Mytteriet av Tore Johansen

Originalt fortalt krimroman med ein særs karismatisk hovedkarakter

  • Norsk tittel: Mytteriet
  • Forfatter: Tore Johansen
  • Sjanger: Krim, Spenning
  • Antall sider: 477
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Books on Demand

Tore Johansen (Født 1963) er tidlegare snekker og bilmekaniker. I 2023 gav han ut krimromanen «Mytteriet».

Møt Arnt Arntzen. En «hvit, middeladrende mann» som alltid har fulgt reglene. Alltid holdt seg på den riktige siden av loven. Alltid gjort det som har blitt forventet av ham. Den perfekte ektemann. Den perfekte arbeider. Likevel har han mistet alt. Familie. Firma. Penger. Ære. For å holde et selvpålagt løfte, tar han et risikabelt oppdrag. Blir lurt. Og havner i fengsel. Sju år seinere bestemmer han seg for å ta hevn. Prisen er høy. Raskt blir han Norges mest ettersøkte mann. Men Arntzen har to ess i ermet: En vietnamesisk kassadame. Og en norsk hotellmilliardær.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mytteriet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman der ein kun fylgjer jeg-personen gjennom heile boka.

Forfatter drar leseren rett inn i handlinga frå fyrste side av ved å nytte Arnt Arntzen som auge og stemme til historia. Dette er meget originalt, men det gjer innhaldet langt meir interessant med umiddelbar virkning.

Arnt inviterer oss inn i heimen sin, og denne karakteren snakker direkte til leseren, og kommuniserer med meg som leser. Fascinerende og artig måte å fortelje sin historie på. Men det funker. Minuset er at ein får historia servert kun sett frå Arnt sitt ståsted, og i så måte veldig ensidig. Dette vert meir og meir synleg utover i boka.

Så tenker du sikkert at jeg bare kan låne noen spenn – det er jo flust med firmaer som driver med sånt. Eller prøve å få NAV til å kjøre opp dagpenga. Eller ta noen drittjobber. Så jeg i det minste har til salt i såret. Og alt det der tror du ikke jeg har gjort, din fjott? Eller kanskje du trenger en forklaring på hva drittjobber er i Norge?

Hovedkarakteren er altså Arnt Arntzen. Han er tidlegare mekaniker, men no arbeidslaus. Han har passert 59 år og er ein sjølvutnevnt rasshol og rasist. Fyren er direkte usmakelig og usympatisk. Hvertfall ved fyrste augekast. Etter å ha blitt lurt i eit oppdrag han tok på seg for å tjene raske penger, og sidan havna i fengsel på grunn av dette, så er tida no kommet for å ta hevn.
Etterkvart så finn ein fleire positive sider ved denne karakteren. Gjennom store deler av romanen så vippa eg mellom å like og mislike denne karakteren. Ein blir liksom aldri heilt klok på ham, sjølv om me kjem godt under huda på personen. Han vert med andre ord både likt og mislikt av lesaren.

Språket er forfriskende og alt er fortalt gjennom jeg-person som forteller kva som skjer til deg som les boka. Arnt nytter ofte mørk og ironisk humor i sin kamp for å få sin hevn. Eg må også legge til at det er eit røft språk som kan være støtende og som inneheld brutale og blodige skildringer.

Nå tenker du kanskje at jeg skal legge meg i bakhold. Snike meg innpå dem. Noe sånt tull. Nei, du kjenner meg nå. Jeg er’ke typen som driver med indianergreier. Eller, forresten, det er jeg jo. Ikke engang Tonto kunne ha gjennomført et mer vellykka knivangrep.

Det er mange drap og voldelige nærkamper, men likevel vipper det aldri over til å bli bestialsk. Det er ein naturleg utvikling i forhold til ein dynamikken i historia. Drivet er godt, særskilt i starten, då det skjer noko heile tida. Utover i romanen så går det meir i bølgedaler, noko som også føles naturleg all den tid Arnt ikkje lenger er åleine, men har fleire personer å forholde seg til.

Hovedkarakteren fortel villig vekk frå sitt liv, men samtidig er han klar på at han held ting tilbake for leseren. Noko for ikkje å «kjede» leseren, andre ting for at «det har du ingenting ting med» -mentalitet. På denne måten held forfatter likevel litt på mystikken rundt denne merkverdige karakteren.

Det er lite politi involvert. Eller det vil seia, dei har ein særs viktig rolle i romanen, all den tid dei er i hælene på Arnt. Det er hvertfall det han trur. Som leser får me kun hans side av saken, og då ser me den konstante og intense følelsen av å være jakta på. At politiet kan stå og vente på ham rundt neste sving, bak neste dør… At han aldri føler seg trygg og nervene er dermed i helspenn.

Det er ingen bi-historier i denne romanen. Dette er ein lineær forteljing som fylgjer ei slavisk tidslinje, og i så måte slepp ein unødvendige hopp att og fram i tid. Forfatter har lagt inn cliffhangere som vert avslørt meir eller mindre i fyrste linje i det nye kapittelet. Dette er nedsiden av å ikkje ha bi-historier. Spenningsmomentet vert dermed avslørt med ein gong, men gir samtidig ein grobunn til å fortsetje inn i neste kapittel.

Det er ein god del kjendiser nevnt i romanen. Nokre får passet sitt påskrevet, og nokre er omskrevet, men det levner likevel liten fantasi for å skjønne kven den store inspirasjonskjelde bak karakteren er. Eit fiffig verkemiddel som gir ekstra liv til historia.

Ein del veiskildringer vert det etterkvart. Noko som er direkte uinteressant for den som ikkje er lokalkjent. Om ein køyrer til venstre eller høgre i eit kryss er for ein utenforstående til lokalmiljøet revnende likegyldig. Men sjølvsagt, for den som kjenner til området så er det heilt sikkert langt meir spennende.

Deretter cruiser vi inn på Riksvei 350. I retning Hokksund. Etter noen kilometer, ved Snyta, svinger vi til venstre. Drar på bortover Busundveien. Forbi Røssholmstranda. Gjennom skauen til Busund. Etter brua tar vi til høyre. Bortover Norderhovsveien.

Det er ein god del action og spenning som driver romanen framover. Her og der drar forfatter tempoet ned til roman-nivå, men i det store og heile så er det god fart over det som skjer.

Eg likte måten hovedkarakteren stadig trekte sin avdøde far inn i tankene sine ved å tenke tilbake på alle dei gode og mindre gode visdomsorda og rådene han gav til sonen sin. Nokre av dei er faktisk livreddende, medan andre berre skaper meir problem.

Samhandling og dialoger mellom karakterer føles dynamiske og naturlige, sjølv om det er ein real røverhistorie me får servert. Særskilt er det den vietnamesiske kassadama som tar stor plass i historia. Ho har ein fortid som er tøff, eit levekår som er beinhardt og ein familiesituasjon som er uholdbar. Arnt tar ho under sine vinger, samtidig som han trekk ho inn i «krigen» mot sine motstandere. For hennes del vert det som å velge mellom pest eller kolera. Men det er noko fascinerende med heile den samhandlinga og forholdet mellom dei to.

Omslaget på boka gjenspeiler overhodet ikkje innhaldet. Metaforisk sett så er den spot on, men der omslaget viser palmer, speilblank sjø og varme, så er innhaldet bekmørkt og fylt av drap og hevngjerrige voldshandlinger.

«Mytteriet» er ein forfriskende og originalt fortalt krimroman. Med sine 113 kapitler er det ei lettlest bok med eit valdelig innhald. Med ein særs karismatisk hovedkarakter som alltid har ein plan på lur, ei kassadame som er villig til å ofre livet sitt for sin datter, og ein kidnappa, vrang og vanskelig hotell-konge, er dette ein krimroman som ein ikkje aner utfallet av. Rett og slett ein røverhistorie utan sidestykke.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar