Ein sterk diktsamling om sorg og sakn etter ein kjær person.
- Norsk tittel: Himmel møter jord
- Forfatter: Rebecca Blix
- Sjanger: Dikt, Poesi
- Antall sider: 49
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Rebecca Blix
Rebecca Blix (Født 1976) har alltid hatt stor lidenskap for å skrive. Ho har tidlegare skrevet noveller for magasiner. No er ho forfattar og frilansskribent for eget firma. Ho har gitt ut diktsamlingsbøkene « Kjærligheten dør aldri» (2020), «Flammevinger» (2021) «Hjerteslag» (2022) og «Himmel møter jord» (2023).

Jeg ser på det vakre stjerneskuddet
Som flyr over himmelen
Og jeg ønsker meg deg
For av og til
Så er det det umulige
Det helt uoppnåelige
Som man trenger aller mest
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Himmel møter jord».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein diktsamling som inneheld 23 dikt, og er Blix sin fjerde diktsamling.
Som i sine tre foregående bøker så er det saknet etter sin store kjærleik, som gjekk bort så altfor tidleg, det handler om. Å kjempe mot sorgen, saknet og den smertefulle kvardagen som til slutt innhenter ein.
Omslaget er berre magisk. Her er det mange metaforer i detaljene og det er lagt ned eit stort arbeid i det visuelle. Rett og slett eit blikkfang som gjer til at ein ubevisst tar den opp og blar i den.
I all hovedsak er det dikt på annenkvar side, så nokre blanke sider vert det. Men det er eit system i det og det oppleves stilrent. Sjølve dikta er plassert midt på sida, og fyrste setning står med store bokstaver.
AV OG TIL FØLER JEG NÆRVÆRET DITT SÅ STERKT
At jeg blir forundret
Når jeg strekker hånden ut etter deg
Og bare møter tom luft
Blix skriv fri-dikt og i forklarende setninger. Det er med andre ord veldig få svevende og uklåre dikt. Forfatter veksler mellom å skrive om når hennes kjære var i live, og saknet og smerten etter hans bortgang. Ho ser tilbake på når dei møttes og tida rundt det.
Det er personleg. Det er hennes smerte. Det er hennes sakn. Men samtidig er følelser allemannseie, og alle har opplevd følelsen av sorg og sakn på eit eller anna vis. Assosiasjonene kan være så mangt, men orda vil treffe deg som eit hammerslag.
TENK OM JEG BARE KUNNE
Strekke opp armene
Og dra himmelen ned til meg
Da hadde jeg aldri behøvd å savne deg igjen
Blix er dyktig med ord. Dyktig til å skildre følelser og sette ord på det som er vanskeleg. Alle ord og setninger er veloverveide og ho har stålkontroll heile vegen. Det er rett og slett ein sterk og rørende diktsamling som setter følelser i sving.
Det som kjenneteikner Blix sine bøker er at ho er ærleg med sine følelser. Ho legg ikkje lokk på dei, men bruker heller dikt og poesi til å skrive dei ut av sitt indre. På denne måten er ho ei stemme utad til alle som har mistet ein nær og kjær.
«Himmel møter jord» er ein fin, men også hjerteskjærende sterk diktsamling om sorg og sakn etter sin store kjærleik. Rebecca Blix har nok ein gong skrevet seg inn i minnet til leser og satt djupe spor etter seg. Av og til vert ord fattige, dei må berre oppleves. Så også her. Les bøkene hennes og du vil forstå kva eg meiner. Anbefales på det varmeste.
TERNINGKAST: 5+