Konstabel Bannefinger og Doktor Even: Mysteriet på Fismyra Bryggeri av Kristian Mehlum Lie & June Grodatter Tryggvason

Bli med inn i eit morosamt univers i denne humoristiske spenningsboka for barn i alderen 5-9 år.

  • Norsk tittel: Konstabel Bannefinger og Doktor Even
  • Forfattar: Kristian Mehlum Lie & June Grodatter Tryggvason
  • Sjanger: Barnebok
  • Antall sider: 111
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Kontur Forlag (Lenket til Norli for kjøp)

Kristian Mehlum Lie gav ut barneboka «Konstabel Bannefinger og Doktor Even: Mysteriet på Fismyra Bryggeri» i 2021.
June Grodatter Tryggvason har stått for omslag og illustrasjoner i boka.

Konstabel Bannefinger og Doktor Even den tredje finner et mystisk kart over Fismyra Bryggeri. Det ser ut som om noen har tenkt å bryte seg inn og stjele den berømte bananbrusen med karamellsmak som lages der. Men hvem er tyvene, og hvordan kan de stoppes? Oppdraget krever full konsentrasjon fra begge to, men først må de unne seg en banansplitt i Fisbaren på Fisberg torg.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Konstabel Bannefinger og Doktor Even».

Dette er ei humoristisk spenningsbok for barn i alderen 5-9 år. Her får dei muligheten til å løysa ein politisak saman med Konstabel Bannefinger og Doktor Even. Må legge til at det ikkje er banneord i boka. Det sterkeste uttrykket er nok «Det var da som svarte».

Det fyrste som møter deg når du åpner boka, er eit tegna kart over Fisberg by. Her finn du navn som Glitrefis-fjellene, Rumpeveien og Fismyra Bryggeri for å nevne nokre. Ein treng med andre ord ikkje vere rakettforsker for å skjøna kva det går i. Det vert masse fis og promp i boka, då helst i form av navn. Det er nok eit veldig smart valg av forfattar, sidan barn i denne alderen mest sannsynlig vil huske stedsnavnene langt enklere, siden dette er morosamt og er ein humor som alle barn liker. Som vaksen kan det bli litt i overkant til tider, men litt barnlig humor har me alle godt av.

Karakterene i boka er veldig artige. Konstabel Bannefinger har f.eks 59 meter som personleg rekord på 60-meteren. Doktor Even har fått Kongens fortjenestemedalje i kvikksølv (!) for lang og tro tjeneste. Desse to går godt i hop, og danner eit radarpar, sjølv om dei er vidt forskjellige. I den andre skalaen har me den skumle Pastor Faren Frekkas. Han er ein mann som virker skummel, men er han det?
Eit anna eksempel på ein artig karakter er Rørlegger Sprekk. Navnet seier nok det meste. Med andre ord så er dei særs eksentriske og rare på kvar sin måte.

Det er eit par ting som eg stusser over, og som eg følte eg ikkje fekk skikkeleg svar på i boka. Det eine er at eg aldri heilt fekk svar på kvifor han heiter Bannefinger. Joda, ein kan jo tippe seg til det, men det hadde vert betre om det stod svart på kvitt kvifor han faktisk heiter det. Ein anna ting er ein karakter som under introduksjonen promper heile tida, og som ein kan kjenne lukta av på lang avstand. Eg føler ikkje at forfattar følger opp dette utover i historien, men dette er nok ikkje noko barna vil henge seg opp i.

Plottet er slik at barna vil klare å følge med på, og også resonnere seg fram til kva som vil skje, og kven som står bak. Dermed vil barnet få ein ekstra hyggeleg lesestund. Innhaldet er også morosamt for vaksne, så her kan ein le og hygge seg i lag. Det er slike bøker som dette som skaper gode lesestunder saman med dei yngste, og som kan vere grobunn for nye lesespirer.

«Det er ingenting som antyder at dette er en innbruddsplan» sa han og tvinnet forsiktig på barten sin. «Bortsett fra dette».
Doktor Even pekte øverst på lappen og holdt fingeren der helt til Konstabel Bannefinger lenge seg frem for å se hva det sto. «Innbruddsplan», leste han høyt.

Boka er lettlest, den er passe stor i forhold til eventuelle barnehender, og den inneheld mange illustrasjoner, som gjer den lesevennlig og følelsen av at det skjer noko på kvar side i boka.

Illustrasjonene i boka passar historia utmerket. Det er ikkje symmetriske streker eller virkelighetsnære skildringer. Men illustrasjonene lager liv i fantasien til barna, og er veldig sjarmerende å sjå på. Her har Tryggvason gjort ein kjempejobb med å få teikningene ned på eit nivå som barna kan assosiere seg med.

Konstabel Bannefinger og Doktor Even kan fort bli ein aldri så liten farsott dette året. Den er eit prakteksempel på gode valg i form av plott, navn, illustrasjoner og humor for barna, men õg for vaksne. Kjenner du eit barn i alderen 5-9 år? Sjekk ut denne boka, for den er virkelig bra. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s