Ei strålende bok for barn og unge, der den samiske kulturen står sterkt.
- Norsk tittel: Máhtte og nordlyset
- Forfatter: Elena Guttormsen
- Illustratør: Jane Helén Klepp
- Sjanger: Barn, Unge
- Antall sider: 145
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Gaveca Forlag
Elena Guttormsen (Født 1983) er utdanna klassisk pianist og jurist. Ho debuterte som forfattar med barneboka “Espen og de hoppende dinosaurene” i 2021. I 2023 kom ho ut ked sin andre barnebok, nemlig “Máhtte og nordlyset”.
Jane Helén Klepp er illustratør, billedkunstner og sjukepleier, og har bidratt med illustrasjonene til denne boka.

Følg Máhtte fra hans eventyrrike i nord, på vidda med reinsdrift og et liv med sin samiske far og slekt, til oppbrudd og møte med et annet samfunn og en annen kultur i Sør-Norge. Vi følger Mahttes utfordringer på godt og vond ved det å tilpasse seg storbylivet og en verden fjernt fra den mektige vidda i Finnmark, mysteriene og naturen. En fengende og spennende reise til han igjen forenes med sin samiske slekt og livet på vidda.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Máhtte og nordlyset».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei bok som passar for barn og unge frå 9 år og oppover.
Máhtte bur saman med mamma og pappa i Kautokeino. Her er han med faren på vidda, og har gode vener. Så skiller foreldrene seg, og Máhtte må flytte til Oslo med mor si. Faren forandrer seg, og Máhtte trur då at nordlyset har skylda, at den har forbytta faren med noko underjordisk. Han bestem seg derfor for å reise tilbake til Kautokeino for å ta eit oppgjer med nordlyset og kjempe for å få far sin tilbake.
Me møter 6 år gamle Máhtte. Han er ein gut med ein livlig fantasi, og liker å utforske. Etter ein episode på vidda, der faren vert rasende på han, så forandrer det noko i han, og det gjer også relasjonen mellom han og faren. Det er trist å lese, og ein får umiddelbar omtanke for den vesle guten. På mange måter må han ut på søken etter faren sin kjærleik og annerkjennelse.
Máhtte vil gi pappa en klem, men pappa dytter ham bare vekk.
Faren er samisk, og moren er norsk og utdanna brannkonstabel. Når skillsmissen er eit faktum, vert det ein veldig stor omveltning for ein 6 åring. Han må flytte frå faren, besteforeldra, kamerater og det trygge og vante livet, til eit urbant Oslo med masse folk rundt seg på alle kanter. Når han skal byrja på skulen så kler han seg i dei finaste klærne han har, nemlig samedrakt, eller gákti som det heiter. Borna tar avstand frå han, og han føler seg tidleg ekskludert. Han forsøker å forandre seg for å passe inn, noko som ikkje nødvendigvis gjer til at han blir akseptert. Det er vondt å lese, og illustrasjonene fanger opp desse øyeblikka og forsterker det inntrykket ein får gjennom teksten.
Máhtte prøver å herme etter guttene i klassen – snakke, rufse håret og til og med gå som de andre guttene. Men det ser ikke ut som de andre liker ham bedre når han gjør det. Når han snakker med den nye dialekten, høres det ut som det ikke er hans egen stemme, men noen andre, en fremmed som snakker med leppene hans. Det føles så rart å ikke få være seg selv.
Nordlyset står sterkt i historien. Det samme gjer dyr og natur, og ein får eit nært og gjenkjennbart inntrykk av den samiske kulturen. Når ein 6 år gamal gut får høyre om vandrehistorier og overtro i forhold til nordlyset, så sluker han kvart ord og hans syn på nordlyset går fra fascinasjon til frykt og redsel.
Ein finn enkelte samiske ord og uttrykk gjennom historia, der forfatter er flink til å forklare. Språket er generelt meget bra. Guttormsen har klart å skape ein barnlig gut og har maktet å dempe språket nok til at det blir forståelig for barn og unge. I tillegg har ho klart å skape ein sympatisk hovedkarakter, på tross av hans feilsteg og dårlege avgjerelser.
Bodskapet er tydeleg i starten, men ein kan verta litt forvirra utover i historia. Er det draumar, er det ekte eller er det overtru og det guddommelige som råker Máhtte? Men dette er også litt av sjarmen med forteljinga.. Eit barn skal få lov til å draume, få lov til å vera helten, få lov til å ha den barnlige tankegangen. Og det har forfatter tatt høgde for.
Det er fin lengde på kapitlene ispedd mange heilsides illustrasjoner. Dette gjer til at boka passar utmerket til høgtlesing. Me får servert ein hjertevarm, trist og sorgfull historie på ein gong.
Den samiske kulturen har ein fremtredende rolle, særkilt joiken er trekt fram. Ein skal aldri undervurdere joikens kraft, og det får me eit flott bilete på i denne boka. Men også lavvo, reindrift, natur og dyr dannar grunnlaget for ein spennande historie. Eg synes dermed at Guttormsen har truffet meget godt med sine skildringer rundt den samiske kulturen.
“Krutt i seg selv har ingen kraft. Det trenger ild for å tenne, og da skal man bare passe seg! Og sånn er det også med joiken. Den har ingen kraft alene, men har du ild brennende inne i deg, da får joiken verdens største kraft!”
Ein kjem ikkje unna illustrasjonene. Dette er illustrasjoner som høyrer heime i ei ramme på veggen i stova. Dei er rett og slett magiske, og enkelte er faktisk vanskelege å sjå om det er bilete eller illustrasjon. Og ikkje berre er dei eit blikkfang av dimensjoner, men dei har også med essensen av historia i seg. Klepp har klart å fanga dei viktige øyeblikka og dei små situasjonene som forandrer eit lite barn. Så her er det berre å ta av seg hatten for illustratør Jane Helén Klepp.
“Máhtte og nordlyset” er ein veldig fin forteljing som inkluderer samisk kultur og det den står for på ein strålende måte. Dette er ein trist, men også hjertevarm historie med fantastiske illustrasjoner. Anbefales på det varmeste.
TERNINGKAST: 5