Hjertevarm kristen barnebok med ein god tematikk og fint bodskap.
- Norsk tittel: Plass til en til
- Forfatter: Linda Andernach Johannesen
- Sjanger: Born
- Antall sider: 94
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Forlagshuset Lunde
Linda Andernach Johannesen jobber som konsulent i Misjonskyrkja UNG. Ho har utgitt to bøker for vaksne; «En kirke uten vegger» og «Hver tid teller». Ho har også utgitt to barnebøker; «1 år, 2 barn, 3 venner» og «Plass til en til».

Jørgen og Stine har kjent hverandre bestandig. De bor i samme gate, går sammen i 3B og har et hemmelig rom i hekken bak huset. En dag får Stine og Jørgen en ny venn: Carlos fra Colombia. Selv om han bor veldig langt fra Norge, finner de snart ut at de kan være venner likevel, og at de har en del til felles. Plass til en til handler om Jørgen og Stine som blir brevvenner med Carlos i Colombia. De lærer om vennskap og om å løfte blikket fra sin egen lille verden.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Plass til en til».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei kristen barnebok som passer for målgruppa 6-10 år. Det er også bok nr. 2 i serien om Jørgen og Stine. Boka kan veldig fint leses frittstående.
Jørgen og Stine er bestevenner. Dei går i samme klasse og bur i samme gate. Ein dag kjem Carlos inn i liva deira, og gjennom brevskriving på tvers av landegrenser oppdager Jørgen og Stine at ikkje alle har det like godt og trygt som dei sjølv. Og kan ein være venner med nokon ein aldri har møtt ansikt til ansikt?
Handlinga veksler mellom livet i Noreg og Colombia, og viser dei store kontrastene til Carlos vs Jørgen og Stine i Noreg. Gjennom brevskriving vert dei vert kjent med kvarandre og kva liv dei egentlig lever.
I hans bydel er gatene trange og fulle av både søppel og mennesker.
Ein fylgjer personene frå påsketider og fram til jul. Det skjer ein god del gjennom denne perioden, og det hender også ting som vil forandre livet til karakterene. Små og store hendingar som setter sine spor i dei unge sjelene. Alt er enkelt og fint forklart gjennom eit lettfattelig språk som treff målgruppa godt.
Ein finn ein del illustrasjoner som er teikna av Torkel Ekenes. Dette er herlige illustrasjoner som er teikna litt på «gamlemåten», som eg fekk litt flashback til 80-90-tallets barnebøker. Enkle, men effektfulle illustrasjoner. Eg skulle gjerne sett at det var enda fleire teikninger som delte opp teksten enda meir, for å gjere den enda meir leservennlig for born som har lært seg å lese. Slik det fremstår her, så passer boka best som høgtlesing av ein vaksen.

Her og der i boka finn ein QR-koder som ein kan lese meir om prosjekt, og sjå filmsnutter med våre tre karakterer i hovedrollen. Ved å scanne koden, så kjem ein inn på ei nettside med eit filmklipp. Det er ikkje nødvendig å nytte seg av dette, men det er ein fin avveksling og levendegjør karakterer og innhald. Eit meget godt verkemiddel som er både originalt og interessant. Kvart filmklipp varer nokre få minutt, og fungerte prikkfritt og enkelt med ein mobiltelefon/nettbrett.
Dette er som tidlegare nevnt ei kristen bok. Eg følte likevel at det kristne bodskapet kom i andre rekke, og at det ikkje er noko formanende over innhaldet. Det handler fyrst og fremst om vennskap og det å hjelpe andre, sjølv om dei kristne verdiane er til stades gjennom heile boka.
Av og til skjer det vonde ting i livet vårt. Det kan nesten føles som om noe går i stykker inni oss. Gud, som kjenner oss, er sammen med oss når det skjer, og han er med oss også når vi har det vondt.
Eg likte den fine tonen det er mellom gammel og ung i boka. Relasjoner på tvers av aldersgrupper skaper glede og rikdom i livet til karakterene. Johannesen setter søkelyset på dei viktige tinga i livet, og viser med dette at det materielle kjem i bakgrunnen. Tematikk og bodskap er enkelt, men samtidig godt forklart. Det levnes ingen tvil om kva forfatter vil oppnå med historia, og det kan forhåpentligvis også fremme tankegongen til borna om at det finnes mange som ikkje har det så bra. Både her i Noreg og i andre land.
Bak i boka finn ein også QR-koder og meir info om diverse prosjekt og fadderordninger som ein kan bli med på.
Det er ei hjertevarm forteljing, men ikkje utan såre og triste opplevingar, fattigdom og tanker som kjem fram gjennom historia. Følelser er uavhengig av alder og kjønn og mange går rundt med ein klump i magen. Forfatter viser at ved å snakke om det som bekymrer ein, så kan det hjelpe å bli kvitt klumpen i magen. Igjen så er dette noko som treff målgruppa godt.
Tankene hans er sprettballer. De farer rundt i hodet hans og skaper både takknemlighet for alt han har, og uro for alt Carlos kanskje ikke har. En liten tåre smyger seg ut av øyekroken og nedover tinningen når han lukker øynene og ber en bønn inni seg.
«Plass til ein til» er ei hjertevarm barnebok med god og velformulert tematikk og bodskap. Nytt venskap på tvers av landegrenser gjer til at borna i boka hever blikket og ser forbi eiga lykke for å gleda andre. I ei uroleg verd så er denne tematikken viktigare enn nokon gong. Passer heilt utmerket til born i alderen 6-10 år.
TERNINGKAST: 5