Ein sterk roman om gateborn-miljøet i Bolivia.
- Norsk tittel: Elefanter dør alene
- Forfatter: Hanne Hellvik
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 173
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Mundo Forlag
Hanne Helvik (Født 1988) har dei seinere åra jobba som journalist. Hennes debutroman var «Tilgi dem ikke» frå 2021. Ho har også utgitt barneboka «Da pappa ble syk». I 2023 gav ho ut romanen «Elefanter dør alene».

Valeria ender opp på gata i Cochabamba etter at faren dør og moren lar en voldelig mann flytte inn. Livet nederst på rangstigen i det bolivianske samfunnet er hardt, men Valeria mister aldri håpet om noe bedre. Alt hun ønsker seg er en seng å sove i, nok mat og litt verdighet. Selv slike enkle mål viser seg krevende å oppnå. Elefanter dør alene gir et innblikk i boliviansk kultur og hva det vil si å være prisgitt andres velvilje i en urettferdig verden.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Elefanter dør alene».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som er inspirert av verkelege hendingar frå gatemiljøet i Bolivia.
I denne historia vert me kjent med Valeria. Ho er ei ung kvinne som har hatt ein tøff oppvekst, der faren drikker seg ihjel, og moren finn seg ein ny mann tre veker etter begravelsen. Denne fyren er både voldelig og utnytter Valeria seksuelt. Etterkvart ender Valeria på gata i Bolivia. Eit miljø som blir ein stor prøvelse, der forskjellen på liv og død er meir basert på flaks og uflaks enn noko anna. Samtidig er det også eit sterkt samhald der dei passar på kvarandre. Men kor djupt stikk eigentleg tiltrua til kvarandre?
Elefantgravplasser kaller de slike hostel. For når elefanter skal dø, trekker de seg tilbake og lever sine siste timer helt alene. Egoister er de som tar det samme valget som Papá. Han klemte meg ikke engang farvel.
Det er ein sterk historie Hellvik har skrevet, og når ein i tillegg veit at den er basert på verkelege hendingar, så setter den seg litt ekstra i minnet. Forfattar har budd tre år i Bolivia, og i den perioden jobba ho med gateungdom. Dermed har ho eit godt innblikk i dei faktiske forholda, noko som også vises att i teksten.
Det er ein del bolivianske ord i teksten. Eg fant ut når boka var ferdiglest at det står ei ordliste med forklaringer bak i boka. Her kunne det kanskje fungert best med fotnoter på sidene, slik at ein slepp å lure på/ bla seg bak i boka for å tyde ordet. Framdrifta stopper litt opp når desse orda kjem på rekke og rad.
Jeg finner en stein, på størrelse med en pasancalla og kaster den etter bilen. Klinket når meg, før han forsvinner i mengden.
Forfatter skriv om eit klasseskille og eit splitta samfunn der dei fattige og dei som er nederst på rangstigen må klare seg på eiga hand. Hellvik skildrer gjennom Valeria at kvar dag er ein kamp for å overleve. Når i tillegg hovedkarakteren vert utsatt for traumatiske hendingar og nedverdigende forhold, så er det ikkje eit snev av stolthet igjen i ho. Kvart fiber i kroppen har meir eller mindre gitt opp livet. Kor går vegen vidare, og finnes det ein vei ut av uføret i kulverten der ho sover?
Det er ein god forteljarstemme i historia. Med gode skildringer gjennom jeg-personen får me eit tøft, men viktig bilete på kva liv gateborna lever i Bolivia. Det er til tider skremmende lesning, der ein håper at alt er oppdiktet… Noko det dessverre ikkje er.
Tatiana snorker når jeg vasker ansiktet med vannet fra et hull i den sprukne asfalten, overser oljefilmen på overflaten, dypper tannbørsten, som jeg deler med fem andre jenter, i samme skitne væske, pusser tennene, før jeg greier håret med fingrene.
Valeria er ein enkel karakter, men samtidig er ho ein samansatt person. Ho har meir enn nok med seg sjølv, men ho har òg ei vetlesøster som bur heima hos mora og den voldelige stefaren. Valeria veit av eiga erfaring kva systera går gjennom kvar dag, men har ho krefter nok til å kjempe ein kamp for dei begge? Det er ein tøff og viljesterk 17-åring me vert kjent med. Men det er også ei rådvill og sliten ung kvinne, som gjennomgår ting og hendingar ingen burde opplevd.
Ein og anna unødvendige oppramsinger er det. Som f.eks når nokon skal handle mat. Det er ikkje den store nytteverdien for lesar å få heile «handlelista» servert.
Det er ein god utvikling i historia heile vegen, der fortida heimsøker nåtida titt og ofte. Valg får konsekvenser som i det verkelege liv og det skaper eit nyansert bilete på faktiske hendingar.
Samfunnsrelaterte hendinger er fint sydd inn i historia. Her er det demonstrasjoner og uroligheter rundt Bolivias president som også når kulverten Valeria oppheld seg, og corona gjer sitt inntog i verda og også i Bolivia.
Hellvik løfter opp problematikken rundt gateborn med denne boka. Ein får eit godt innsyn i kva som skjer, og kor lite som skiljer mellom himmel og helvete for dei involverte.
«Elefanter dør alene» er ein sterk roman frå gatemiljøet i Boliva. Gjennom Valeria sine auge får me eit godt innblikk i den tøffe kvardagen, der kvar dag er ein kamp for å overleve. Hanne Hellvik skriv med stor innlevelse og sett søkelyset på eit viktig tema ved å skrive denne romanen. Forfatter har nok ein gong skrevet ei bok som setter sine spor hos lesar.
TERNINGKAST: 4+