Novellesamling med eit vart og stillferdig språk.
- Norsk tittel: Noveller om naturen og kjærleiken
- Forfatter: Marit Olaisen
- Sjanger: Noveller
- Antall sider: 139
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Liv Forlag
Marit Olaisen (Født 1946) har tidligare vert bibliotekar ved forskjellige bibliotek både innenlands og utenlands. Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2019 med novellesamlinga «Inn i løynde rom». Sidan har ho gitt ut «Åleine» (2020) og «Noveller om naturen og kjærleiken» (2023), også desse er novellesamlinger.

Ei kvinne dreg ein vakker mann opp av myra. Ei ung jente busett i ein trong dal lengtar etter havet. Ei eldre kvinne driv med paragliding, men må løyne det for mannen som som er livredd. Ein ung gut dreg til fjells og gøymer seg for menneska ikkje kan akseptera han slik han er. Ein kornåker gror og blømer i takt med bonden og kjæresten sin kjærleik. Ei byjente blir redd for, fascinert av, og dragen mot den store, opne fjellvidda. Det er om kjærester, det er om kjærleik, det er om skog og fjell og hav og himmel. Naturen sin innverknad og påverknad på menneska og dei menneskelege relasjonene er eit gjennomgåande tema. Naturen kan vere ein ven, naturen kan vere en fiende. Naturen kan helbrede, naturen kan drepe.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Noveller om naturen og kjærleiken».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei novellesamling på nynorsk og handlar om samspelet mellom menneske og natur på godt og vondt.
Boka inneheld åtte noveller. Alle vidt forskjellige, men samtidig er dei like i sin formidling av bodskap. Forfatter nyttar naturelement som overskrift og grunnmur for sine noveller.
Olaisen nyttar kjærleiksspråket og samspel mellom mennesker og natur i sine noveller. Det er eit vemodig og stille språk. Nesten som det bikker over til det melankolske. Det handler mykje om nyvunnet kjærleik, tapt kjærleik, einsemd og forelskelse.
Den svarte skapnaden der nede fekk auge på han, stogga litt nølande, kom så sakte oppover mot han. Og ei glede hogg til i brystet hans. Det var ho! Ho kom til han! Men ho stogga rett framføre han, såg opp mot han, og andletet var ein knute av fortviling.
Dette var ei roleg og avslappende lesestund, sjølv om innhaldet til tider kan være mørkt. Men måten Olaisen nyttar naturelementer gjer til at roen senker seg hos lesaren. Assosiasjoner kjem til overflata, og sjølv om livet til karakterene foretar drastiske omveltninger, så står naturen der i sin samme prakt.
Dei fleste hovedkarakterene er kvinner. Kvinner som står sterkt, men som likevel er skjøre på kvar sin måte. Eg likte måten ho har snudd om på «rollene» i eit parforhold. I den eine novella er det mannen som sit heime og anker på kvar kona er. Ein mann som vil ha det slik som det alltid har vert, medan kona har lyst å leve ut sine draumar. Ein meget solid novelle, som også var min favoritt.
Det er mange skjebner som forsegles under Olaisens stødige forfattarhand. Det menneskelige aspektet står sterkt, og nokre vert tynga ned av sin partnar, medan andre står på eigne bein. Felles for dei alle er at naturelement er med på å prega dei som menneske.
Sidan det er noveller, så får ein veldig ofte opne og overraskende sluttpartier. Så også her. Dermed er det alltid spennende å sjå korleis ein forfatter løyser problematikken i novella. Ikkje alle noveller var like interessante og medrivende, sidan enkelte skildringer førte til kjedelige partier, men det er ingen tvil om at me har med ein erfaren forfattar innan novellesjangeren å gjera.
Naturskildringer er solide og står fjellstøtt i alle dei åtte novellene. Forfatter skildrar støy og larm, men også stillhet og ro. Ytterpunktene er dermed til stades og skaper ein fin veksling i dei forskjellige novellene. Olaisen nyttar verkemiddel som det luftige og opne havet, og den mørke, klaustrofobiske skogen.
Og der var havet! Heile vide havet mot henne, slo mot henne, brusa mot henne, bergtok henne, havtok henne. Ho sprang og sklei nedover og utover. Heilt ut til bylgjene sprang ho, stogga, såg, høyrde, kjende. Og det var berre hav og himmel, alt anna kvarv. Berre ho og hav og himmel. Og bruset i øyro, i hovudet, i kroppen.
Eg likte måten Olaisen blender inn naturen i eit menneskets kjærleiksliv. Menneske og natur går hand i hand både bevisst og ubevisst, og det har det gjort i fleire tusen år. Men kan det spele inn i personers kjærleiksliv? Etter å ha lest denne boka, så er mitt svar eit rungende ja. Tematikk og bodskap kjem godt fram gjennom det vare språket til forfatter.
«Noveller om naturen og kjærleiken» er ein stillferdig novellesamling med motsetninger og ytterpunkter. Marit Olaisen nytter eit vart og nesten malerisk språk, som gjer dette til ei roleg og avslappende lesestund på tross av eit noko mørkt innhald her og der.
TERNINGKAST: 4