Ein medrivende og engasjerende ungdomsroman.
- Norsk tittel: Jernfuglen Hexodemonica
- Forfatter: Hildegunn Bjelland
- Sjanger: Ungdomsroman
- Antall sider: 203
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: CreAlea Forlag
Hildegunn Bjelland (Født 1980) gav ut barneboka «Krabben Klara og konkylien» i 2019. Bjelland har også medvirket i fleire antologier. I 2023 gav ho ut ungdomsromanen «Jernfuglen Hexodemonica».

Sommerferien nærmer seg på Oddaskogen skole, men ukjente mysterier skjuler seg i mørket. Hvorfor sniker en kappekledd skapning seg rundt utenfor skolen? Og hva står det på plakaten han henger på tavlen utenfor svømmehallen? Einar er forelsket i bestevennen sin, Dorotea. Hva skjer når Georg, den nye, populære gutten i klassen, blir forelsket i henne? Er den mystiske jenta som Einar møter i skogen virkelig, og hva skjer når han ikke hører på advarselen hennes? Etter hvert legger Einar ut på en farefull ferd, men han er slett ikke alene om å være i fare på reisen. Klarer han å stoppe de mørke kreftene, før det blir for seint…for alltid?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. (Eg må også legge til at dette er ein lokal forfatter). Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jernfuglen Hexodemonica».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein ungdomsroman som er innom fleire sjangrer undervegs i historia.
Einar er hovedpersonen i romanen. Han er ein ungdom som vert mobba og har nesten ingen vener, bortsett frå Dorotea. Dorotea går i samme klasse, og er den einaste som står opp for Einar når han treng det. No har det byrja ein ny gut i klassen. Ein gut som det virker som Dorotea har eit godt auge til, til Einars store fortvilelse. Men dette er ikkje det einaste problemet Einar har, for det byrjar å skje mystiske ting i nærområdet hans.
Plutseleg ein dag er det ein kappekledd skapning som sniker seg rundt utanfor skuleområdet og heng opp ein plakat. Og Einar ser ei mystisk jente omtrent på sin eiga alder i skogen. Dette er starten på nokre særs dramatiske dagar som skal snu livet opp-ned for mange.
En skikkelse trådte fram mellom trærne. Det så ut som en jente på min egen alder. Hun hadde blekt ansikt og stirret på meg uten å blunke. Den hvite kjolen hennes rørte seg så vidt i vinden. Så snudde jenta seg, og forsvant inn mellom trestammene.
Det vert umiddelbar sympati overfor Einar, når forfatter skildrer ein mobbeepisode. Som leser så er det vondt å lesa om når han vert utsatt for grov mobbing på bassengkanten på skulen, og læreren berre snur ryggen til. Dette er eit godt verkemiddel frå Bjelland si side, og ho drar dermed leseren rett inn i sitt univers og ei tøff ungdomstid.
Gjennom karakterregisteret så har forfatter klart å fange dei to ytterste motpolene. Det vert det gode mot det onde. Ein vil som oftest at det gode skal vinne mot det onde, men det er ikkje alltid det er ein realitet. Så eit av spenningsmomenta er kva kurs Bjelland har staket ut i sin historie.
Historia starter på skulen i eit variert klassemiljø. Ein lett og fin introduksjon til dei viktigste karakterene kjem fortløpende utan at ein på noko som helst måte får dei tredd nedover hovudet. Dette er absolutt eit stort pluss, og leser kan dermed verta litt kjent med vedkommende før nestemann på lista dukker opp.
Historia ender heilt annleis enn den starter. Frå byrjing til slutt så endrer boka fullstendig karakter. Ved å begi seg inn på fleire sjangrer undervegs, så er det nesten som ein lurer på om det er samme bok når siste side er lest. Det er fascinerende og veldig smart… Viss ein får det til… Og det gjer Bjelland.
For bare to dager siden hadde jeg vært redd for juling i friminuttet. På bare to dager hadde alt forandret seg. Alt som hadde vært viktig for meg da, betydde ikke noe lenger.
Det er korte kapitler og gode cliffhangere. Dei aller fleste vert riktignok avslørt i dei fyrste setningane i det neste kapittelet. Men det er eit såpass godt driv i historia, at ein klarer likevel ikkje å slutte å lese. Ein «må berre» lese eit kapittel til… Og det er eit teikn på at forfatter har gjort det aller meste riktig.
I boka er det også enkelte illustrasjonar. Desse er teikna av dottera til forfatter, nemlig Malin Bjelland Lundal. Illustrasjonene har stort sett tjukke markerte streker som rammer inn teikninga. Alle teikningene er i svart/kvit og er litt mørke og dystre, og som gjer til at dei passer ekstra godt inn i historia. Boka er på ingen måte overlesset av illustrasjonar, men desto artigere er det når det dukker opp ein. Utførelsen er meget bra, og gir historia ein ekstra dimensjon.
Eg sakna meir informasjon om karakterene, og då tenker eg fyrst og fremst på utsjånad, alder osv. Det er ein teikning og to litt ut i boka som ein kan feste seg ved, men eg skulle gjerne sett at ein fekk eit ansikt klistra til navnet allereie frå starten av.
Forfatter er innom blant anna kjærleik og venskap. Den fyrste store kjærleiken, den nervøse spenninga og den gode tryggheten det er å ha ein god ven som ein kan stola på. Men dette er berre ein brøkdel av innhaldet. For her kjem ein inn på det overnaturlige, det paranormale, og/eller det utenomjordiske og eg veit ikkje kva. Ved å bruke fleire sjangrar som roman, spenning, sci-fi og thriller-element, så har Bjelland plutseleg mange strenger å spele på. Og det vert aldri kjedeleg. Når det i tillegg kjem enkelte tvister og overraskelser så har timene flydd avgårde, og boka er ferdiglest.
Det er særskilt i sluttpartiet at boka skifter fullstendig karakter. Her er det hektisk og veldig masse som skjer på ein gong. Men samtidig er den oppklarende og oversiktlig.
Det var enkelte partier der eg satt og lurte på kva i alle dager er det som foregår. Eg var like i villrede som hovedkarakteren sjølv. Og det var faktisk meget fascinerende. På denne måten så var me på mange måtar saman om det som skjedde. Eg kunne setje meg inn i hans perspektiv og ståsted på ein naturleg måte.
Det lange, brune håret hennes hang etter henne som et slep, idet hun ble slengt fra side til side oppe i luften. Hun brølte, prøvde å kjempe seg fri, sparket vilt med beina og viftet heftig med armene. Det var til ingen nytte, hun kom seg ikke løs.
Enkelte dialoger innehar ein form for bergensdialekt. Den er i likhet med språket generelt veldig forenklet, slik at det ikkje er noko problem å tyde det som står. Historia er skrevet i jeg-format, og den fylgjer ei slavisk tidslinje. Her er det dermed ingen hopping att og fram i tid. Hvertfall ikkje i utgangspunktet.
Språket er godt og det treff målgruppa. Bjelland har ikkje rotet seg inn i nokon som helst form for framandord eller unødvendige tunge utgreiinger. Her er språket enkelt og dempet, og ein kan dermed fokusere på det som er det viktigste, nemlig handlinga. For det er ein utsøkt historie som engasjerer og gir liv til fantasien.
«Jernfuglen – Hexodemonica» er ein ungdomsroman med eit særs godt driv og innhald. Med ytterpoler blant karakterene, gode tvister og eit innhaldsrikt univers, er dette ei bok som aldri vert kjedeleg. Denne romanen holder eit meget høgt nivå, og kan også veldig fint lesast av vaksne. Denne bør du definitivt sjekke ut.
TERNINGKAST: 5