Angitt av mamma av Oddvar Schjølberg

Dette er den sterke historia om Maria Gabrielsen som vart angitt av mamma under den andre verdskrig.

  • Norsk tittel: Angitt av mamma
  • Forfatter: Oddvar Schjølberg
  • Sjanger: Sakprosa, Biografi
  • Antall sider: 223
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Liv Forlag

Oddvar Schjølberg (Født 1948) debuterte som forfattar med boka «Krigsseiler og tidsvitne» i 2005. Sidan har han utgitt eit to-sifra antall bøker, dei fleste med andre verdskrig som bakteppe. I 2022 gav han ut krigsdokumentaren «En krigsseilers kamp».

Angitt av mamma er jøden Maria (Schwartz) Gabrielsens sterke historie, fortalt med hennes egne ord. Marias mor ble forelsket i en SS-offiser. For å starte et nytt liv med ham, anga hun både ektemannen og sine sju barn til Gestapo. Mannen ble sendt til gasskammeret i Auschwitz. Maria og søsknene hennes ble fraktet til konsentrasjonsleiren Therezienstadt i Tsjekkia, dit ca. 144 000 andre jøder også ble sendt under andre verdenskrig. Rundt 33 000 av dem kom aldri tilbake …

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Angitt av mamma».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein sakprosa, og er ein utvidet og revidert utgåve av den samme boka som vart utgitt i 2006.

Me får servert den dramatiske historien om Maria «Mitzi» Gabrielsen sin opplevelse rundt det å være jøde under andre verdskrig. Måten ho og søskena vart svikta på verst tenkelig måte av si eiga mor, er sterkt å lesa.

Maria vart født i 1934 og vaks opp med fire søstre og to brødre, i tillegg til mor og far. Dei budde i Wien i Østerrike, og hadde greie levekår sjølv om dei var mange i husstanden. Men ute i Europa var det i ferd med å brygge opp til uro, og det var særskilt jødene det gjekk ut over. For den unge Maria så skjønte ho ikkje alvoret, men ho skjønte likevel at noko var på gong, og at foreldrene og dei eldre søskena var redde. Faren var skredder, men arbeidsmengden forsvann fort sidan han var jøde. Herfra skal ting gå fra vondt til verre.

Moren var av tysk avstamning, medan faren var jøde. Når krigen braut ut, vart faren sendt bort for tvangsarbeid. Moren fant etterkvart kjærleiken hos ein SS-offiser, og då var vegen kort for å angi både ektemann og eigne born for eiga vinning. Ektemannen endte sine dager i eit gasskammer i Auschwitz, medan dei sju borna vart sendt til konsentrasjonsleiren Therezienstadt i Tjekkia.

Det var forferdelig vondt å se ham stå der ute i mørket. Han så fryktelig lei seg ut. Øynene hans var ikke lenger de samme glade som før. Han hadde alltid gjort det beste han kunne for oss, og vi var så inderlig glad i ham. Det var så hjerterått. Han ble nektet å komme inn i sitt eget hjem – av sin egen kone.

Boka er på mange måter delt inn i tre deler; livet før, under og etter krigen. Ein normal oppvekst vart fort snudd til gru og redsel i konsentrasjonsleir. Når krigen var slutt, så var det på mange måter då den starta for mange. Traumatiske hendinger og sterke opplevingar enda ofte opp i PTSD. For Maria var det tøft å vende tilbake til «kvardagen», uten faren og ei mor som hadde angitt dei. Kor skal vegen gå videre?

Boka har ein fin struktur og det er Maria sine eigne ord som går igjen i teksten. Dette er hennes beretning, og hennes opplevingar me får ta del i. Eg synes at Schjølberg har gjort ein meget god jobb med å vektlegge og fremheve det som er mest interessant, og samtidig skape ein personleg tone i teksten.

Det er fyrst på slutten av 1940-talet at Maria kjem til Noreg. Alt som skildres før den tid foregår i Østerrike og Tjekkia. Det er gode betraktninger rundt tida før og etter krigen. For Maria og familien så starta krigen meir eller mindre ein mars-dag i 1938, når Hitler annekterte Østerrike. Og når freden kom, så tok krigen aldri slutt i kroppen og sinnet til Maria. Det er det nok mange som ikkje tenker over, men her får me eit innblikk i korleis livet til Maria utarta seg fram til dags dato.

Dette øyeblikket, disse sekundene da det gikk opp for meg at jeg skulle sendes videre, er noe som jeg aldri helt har klart å slippe unna siden. Da freden kom i mai 1945, var det mange som var ferdig med krigen der og da. Omtrent som om man skrur av en bryter. Det var ikke slik det fungerte for meg.

Det er innholdsfortegnelse, det er gode overskrifter og det er relativt korte kapitler. Gjennom boka er det fotografier med forklarende undertekst for å fremheve virkeligheten og dei forholda ein levde under. Her finn ein både privatbilete og bilete som mest sannsynleg er tatt av krigsfotografer.

Eg skulle gjerne sett at det var enda meir frå tida når ho og søskena var i konsentrasjonsleiren. Men kanskje ein god del av det er fortrengt i minnet? Uansett, så er det ein viktig og sterk historie som fortelles.

Maria var og er eit tidsvitne frå den andre verdskrigen. Ein ting er å lese om generelle kår, noko heilt anna er å få ein personleg beretning med navn og bilete. Det gir ein langt sterkere effekt, og ein får ein tilknytning til historia. Alt kjem nærare og ein lever med Maria gjennom situasjonene og dei tøffe åra.

Boka innehar gode avsnitt og er i så måte «lettlest», sjølv om innhaldet er sterkt. I tillegg er det mange overskrifter som deler teksten fint opp. Dette er eit klokt valg, og skaper ein oversikteleg og god struktur. Bak i boka finn ein blant anna litt informasjon om ansvarlege personer på tysk side, og korleis det gjekk med dei. Det er også tilleggsstoff om Theresienstadt, og litt om ein barneopera som har vert til oppsetting i leiren. Gjennom boka kjem det også frem generelle opplysninger og informasjon om krigens dager og måten særskilt jødene vart behandla på.

Andre jøder ble ganske enkelt hanket inn på gaten. De ble satt til å skrubbe fortauene og gatene i Wien med tannbørster eller bare med hendene. Rundt sto mobben og hånet og sjikanerte de forsvarsløse jødene, som måtte tåle både spark og spyttklyser.

Ein finn også gode refleksjoner om det som hendte etterkvart som Maria vert vaksen. Har bilete og sviket av moren forandra seg opp gjennom årene? Dette er kun ein av mange skjebner, men Maria Gabrielsen skal ha all mogleg honnør for å stå frem med sin historie og dele den med kjente og ukjente.

«Angitt av mamma» er ein sterk beretning om livet før, under og etter krigens dager sett frå Maria sitt ståsted. Historia er ført ned med kyndig og stø forfattarhånd, og viser den enorme kompetansen Oddvar Schjølberg har opparbeida seg opp gjennom årene. Dette er ei bok alle krigsinteresserte bør ta ein nærere kikk på.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar