Petra Pettersens perfekte Påske av Lene Lauritsen Kjølner

Nok ein feel-good roman med Petra Pettersen i hovedrollen. Denne gongen må ho overvinne karismatiske kunstnere, ein ilter nabo og forsøke å finne ut av sitt eige kjærleiksliv.

  • Norsk tittel: Petra Pettersens perfekte Påske
  • Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 240
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Fagervik Forlag

Lene Lauritsen Kjølner (Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no åtte bøker (2021) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller. I 2020 gav ho ut romanen «Petra Pettersens perfekte plan», før ho kom ut med juleromanen «Jul i Sandøsund» i 2021. Ho følgde opp med «Petra Pettersens perfekte Påske» i 2022.

Petra er i ferd med å etablere seg som gallerieier på Hvasser, der den store påskeutstillingen skal snart gå av stabelen. Hun kjenner sandpapiret gnage der hun pusser på gamle vinduer og drømmer om livet i det kommende drivhuset, alt mens lille Ellinors gråt gjaller i glassrutene.
Men etter at Mathilde og Petra overtales til en pustepause blant villsvin og vakthunder i Toscana og slekten har evakuert til frøbanken på Svalbard, begynner både utstilling, påskeeggjakt og kjærlighetsliv å falle delvis på plass. Men det er skjær i sjøen …
Hadde det ikke vært for brysomme naboer, sære kunstnere, uventede kjærester og feng shui-prinsipper, kunne Petras liv vært ganske perfekt. Likevel, det hjelper med det tradisjonelle påskebadet, som blir atskillig varmere med litt eggnog og den liflige tanken på romerske bad i Budapest.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Petra Pettersens perfekte Påske».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 2 om Petra Pettersen. Det anbefales å lese «Petra Pettersens perfekte plan» fyrst, men kan fint leses frittstående.

For alle som har lest bøker frå Lene Lauritsen Kjølner tidligere, så veit ein kva ein får. Det er feel-good roman frå a til å, ispedd ein humor som favner bredt. Og dette er intet unntak.

Kjølner er metaforenes mester. Måten ho skaper bilete i hovudet på leseren er imponerende. Alle desse absurde og morosamme metaforene får ein til å smile og le, sjølv der det i utgangspunktet ikkje er passende. Men slik er óg hovedkarakteren i boka. Petra Pettersen er ei sterk kvinne som finn løysinger og rydder opp i problem som dukker opp undervegs. Men ho er óg høgt og lågt, og kan prate på inn og utpust når ho er engasjert. Og så er ho ei kvinne der det kan gå ei fandenivoldsk innstilling gjennom ho, og då veit ein aldri kva som kjem ut av den rappkjefta munnen. Sammen med sin bestevenninne, Mathilde, som ikkje er noko mindre sterk personlighet, kjem dei opp i mange små og litt større hendingar undervegs.

Hun svelger like høylytt som en tett kjøkkenvask etter en runde med Plumbo.

Denne gongen har Petra skaffet seg ein hund, ein whippet. Den har navnet Lillelord, og er ein liten storsjarmør. Han er trufast eit innslag boka gjennom, utan at det vert unaturleg på noko som helst måte. Og for å balansere det, har ho sjølvsagt ein katt også. Eg liker måten forfatter bruker det kvardagslege til å skape ei ramme rundt historia.

Som vanleg er det kaos i Petra sitt liv. Ho har to beilere som ho liker veldig godt, ho har eit drivhus ho må fikse, ho har eit galleri der ho må få i stand ei kunstutstilling, ho må få i orden skattejakt av påskeegg, og ho må ta seg av karismatiske og egenrådige kunstnere. Alt dette medan ho har dotter og barnebarn boende hos seg, og trur du ikkje Petra og venninna tar seg ei veke i Toscana i tillegg? Sjølvsagt. Og når ting byrjar å normalisere seg litt? Då vert det sjølvsagt enda meir kaos gjennom morosamme hendingar og uskyldige og meir skyldige kommentarer og dialoger.

«Akkurat. Nei, regner jo ikke med det, og politifolkene tok jo et søk etter det jeg forstod.»
«Ja, de lette til og med nede i fryseren min. Men der fant de jo ikke annet enn eksmannen min.»
Politimannen skvetter til og stirrer på meg, før han trekker svakt på smilebåndet.

Det er ikkje all verden som skjer i boka, men samtidig så skjer det fryktelig masse gjennom dei episodene som oppstår. Kjølner klarer å få gull ut av gråstein med sine metaforer og effektfulle ord, og ikkje minst med sin sprudlende forteljarstemme. Sjølv når det oppstår ein negativ stemning i boka, så vert det lystig lesning. Det er ein forteljarkunst, og gjer til at boka aldri vert kjedelig.

For mange kan det kanskje høyres ut som ei bok som passar best for kvinner. Men har du litt humor innenbords så vil den passe for absolutt alle. Forfatter treff godt med sine karakterer, og ein kjenner nesten garantert ein eller annan som har liknande oppførsel som ein av karakterene i boka. Dette skaper assosiasjoner og ein får eit ekstra lag med humor på toppen av det heile.

Påskestemninga følte eg uteblei i boka. Her er det vel nesten kun påskeegg som kan minne leseren om at det er påske. Ho har brukt orda «påskelam» og «påskebad«, men det blir ein meir perifer og tynn setting. Likevel, historia er like artig og fungerer like godt som ein velsmurt saab diesel motor i ei tresnekke på Sørlandet om sommeren.
Det skal legges til at forfatter har tatt med to spennende oppskrifter bakerst i boka, som ser unektelig fristende ut.

Persongalleriet er solid og godt. Temaet i boka er vel litt tvetydig, men kunst og vindrikking er noko som går igjen. For det vert ein god del vindrikking, fnising og latter, beilere, brutte forlovelser, innbrudd og utbrudd, i tillegg til kunstnere som ikkje alltid er like lette å håndtere for Petra. Og sjølv om Bertha ikkje er med oss lenger, så figurerer ho i livet til Petra enda…

Universet er nok ein gong magisk skildra. Ein får lyst til å vere til stades i alle av Kjølner sine bøker. Denne gongen vert det riktignok eit møte med ein ilter og vanskeleg nabo, men i rein Petra Pettersen-stil så skal ein ikkje sjå vekk frå at denne naboen får seg ein aldri så liten bakoversveis etter konfrontasjonen med Petra.

Og da blir jeg litt stram. Man kan si mye til meg, men si noe sårende til ungene mine eller til de søte kjæledyrene mine, og jeg blir til den ærekjære moren til Caligula i det gamle Roma, Agrippina. Hun som kjempet for sønnene sine til hun døde av sult. Vel, det siste i den sammenlikningen holder kanskje ikke helt vann.

Språket er lett og dialogene gnistrer av humor og forteljarglede. Med relativt korte kapitler og eit enkelt innhald, er dette ei bok som gjer at ein kan lene seg bakover, senke skuldrene og berre nyte innhaldet og kaoset i Petra’s liv.

«Petra Pettersens perfekte Påske» er ei bok som skaper ei morosam og avslappende lesestund. Kjølner sprudler med sin forteljarstemme, og skaper nok ein gong eit fantastisk univers som ein kunne ønske at ein var ein del av.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s