Ei diktsamling som tar for seg eit levd liv, der tida er vesentlig.
- Norsk tittel: 82,91 – Tiden du får
- Forfatter: Geir Jacobsen
- Sjanger: Poesi, Dikt
- Antall sider: 90
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Lyrikkforlaget
Geir Jacobsen (Født 1976) bur i Trondheim. «Lyst mørke» som kom ut i 2021 er hans fyrste roman. Med denne vann han Årets Ulest i 2021. I 2023 gav han ut romanen «Drømmelaget», og i 2024 kom han ut med dokumentaren «Sodapop», og diktboka «82,91 – Tiden du får».

82,91 år er tiden du har til rådighet – til kamikazevinger, sommerdrømmer, doble hjerteslag, sprettballøgner, sammensmeltninger, veltetuer, brusfugler og drops i fire farger. Griper du sjansen?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «82,91 – Tiden du får».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktsamling som består av 84 dikt.
Geir Jacobsen er mest kjent for sine velskrevne romaner, så det var litt overraskende at han har begitt seg ut i poesiens verden, men samtidig gledelig å sjå at ein forfatter våger å utfordre seg sjølv.
Det er eit stilfullt og enkelt oppsett, der alle dikt har overskrifter som er ført opp på luftige sider.
Sjølve dikta er ei blanding av svevende og konkrete dikt. Dobbeltbetydninger og forskjellige tolkninger kan dermed forekomme, og det gjer også dikta til eit fint samtaleemne viss ein er fleire som les.
Forfatter nytter ofte naturen i sin metaforbruk. Det er poetiske vendinger, og ein kan sjå spor av det velkjente språket hans, som ein er blitt kjent med gjennom hans tidlegare romaner. Likevel er det ei heilt ny oppleving.
Soloppgangene biter meg i halen,
kveldene lager sirkler i stille vann,
avbrutte begynnelser står i endeløs kø
på fraløpte samlebånd
Språket er solid, og ein ser at Jacobsen er trygg på det han skriv om. Det er ingenting halvgjort med diktene, og ein føler at det er ein raud tråd gjennom diktene, sjølv om dei til tider er vidt forskjellige.
Forfatter minnes tilbake til tidligere dager/barndom. Han trekk fram dette med å være saman, dele opplevinger og ha nokon å støtta seg til når ein møter på motbør i livet. Han skildrer sommerferier der han var ung og fri for bekymringer, han skildrer tapt kjærleik, og ikkje minst så skriv han om tida. Den dyrebare tida som forsvinn som dugg for sola.
Tiden er en dristig tyv
stjeler disige morgener, mørke kvelder
og smale netter,
røver med seg minner
om det vi to en gang var
For min del så vart det nok litt vél mange svevende dikt til tider. Nokre må kanskje leses fleire gonger for å skjønne kva som ligg til grunn for dei orda som er brukt. Det tar likevel ikkje glansen frå det faktum at Geir Jacobsen er dyktig med ord, og at denne diktsamlinga kjem veldig mange til å få stor glede av.
Det handler om eit levd liv, og dens ned- og oppturer. Jacobsen er dyktig med ord, og sjølv om det kan være fleire måter å tolke diktene på, så vil dei aller fleste kunne assosiere seg med ting frå eigne liv. Det er ingen enkel oppgåve, så her har forfatter gjort ein meget solid jobb.
Det er ein del forskjellige tematikker og bodskap gjennom denne diktsamlinga, men likevel så handler det aller meste om tid. Tid står igjen som grunnmuren, uansett korleis ein snur og vender på det. Og det er ei fin og verdig avslutning på boka med diktet «82,91 – Elegi ved reisens slutt».
«82,91 – Tiden du får» er ei diktsamling om eit levd liv, der tiden står att som grunnmuren i boka. Jacobsen viser med denne boka at han behersker fleire sjangrer, og han gjer det med bravur.
TERNINGKAST: 5-