Prestegårdsmordet IRL av Eva B. Gikling

Fyrste bok i ein krimserie om gravejournalisten Isa Hoven.

  • Norsk tittel: Prestegårdsmordet IRL
  • Forfatter: Eva B. Gikling
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 363
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Loquacious Publishing

Eva B. Gikling (Født 1978) er frilansskribent og eventarrangør. Ho debuterte som forfattar med ei novelle i novellesamlinga «temp2001» i 2001. Sidan den gong har ho utgitt fleire bøker på eiga forlag. I 2023 gav ho ut krimromanen «Prestegårdsmordet IRL».

Isa Hoven vender hjem til Sunndal med halen mellom beina og et knust hjerte. Hun har satset alt på kjærligheten og tapt. Tapt både kjærligheten og karrieren sin. Nå har hun sverget aldri å jobbe med en mordsak igjen. Men så skjer det et mord i Prestegården og Isa må kjempe med sin egen overbevisning. Klarer hun å sitte stille og se en uskyldig mann dømt?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Prestegårdsmordet IRL».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman og fyrste bok om journalisten Isa Hoven.

Journalist Isa Hoven flytter tilbake til Sunndal etter ei traumatisk oppleving i England. Men før ho aner ordet av det, vert ho kasta rett inn i ei drapssak gjennom sin nye arbeidsgiver, Aura Avis. Eit drap er begått i sjølvaste prestegården, og det som ser ut som ein uskyldig ung mann får mistanken kasta over seg. Isa forsøker å etterforske på eiga hand, samtidig som ho må jobbe med sine indre demoner etter det som skjedde i England…

Handlinga foregår i Sunndal, og det er ein god del miljøskildringer frå denne plassen. Eg sitter ikkje med fasiten, men eg vil tru at mange frå dette området vil kjenne seg att. I så måte vil nok desse få mest ut av plasseringa for historia. For det er ingen tvil om at her er forfattar på heimebane og kjenner godt til omgivelsene. Dette får fram gode og realistiske miljøskildringer på ein naturleg måte.

Forfatter velger å ikkje røpe kva som skjedde i England, forut for at Isa nå flytter tilbake til Noreg. Ein kan byrja å lure på om dette er bok nr 2 eller 3, for ein føler at ein har gått glipp av vesentlige opplysninger. Men eg kan berolige lesere med at ho kjem med små drypp utover i historia. Får me vite den fulle og heile historia? Det vil tiden vise.

Boka er prega av orddelingsfeil ved linjeskift. Her har nok ombrekking gått litt skeis. Forstyrrende i starten, men ein blir vant til det, og ein reagerer ikkje på det utover. Å gi ut bok på eige forlag er ein omfattende jobb, og i så måte er forfatter delvis unnskyldt her. Derimot er det ein del skrivefeil som burde ha vert luka vekk. Dette trakk litt ned for min del.

Språket er bra, dialogene er greie og særskilt dialoger der ungdom er involvert er meget bra, og plottet er grunt, men godt. Det er korte kapitler som gjer boka lesevennlig og ein kan gje seg i kast med eit nytt kapittel utan å være redd for at det blir for langt.

Det berømte bygdedyret speler ein viktig rolle i krimromanen. Tidleg får sonen i huset stempelet som morder og drapsmann. Dette øydelegg ikkje berre hans kvardag, men også resten av familien blir logisk nok sterkt påverka av dette. Ryktene går som eld i tørt gras. Men er fyren så uskyldig som Isa vil ha det til, eller har han noko med saken å gjera?

Eg likte måten Gikling speler oppunder dette bygdedyret. Moren kjenner til ryktene, og ho forsøker å nå inn til sonen ved å ha open kommunikasjon med han, tilbringe tid med han, få han til å åpne seg opp for ho. Men av ein eller anna grunn så fades dette heilt ut av historia etterkvart. Korleis dei opplever vegen vidare blir utelatt, noko eg fant litt skuffende. Når ein har så fokus på det i starten, så bør ein kjøyre løpet heilt ut og følge dette sporet boka gjennom.

Johannes gråt lydløst ved siden av henne. Karen la en arm rundt sønnen sin, og kjente til sin forundring at varme tårer trillet ned hennes egne kinn også. Men ikke en lyd unnslapp mor og sønn, sittende side om side der oppe på galleriet. Det eneste Karen Rebekka kunne høre, var lyden av hennes eget hjerte som sakte ble slitt i stykker i brystet hennes.

Isa Hovden er ein fin karakter. Ho er krimreporter og gravejournalist. Likevel så tråkker ho ikkje folk på tærne eller legg nokon sitt hovud på blokka for å få informasjonen ho treng. Ho er tolmodig og går dei «politisk korrekte» vegane for å få dette. Hvertfall i starten. Det er likevel litt tvetydig personlighet, for i det eine øyeblikket er ho klokkeklar på at ho aldri utgir sine kjelder, for så i neste øyeblikk å fortelje det.
Eg håper at Gikling faller ned på det eine eller det andre i sine kommende bøker, og at det ikkje blir så mykje vingling i det ho uttaler seg om og det ho gjer. For det er definitivt ein spennende og samansatt personlighet som eg gleder meg til å fylgje videre.

Me fylgjer fleire personer og får dermed fleire sider av saken. Dette fungerer utmerket, og samtidig skaper det eit meir heilhetsbilete av situasjon og personer. Forfatter bruke tid på å introdusere dei forskjellige karakterene. Dermed får me ein litt slow start på boka, men til gjengjeld får me eit fint inntrykk av kva personer me har med å gjere, og det er enklere å gjere seg opp ei eiga meining om kven og kvifor seinare i boka.

Hun kunne umulig ha hørt rett. Det hadde vel ikke skjedd et mord på prestegården? Dette måtte være en eller annen slags syk spøk. For det første ble ingen drept i Sunndal. Det skjedde bare ikke. Og ingen ble drept på prestegården. Ikke i virkeligheten. Slikt skjedde bare i mordmysterieromaner fra forrige århundre.

Det er nyhetsoppslag med i historia. Dette skaper ein fin og realistisk ramme rundt dette med at ho faktisk jobber i ein avisredaksjon. Samspelet med sine nye kollegaer er generelt bra, men litt smågnisninger er det i starten. Også dette føles naturleg og truverdig.

Det vert ein del synsing frå forskjellige personer sin side. Det er knapt noko form for action. Her foregår alt i rolig tempo med undersøking og intervjuer. Eg skulle gjerne sett at forfatter ikkje gjekk for mange ganger rundt grauten, men heller var meir direkte i si historie. Det ville skapt eit betre driv og tempo når actionscener uteblir.

Gikling går inn på det menneskelege aspektet. Her finn ein skakkjørte familieforhold, der ho skildrer følelser og tankebaner. Det er masse følelser i sving, særskilt blant ungdommen i bygda som har mistet ei venninne og ein kamerat som er mistenkt. Her syntes eg at Gikling kjem godt ut av det.

«Prestegårdsmordet IRL» er ein roleg krimroman med gravejournalistikk som fremgangsmåte. Med ein interessant hovedkarakter som har ein brokete fortid, så gjer det meg nysgjerrig og gjer til at eg vil lesa meir om Isa Hoven. Dette var ein bra start på ein ny serie.

TERNINGKAST: 3

Legg igjen en kommentar