff ham. Da alle dro på ferie, hadde planer eller var forelsket. Oliver kom akkurat når jeg trengte det.

Camilla er barista, har to barn og er gift med Ole. Men også her er det ting som holdes skjult for kvarandre, og når det ein dag kjem fram i lyset, så får både den eine og den andre kjenne på konsekvensene av tidligere handlinger. Er kjærleiken til kvarandre stor nok til at dei kan gå videre?

Sara er jeg-personen i boka. Forfatter har valgt henne som den fremste hovedkarakteren blant dei andre hovedkarakterene. Sara er kanskje ikkje den mest interessante av dei, men det er ho som opplever mest, så eg skjønner dette valget.

Moen rusher innhaldet i starten. Det går fryktelig fort unna, og som lesar følte eg at eg hadde gått glipp av ein del av innhaldet. Det gjeres ein del store hopp, og ein sit der og lurer på kva som egentlig skjedde nå. Dette er nok også eit bevisst valg frå forfatter si side, for å skape ein viss forvirring, og mystifisere karakterene som ho seinere skreller av lag for lag.

Me får ta del i bruddstykker frå barndommen til Oliver. Ein barndom som definitivt har formet han til den personen han er idag. Ein god oppbyggende bakgrunnshistorie som inneheld ei fin nerve boka gjennom.

Boka er lita av format. Men sjølv ei lita bok kan romme eit stort og godt innhald. Så ikkje la deg lure av formatet.

Det er mange skadede personer i boka. Og med skadede, så meiner eg at dei har opplevd ting og gått gjennom ting som dei strengt tatt ikkje burde oppleve. Arr på sjela og skjeletter i skapene, skaper ein uhyggelig atmosfære i romanen. Moen viser kva eit oppvekstmiljø kan gjere med ein person, og ho skildrer blant anna skakkjørte familieforhold på ein meget solid og truverdig måte.

Kanskje har hun ikke funnet kjærlighet i løpet av disse årene. Kanskje er hun skilt. Han husker henne som slående vakker, og han kan ikke tro at dette er alt livet hennes er nå, men hva vet han egentlig om livet hennes?

Litt tilbake til det eg skreiv om at Moen rusher ting. Etterkvart som ein les, så legg ein merke til at forfatter går tilbake i tid, og hvertfall delvis tetter desse hulla som har oppstått. På denne måten får me i ettertid vite kva som har skjedd, og ein skjønner derfor kvifor ting skjer som dei skjer, om enn litt i bakkant av historia. Det fungerer på sitt forunderlige vis godt, og det held oppe spenningsnivå og den berømte bankende nerven i historia.

Menn som speler på det psykologiske og kvinner som er hatefulle, er aldri ein god kombinasjon. Her får me ein fin miks av dette, og forfatter overrasker stadig med sitt innhald, og klarer å gjere lesar forvirra. Det som i utgangspunktet så klart ut, er nødvendigvis ikkje fasiten.

Ikkje alt er like godt forklart, (men kanskje skal ikkje alt forklares heller) og ein og anna ting kan ein stussa over, men i det heile så er det ei bok med eit godt driv og ein intens og spennende historie. Språket viser med all tydelighet at me har med ein debutant å gjere, men samtidig er ikkje setninger pakka inn i komplekse og sammensatte ord og vendinger. Det er eit språk som er rett fram, og som alle skjønner. Det flyt fint, og ideen bak historia er god.

Det er ein merkverdig historie i eit intenst og thrilleraktig univers. Karakterene er øydelagte på kvar sin måte, og reaksjonsmønster varierer frå person til person. Fasadebygging virker å vere eit nøkkelord blant fleire av dei, og er ein nødvendighet for å overleve kvardagen. Dette skaper usikkerhet rundt kven desse personene eigentleg er.

Det er som han fryktet. Døren hennes er ulåst. Han føler seg kvalm og lener seg mot døren mens hånden forsiktig skyver ned håndtaket.

Det er korte, men effektive kapitler. Me får forskjellige syn på samme hendelse/episode, og det fremprovoserer at ein får meir medfølelse for den eine framfor den andre. Men alle opplever det forskjellig, så det eine er nødvendigvis ikkje meir rett enn det andre. Som du sikkert forstår, så er det ein del planlagte forsøk på å forvirre leser frå forfatter si side ute å går. Og det lykkes ho med.

«Evig min» er ein psykologisk thriller som overrasker med sitt innhald. Sjangeren er vanskeleg å lykkes i, så det Lisa Moen har fått til med sin debutroman vitner om stor forståelse for sjangeren. Eg håper verkeleg at Moen bygger videre på dette, for det er ingen tvil om at denne boka gav meirsmak.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar