Ein medrivende og tidvis provoserende ungdomsroman.
- Norsk tittel: Jeg angrer ikke på noe
- Forfatter: Ida Therese Klungland
- Sjanger: Ungdom, Roman
- Antall sider: 250
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Vigmostad&Bjørke
Ida Therese Klungland (Født 1991) er blant anna forfattar, frilans skribent og litteraturformidler. Ho har tidlegare utgitt tre barnebøker om Cybjørg (2021-2023). «Jeg angrer ikke på noe» som vart utgitt i 2024, er hennes fyrste ungdomsroman.

Jeg er Jakub, og denne boka handler om meg. Tre ting du trenger å vite om meg før du leser videre: 1) Jeg tror ikke på helvete, og det er jævlig flaks, fordi jeg hadde garantert endt opp der. 2) Jeg har helt på ekte ikke følelser for Simon, jeg mener det. 3) Det ryktet om meg er sykt overdrevet.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jeg angrer ikke på noe».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein ungdomsroman som omhandler blant anna ungdommelig kjærleiksliv og det å finne sin plass i samfunnet gjennom det å vere homofil. Passar for ungdomar frå 14 år og oppover.
Me møter Jakub. Han er ein ungdom som er i konfirmasjonsalder, og som er ein utforskende person. Jakub er homofil og liker den litt eldre Simon. Men har han følelser for han? Ifølge Jakub sjølv, så har han ikkje da. Dette er ei historie som viser korleis Jakub forsøker å finne sin plass, lære seg sjølv å kjenne, og han lar seg sjølv få kjenne på følelseslivet og den stigmatiseringen som finnes i samfunnet.
Det fyrste som slår ein medan ein les, er det ungdommelige språket. Sjølv om forfattar etterkvart sjølv nærmer seg antikk ungdomsalder, så har ho jobba ti år som ungdomslærer. Her har ho nok plukka opp ein god del ting som ho har nytta i romanen. Det er eit språk som gjenspeiler både målgruppe for boka og hovedkarakterene.
Emmy vil at vi skal fortsette. Hun er psyched, skjønner ikke at jeg er pissed. Skjønner ikke at jeg ikke syns det er spennende med en død far og en halv flaske utvannet vodka.
Jakub sin avdøde far var polsk. Moren har funnet seg ein ny mann, noko som gjer til at Jakub saknar sin opprinnelige far. Dette skaper ein del friksjoner i familielivet når det oppstår krangler. Jakub har også ein bror som er 1 år yngre. Denne personen blir ein meir perifer karakter, og speler ein mindre rolle i historia. Dette viser at det ikkje er ein sammensveisa familie me møter, og det bygger også opp under den personligheten vår hovedkarakter har.
Det er tidvis eit seksualisert språk der forfatter ikkje sparer på kruttet, men samtidig unngår ho dei store detaljene. Ho fortel med andre ord meir enn nok til å skjønne kva som foregår, utan at det vert direkte vulgært. Med tanke på at karakteren etter alle solemerker er under seksuell lavalder, så bør ein også vere varsom med skildringer rundt dette.
Det er eit catchy språk, om eg skal våge meg på eit uttrykk som ein ungdom kan assosieres med. Det er ingen kapittelinndelinger, men likevel er det store avsnittsinndelinger i teksten, som gjer til at boka vert særs lettlest. Sjølv leste eg den ut på ein ettermiddag. Ikkje berre fordi den var lettlest, men også på grunn av den drivende gode historia.
Jakub slit med tanken på å konfirmere seg, og her synes eg at forfatter skriv knakende godt. Det er mange gode refleksjoner rundt dette, og for hovedkarakteren så ligg det også andre ting bak som gjer at han vegrer seg. Religion er noko som går igjen, og som danner eit fint bakteppe når hovedkarakteren forsøker å forstå konfirmasjonstida og det presten snakker om, og samtidig være ein homofil ungdom.
Men hvordan kan jeg tro på en Gud som ikke vil ha meg.
Forfatter provoserer tidvis med sitt innhald. Ho klarer å mane fram følelser hos leser, og eg er rimelig sikker på at dette er ei bok som treff målgruppa særs godt. Berre omslaget kan nok heve øyenbryna til nokon og einkvar. Den vil hvertfall bli lagt merke til i eit utstillingsvindu eller bokhylle rundt om.
Klungland har tatt ein sjanse med sin hovedkarakter. På den eine sida så er Jakub ein rebell. Ein ungdom som søker oppmerksomhet, som lever på kanten av loven, og som tidvis kan vere ein drittsekk. Å skrive om ein til dels usympatisk hovedkarakter kan bikke begge vegar. Eg merka sjølv at eg ikkje fekk den store sympatien for Jakub, men samtidig så ligg det noko uforløst i personligheten hans som ein håper skal blomstre opp. På den andre sida så skildrer Klungland ein ungdom som utforsker sin eiga seksualitet og som forsøker å finne seg sjølv i ei tid der forandringene er store. Er han verkeleg så forskjellig frå øvrig ungdom? Det er ein sterk historie som vert fortalt, og som setter sine spor hos lesaren. På godt og vondt.
Historia omhandler mykje av det ungdommer går gjennom. Dei forsøker å lausrive seg frå foreldra og barndommen, utforsker seg sjølv og samfunnet, opner augene for ei ny verd, og forsøker å gjere ting som ein nok ikkje ville gjort før eller seinare i livet. Det handler også om skulemiljø og den usymmetriske fordelinga i venskap og bekjente. I så måte føles det realistisk og truverdig. Klungland treff godt med sin tematikk og historie, og ho skriv med innlevelse og forteljarglede som også smitter over på lesar.
«Fag!» kremter en av dem når jeg går forbi, sparker grus i min retning, liksom ved et uhell. Jeg himler med øynene, men stopper ikke. Ser ikke på dem. «Jævla homo!» roper en annen.
«Jeg angrer ikke på noe» er ein medrivende og sterk ungdomsroman. Med sitt ungdommelige og særs imponerende språk, samt interessante karakterer, er dette ei bok som er vanskelig å legge frå seg. Ida Therese Klungland treff også meget godt med sin tematikk, og ho graver djupt inn i eit ungdommelig følelsesliv, slik at det føles truverdig og provoserende på ein gong. Rett og slett ein strålende ungdomsroman, som også veldig fint kan leses av vaksne!
TERNINGKAST: 5