Tidlaus klassiker som er noko langt meir enn berre eit kjærleiksdrama.
- Norsk tittel: Stormfulle høyder
- Original tittel: Wuthering Heights
- Forfatter: Emily Brontë
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 395
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Pangolin Forlag
Emily Brontë (Født 1818) er ein engelsk forfattar som kun gav ut ein roman, men den vart til gjengjeld ståande att som ein av dei store i bokverdenen. «Wuthering Heights» eller «Stormfulle høyder» som den er kjent som her i Noreg, vart utgitt i 1847, året før Brontë døde. Den er blitt filmatisert og har blitt utgitt til norsk ein rekke gonger, nå nylig hos Pangolin Forlag, som gav ut denne i 2026 i forbindelse med ein ny film som vart sluppet.

Stormfulle høyder er historien om den intense kjærligheten mellom Cathy Earnshaw og Heathcliff – hittebarnet av taterslekt som blir tatt inn av overklassen, men aldri fullt akseptert.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Pangolin Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Wuthering Heights».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman fra 1800-talet som handler om blant anna kjærleik, hat og sjalusi.
Eg har verken lest boka eller sett filmatisering av denne tidlegare. Så eg veit ikkje om denne oversettelsen til norsk fra Pangolin Forlag skiller seg ut frå dei andre oversettelsene til norsk.
Dette er ein tidlaus klassiker som mange har eit forhold til. Den var litt annleis enn det eg fyrst fekk inntrykk av. Eg såg for meg noko sukkersøtt kjærleiksdrama, men fann fort ut at dette handler vèl så mykje om hat og forsøk på å trykke andre ned.
Det er ein del personer å holde oversikt over. Det er slektskap og andre relasjoner som er særs viktig at ein har på det reine. I boka omtales personer med fornavn og etternavn om ein annen, så det er ikkje alltid like enkelt å holde styr på alle. Dette førte til at eg måtte bla litt fram og tilbake, og viss eg skulle lest denne på nytt, så hadde eg faktisk vurdert å lage eit slektstre for å ha den fulle oversikt. For ein får ingenting gratis av forfattar.
«Ja. Og hennes mann var også fetter av henne – den ene var beslektet med henne på morens, den andre på farens side: Heathcliff giftet seg med Mr. Lintons søster.»
Handlinga foregår på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Miljøskildringer er tydlige på at dette foregår i denne tidsepoken, medan det som skjer mellom personene er tidlaust. Her har Brontë vert forut for si tid, og skrevet ein roman som nok var kontroversiell når dem kom ut.
Det er eit gammelmodig språk og det føles som det er lite framdrift. Men samtidig så er dialogføringen det som drar historia framover. Og nettopp dialogføringen er det mykje av. Tidvis er det monologer som vert framført av dei forskjellige karakterene, og det føles litt som å lese eit manus fra eit teaterstykke.
Karaktersettingen i romanen er eit prakteksemplar på korleis ein skaper konflikter og motsetninger. Ein har blant anna Mr Earnshaw som er direkte ond og hatet av «alle». Ein har den «sympatiske» barnepiken Nelly, som sitter og forteller historien til Mr Lockwood. Så er det Cathy Earnshaw og Mr Heathcliff.. To personer som elsker kvarandre og som forakter kvarandre. Det er eit fascinerende skue og eit studie i menneskesinnet som står støtt den dag i dag. Det som er enda meir fascinerende er at det ikkje er nokon som er direkte sympatiske. Alle har meininger og tanker som gjer at ein mister litt av sympatien for den enkelte.
«Den ynkelige, slaviske, småskårne jentungen innbilte seg at jeg skulle elske henne – det må nå vel være toppen av absurditet, ren og skjær idioti! Nelly, du kan fortelle din herre at jeg aldri i hele mitt liv har møtt et så foraktelig krek som henne.
Det er detaljerte skildringer og nøysomme samtaler og dialoger. Ein går ikkje glipp av noko, og det føles som om forfattar har forsøkt å skildre det som skjer for både døve og blinde. Ingenting er utelatt til fantasien, og nesten kvar minste detalj er med. Dette fører til at framdrifta blir litt tilsidesatt, men til gjengjeld får ein malt eit nøyaktig bilete av omgivelsene.
Det var teppe på gulvet, et godt teppe, men mønsteret var nesten utvisket av støv. Peisveggen var dekket med tapet som hang i filler, en vakker eikeseng med folderike, røde forheng av temmelig kostbart stoff og moderne utførelse. Men de hadde åpenbart gjennomgått en temmelig hardhendt behandling, omhenget var løsnet fra ringene og hang som girlandere.
Dette er ikkje heilt min type bok, men eg har ingen problem med å sjå kvaliteten som ligg til grunn, og med tanke på at denne vart skrevet på midten av 1800-talet, så er det særs imponerende å sjå at den fortsatt har tålt tidens tann.
Dette er langt fra ei lettlest bok. Det er ofte lange kapitler og mange dialoger mellom personer som ein er nødt til å ha oversikt over. Det er også fleire generasjoner involvert, berre for å gjere det enda meir uoversiktlig.
«Wuthering Heights» er ein tidlaus klassiker som mange har som favorittbok, og det med rette. Det krever riktignok noko frå deg som leser, men er ein konsentrert og får med seg alt det vesentlege, så er dette ei bok som byr på langt meir enn berre eit kjærleiksdrama. I februar 2026 er det også premiere på filmen med samme navn som denne boka.
TERNINGKAST: 4