Ei sterk diktsamling om psykisk helse i eit flerkulturelt Noreg.
- Norsk tittel: Kall meg pakkis, jeg vet du vil
- Forfatter: Usman M. Chaudhry
- Sjanger: Poesi, Dikt
- Antall dikt: 30
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: ÆR Forlag
Usman M. Chaudhry (Født 1990) bur i Lørenskog og er psykolog. Han har deltatt i ein rekke offentlige samtaler om psykisk helse og fleirkultur. Han debuterte som forfatter med diktsamlinga «Kall meg pakkis, jeg vet du vil» i 2023.

Med ærlige dikt, som gir gjenklang av rå slampoesi, tar Usman M. Chaudhry leseren med på en indre livsreise fra unggutt til familiemann i det flerkulturelle Norge.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kall meg pakkis, jeg vet du vil».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktsamling som består av 30 dikt med vekt på psykisk helse.
Boka har eit lite format, men den er likevel visuelt oversiktlig og innehar gode overskrifter og luft mellom diktene. Eg sakna sidetall, men forfatter og forlag har veiet opp det med å ha nummer på dikta i staden for.
Eg digger snerten og rytmen i enkelte av dikta. Eg fekk raskt assosiasjon til rapsanger og slampoesi, og her bør Chaudhry verkeleg utforske muligheten til å sette på ein melodi til enkelte av sine poetiske titler.
Mor til fire
Frå diktet «Mamma».
Vondt i rygg, kne, armer og ben
Jobbet seg videre uten å si det
Nå klarer hu ikke mer
Ringer legen og han ser
Ringer NAV, og de sier:
jobb mer, jobb mer
Har du noen gang sett en modigere kvinne
Holder alle smerter inne
Forfatter bruker stort sett rim, og kjem med enkelte «jukserim» her og der, men sidan bodskapet kjem godt fram og det aldri blir flåsete så fungerer det som berre det.
Nokre ord var for meg heilt ukjente, som f.eks «Kharab» og «Einthusan», men heldigvis har Chaudhry ei kort ordliste bakerst i boka som enkelt forklarer desse ordene. Dette kunne også vert nevnt i forordet, eventuelt hatt eit lita stjerne bak ordet slik at ein visste at det faktisk var ei ordliste med.
Bodskapet er sterkt. Psykisk helse og fleirkulturell er eit gjentakende tema boka gjennom. Ein kan lese om skilnader mellom religioner, om det å måtte følge regler og normer frå eiga kultur og religion, samtidig som ein skal passe inn i eit anna samfunn. Mange fristelser oppstår, og det er ikkje alltid like enkelt å etterleve det «perfekte liv» eller å leve opp til forventningene som kreves av personer rundt ein. Ein bygger raskt opp ein ytre fasade som er så viktig for enkelte å holde på, for å unngå å vise stormen som herjer på innsida.
Hele verden støver ned
Frå diktet «Tankene er røverne».
Tankene er røverne
De jeg til vanlig ikke fucker med
At jeg er helt idiot
Ingen bedring og bot
Hjernen er helt skrot
For et jævla rot
På enkelte områder er forskjellige kulturer på kollisjonskurs. Då er det ikkje rart at ein kan få følelsen av å slites mellom det ein har og det å bli integrert inn i ein ny. Gjennom klare bodskap og setninger som går rett på sak, får me eit lite innblikk i desse forskjellene og kva det gjer med eit menneske.
Eg synes at Chaudhry er dyktig til å forsøke å dempe dei store gapene, og når ein les litt så skjønner ein at det kanskje ikkje er så masse som skiller likevel. Samtidig bruker han store kontraster for verkeleg å vise kvar det spriker mest mellom kultur og religion, som f.eks velstanden som tidvis florerer i Noregs land er eit av temaene.
Forfatter skriv personleg, men samtidig allment. Dette er noko eg tipper mange vil kjenne seg att i, både som nordmann og som innvandrer. Det handler om rasisme, om å finne sin plass og om å få lov til å uttrykke seg og være seg sjølv oppi alt dette, utan at han på noko som helst måte snakker ned ei folkegruppe verken den eine eller den andre vegen.
Blir jeg mer norsk av å drikke?
Frå diktet «Bindestrek».
Blir jeg mindre mann av å strikke?
Blir jeg mer pakkis av å blikke?
Blir jeg mindre muslim av å kikke?
Det er ærlege ord og han skaper på ingen måte noko glansbilete av seg sjølv eller av si eiga fleirkulturelle bakgrunn. Ei heller skaper han noko glansbilete av å vera ein nordmann med penger på bok.
Chaudhry er flink til å setje ord på ting. Han er direkte i skrivestilen og hiver også på mørk humor her og der for å lette litt på alvoret som diktene er rammet inn i.
«Kall meg pakkis, jeg vet du vil» er ei viktig diktsamling med eit sterk bodskap. Usman M. Chaudhry innehar eit strålende språk og sårbar forteljarstemme. Ei ærleg bok som treff meget godt med sin tematikk i dagens samfunn.
TERNINGKAST: 5