Fyrste bok i serien om førstebetjent Stein Time.
- Norsk tittel: Kaldere
- Forfatter: Torbjørn Grindheim
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 394
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Kolofon Forlag
Torbjørn Grindheim er busatt i Nittedal, og har utgitt ei rekke bøker i forskjellige sjangrer. «Kaldere» vart utgitt fyrste gong i 2019 som Ebok, og i 2026 vart den utgitt i fysisk utgåve. Dette er fyrste bok i serien om førstebetjent Stein Time.

En mann blir funnet skutt i et skogsområde utenfor Stavanger. Førstebetjent Stein Time blir satt til å lede drapsetterforskningen. Det viser seg at det har vært innbrudd i avdødes bolig, og at harddisken til PC-en hans er stjålet. Stein og resten av etterforskningsgruppa har lite å gå etter i starten, men etter hvert finner de spor. Spor som leder til en hendelse Stein må bære med seg for resten av livet.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kaldere.»
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman og fyrste bok i serien om Stein Time. Ein finn fleire bøker med Stein Time i hovedrollen gjennom E-bøker.
Ein geolog kjem tilfeldig over ein død mann i snøen i eit skogsområde. Det viser seg at den avdøde er skutt, og Stein Time og hans gruppe vert satt til å lede etterforskinga. Når dei finn ut at det har vert innbrudd hos den avdøde og at ting har blitt fjernet fra boligen, så byrjer den berømte snøballen å rulle. Det skal få store fylgjer for fleire involverte.
Teamet består av ein gjeng med personer som vert delvis introdusert ganske raskt. Det er med andre ord ein god del navn å holde kontroll på i starten av boka, og dette fører generelt til at ein må bla litt att og fram for å huske kven som er kven.
Hovedkarakteren er Stein Time. Han er ny etterforskningsleder og i starten gjer han ting etter boka. Men når etterforskningen stopper opp, så tar han i bruk ukonvensjonelle metoder for å få nye opplysninger, og kjører eit sololøp som virker lite realistisk. Så kjem dette med at forfattar må få lov å nytte seg av kunstnerisk frihet for å få det til å passe inn i historia…
Teamet utfyller kvarandre fint og det er ei gruppe med forskjellige kvaliteter og meininger. Grindheim har med andre ord lagt eit fint grunnlag for fortsettelsen av serien, då han har fleire strenger å spele på når det kjem til karakteroppbygging. Forfatter skraper berre på overflata blant karakterene, så alt ligg til rette for at han går djupere inn i materien i seinere bøker.
Det er ein klassisk etterforskningskrim der teamet forsøker å nøste opp i kven den avdøde var, kva han holdt på med og kven som kan være gjerningsperson(er). Dei går bredt ut, og forsøker etterkvart å snevre inn moglege mistenkte gjennom avhør og vitneopplysninger.
Eg synes at forfatter delvis slit med å formidle historia si her og der. Det kan fort oppstå misforståelser for meg som lesar medan ein les. Det vert norke motsigelser som skaper forvirringer. F.eks så skriv forfattar…. «Det har vært innbrudd her», sa vaktmesteren. 4-5 sider seinere står det: «Ingen tegn til innbrudd på avdødes arbeidsplass, tenkte han.» Slike småting burde vert luket vekk for å unngå nettopp misforståelser og forvirring.
Etter ein litt seig start, så tar historia seg fint opp og ein får eit driv som er nødvendig i denne type krimbøker. Likevel er det ein del unødvendig detaljstyring som trekk ned tempoet i historia, og nokre lange kapitler som gjer til at boka føles tunglest.
«Safen er av merket Colburn. Et selskap som holder til i Little Rock, Oregon, USA. Denne modellen er passende nok oppkalt etter dens fødeby: Little Rock. Her kan dere se.»
Grindheim bruker oljebransjen som eit bakteppe for plott og historie. Dermed handler det ein god del om oljeutvinning, oljesand og miljøspørsmål. Forfatter lager ein stigende spenningskurve før han hopper over den viktigste infoen når ein fylgjer andre karakterer. Dette plukker han opp att gjennom etterforskning, og me får dermed svar på dette undervegs. Dette er eit fint verkemiddel for å halde på spenning og samtidig pirre nysgjerrigheten som gjer at ein «må» lese videre.
Han snakket om fordelene ved å vinne ut olje på landjorda kontra i dyphavet, og brukte naturligvis den ferske katastrofen i Mexico-gulfen som et eksempel hvor galt det kunne gå. Videre argumenterte han for at selv om prosessen var forholdsvis skitten i dag, ville det komme bedre tider.
Språket er bra og det det flyt fint gjennom dialoger. For min del vart plottet litt kjedelig og dermed fekk eg aldri heilt opp engasjementet. Men det er fleire partier i boka som er drivende gode og som gjer at ein ser at det er eit stort potensiale i både forfattar og serien.
«Kaldere» er ein krimroman som tar for seg oljebransjen. Det er ein klassisk etterforskning, der me får bruddstykker av eit levd liv som brått tok slutt. I mine auge vart det eit ujevnt innhald, men i spenningstoppene ser ein at dette er ein forfattar med eit stort potensiale.
TERNINGKAST: 4-