Ei leseverdig julebok med 24 kapitler.
- Norsk tittel: Glasskongen
- Forfatter: Inger Merete Hobbelstad
- Illustratør: Even Skaranger
- Sjanger: Roman, Jul
- Antall sider: 176
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS
Inger Merete Hobbelstad (Født 1980) er journalist og kulturkommentator i NRK. Ho har blant anna jobba som filmanmeldar og kommentator i Dagbladet. I 2016 debuterte ho som forfattar med essayet «Å leve med Shakespeare». Ho har også utgitt biografi og romaner. I 2023 gav ho ut juleboka «Glasskongen» for born og unge.

Hvorfor forsvinner folk sporløst fra Christiania rett før jul? Og hvordan kan den hemmelighetsfulle Julius Wernøe klare å lage så vakre julekuler, at Munthe-familiens glassverk holder på å bli utkonkurrert? Dette er to av gåtene unge Emilie Munthe må finne ut av i løpet av desember 1881. Emilie slår seg sammen med arbeiderklassegutten Anton, og sammen drar de på kryss og tvers i et snødekt førjuls-Christiania for å løse mysteriene. Underveis oppdager de roser som blomstrer på uforklarlig vis i snøen, magi – og hittil ukjente følelser.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Egmont Kids Media Nordic. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Glasskongen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman og julebok med 24 kapitler, og passar for heile familien.
Forfattar tar oss tilbake til 1881 og Christiania. Familien Munthe eig eit glassverk, og er i direkte konkurranse med Wernøe-familien som er i samme bransje. Det er desember, og folk forsvinn sporlaust frå gatene. Emilie Munthe aner ugler i mosen, og byrjer å undersøke saken saman med vennen Anton. Kva er det som eigentleg foregår i byen?
Boka starter roleg og introduserer karakterer på løpende bånd på ein fin måte, utan at forfatter rusher det på nokon som helst måte. Alt vert lagt opp til ein klassisk juleforteljing. Men dette er alt anna enn nettopp det.
Det var den første dagen i julemåneden, og i natt hadde det begynt å snø. Emilie Munthe satt i det store vinduet i andre etasje og så ut. Hun var nettopp fylt fjorten år, men frydet seg like sterkt over å se Oscars gate bli myk og julehvit som hun hadde gjort da hun var barn.
Innhaldet tar ein veldig uventa vending etterkvart for min del, og eg er fortsatt usikker på om eg likte det eller ikkje. Det vart overhodet ikkje slik eg såg for meg at boka og historia skulle være. Samtidig er bodskap og det moralistiske biletet inntakt, og vert ikkje påvirka av det som utspiller seg.
Me fylgjer fleire personer parallelt, der kvar kapitteloverskrift viser kven me fylgjer. Ved å vise forskjellige synsperspektiv på klasseskille og det som skjer, så kjem forskjellene tydelegare fram. Emilie kjem frå ein rik familie, og opptrår deretter. Anton derimot kjem frå ein arbeiderfamilie, der fattigdom styrer kvardagen. Når desse to møtes og vert venner, så klarer forfatter å mane fram bilete der ho speler på det enorme skiljet mellom fattig og rik på denne tida. Samtidig viser ho verdiene dei står inne for, og måten dei klarer å tilpasse seg kvarandres miljø på.
Anton trakk pusten. Noe av det han hadde likt med å være sammen med Emilie om forsvinningsmysteriet, var at han ikke trengte å tenke på forholdene hjemme. Men han kunne ikke skjule det for henne, ikke i lengden.
Illustrasjonene, som er laga av Even Skaranger, fanger datidens klesstil og uttrykk. Fleire av desse heilsides illustrasjonene er magiske og treff innertier med sin formidling, og på sitt særegne vis klarer dei å skape julemagi på den gammeldagse måten. Rett og slett eit imponerende stykke arbeid av Skaranger.
Det er ein god oppbyggende historie som utspiller seg, der ein har ein mistanke om kva som foregår. Men så skifter historia retning, og utfallet vert med eit meir usikkert.
Karakterer vert utsatt for nye utfordringer og må føle på følelser dei har undertrykt, eller ikkje våga å føle på tidlegare. Dette setter dei i posisjoner dei er ukomfortable med, men samtidig noko dei utfordres på og utvikler seg som menneske.
«Stans!» brølte han, så Laurits stanset forfjamset. Også de andre skøyteløperne stoppet for å se hva som foregikk. «Du har hånet meg for siste gang», sa Anton innbitt.
Miljøskildringene er gode, og ein ser at dette er noko forfattar har jobba bevisst med. Ved å legge ned ein god research så klarer ho å ta leser med seg tilbake til 1880-talet, og får det til å verka truverdig. Ein får dermed den gode gammeldagse julestemningen som ein kjenner att frå andre klassiske julebøker.
Det er 24 kapitler og dermed nedtelling til julaften. Lengda på kapitlene er overkommelige i ei travel førjulstid, og det er ei bok som kan samle familien til ei hyggeleg lesestund kvar dag i desember. Ikkje alt av innhald er nok like vesentleg heile vegen. Men slik er det når ei historie skal innehalde nøyaktig antall kapitler, og lengda på kapitlene er også meir eller spikra på førehand. Då blir det nødvendigvis litt fyllstoff her og der.
Boka er i stort format, og er relativ tung viss ein skal ligge å holde den oppe i lengden, særskilt for dei mindre. Men til gjengjeld får ein store illustrasjoner som gjenspeiler teksten veldig bra.
Eg liker karakteroppbyggingen og måten forfatter får vist fram heile godhetsskalaen. Nokre er direkte onde, medan andre ikkje veit kva godt dei skal gjere for andre. Og eit av bodskapa som står klart fram, er at uansett om ein er fattig eller rik så gjenspeiler det nødvendigvis ikkje personligheten…
Det vert både mystikk og spenning, og kanskje litt skummelt for dei aller aller minste. Men med ein vaksen ved si side, så tenker eg at også dei kan loses trygt gjennom boka uten videre traumer.
«Glasskongen» er ei julebok med 24 kapitler, som tar for seg klasseskille og rivalisering og får personer til å kjenne på følelser dei hittil ikkje har følt på tidlegare. Med sine magiske illustrasjoner så skapes det julemagi gjennom boka.
TERNINGKAST: 4+