Framoverlent i fluktstol av Truls Horvei

Ei diktsamling om blant anna dei store eksistensielle spørsmåla.

  • Norsk tittel: Framoverlent i fluktstol
  • Forfatter: Truls Horvei
  • Sjanger: Poesi, Dikt
  • Antall sider: 80
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Kapabel Forlag

Truls Horvei (Født 1957) er forfattar og tidlegare journalist. Han har studert litteratur ved Universitetet i Bergen. «Frostskrift» (2020) er Horveis niende diktsamling. Den fyrste, «Havfruehester» kom ut i 1988. Han har óg gitt ut to ungdomsromaner, «Blå stenger» (1994) og «Siste kvelden» (1996). I tillegg har han laga seks CD-er med poesi og musikk. I 2021 kom han ut med diktsamlinga «Noen gram stillhet», og i 2023 gav han ut «Framoverlent i fluktstol».

I Framoverlent i fluktstol skriver Truls Horvei om å bevege seg i den norske sommeren, om en tur til Nice. Han gjør dykk i barndommen og ungdomsårenes usikre tid. Diktene handler om eksistensielle spørsmål som liv og død, aldring, om Gud og om kunst. Om å roe ned, samtidig som du har en rastløshet du aldri blir kvitt.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Framoverlent i fluktstol».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling som består av 50 dikt og som har eksistensielle spørsmål ved seg.

Det slo meg tidleg at dette er ein erfaren poet som leikar seg gjennom poesiens verden. Det er konkrete dikt med ei historie bak, og Horvei viser sitt gode ordforråd og er flink til å bruke metaforiske vendinger.

Horvei har i enkelte av dikta gått tilbake tilbake i tid og mimrer om oppvektsåra og dei usikre tidene rundt ungdomstida. Han er flink til å setje ord på det som var, og det går av og til over i det melankolske.

Det er fleire kvardagsdikt som mange nok heilt sikkert kan assosiere seg med. Det er ektefelle, born og barnebarn som opptar ein god del av tida. Gjennom barnebarna så opplev ein gjerne å finne den barnlige gleden på nytt. Sjå ting i eit nytt perspektiv når ein kanskje har grodd seg litt fast. Ein kan savne det som ikkje er.

det er fine øyeblikk
et lekende barn i gult regntøy
en latter som kjører moped gjennom hjertet
to som kysser hverandre midt i livets veikryss
ulovlig og hemmelig

Frå diktet «Katalogisk».

Om det er sommer, sol eller regn. Om ein sit heime i fluktstolen eller er på ferie i Nice, så handler det om å gripe dei små augneblinka. Løfte blikket og sjå seg rundt, kjenne på luktene, lytte til det rundt deg, og sjå folk og natur for det det er. Dette er noko av bodskapet i diktene.

Hvis det regner
enda en dag, gå ut
omfavn dråpene,
regndrysset, sildrende nedbør
nedover ansiktet

Frå diktet «Regn».

Livet og døden, véret og norsk natur er ein gjennomgangsmelodi. Nokre av dikta heng også saman. Med sin forklarende tekst og tydelige metaforbruk sit ein att med eit forteljande bodskap.

Det er eit relativt vidt spekter av tematikk, sidan forfatter er gjennom ei reise i tid og opplevingar. Frå å sjå seg tilbake til å heve blikket og møte sen ubarmhjertige alderdommen. Det er stilrent, vakkert og tankefullt.

På besøk hos slekt
gløtter jeg inn i baderomspeilet
jeg sier: det er noe galt med
speilet
jeg ser dradd ut og eldre enn i går
et skritt nærmere dødens venteværelse

Frå diktet «Speilet».

Horvei er dyktig til å skrive dikt som leser kan ha eit forhold til. Det går på alt frå dei store eksistensielle spørsmåla, til dei små tinga i kvardagen. Ved å veksle mellom dette så vert det aldri einspora eller kjedelig, sjølv om noko er henta ut frå eit levd liv til ein person ein aldri har møtt.

«Framoverlent i fluktstol» er ein fortreffelig god diktsamling som er innom alle stadier i livet. Ved å bruke naturen og konkrete metaforiske vendinger, så er dette noko alle har eit forhold til, på den eine eller andre måten. Det er stillferdig og stilreint, men samtidig er det noko slepphendt og litt humoristisk blanda inn i det store biletet. Meget godt utført.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar