Romanbasert krim med eit høgt toppnivå.
- Norsk tittel: Nattbarnet
- Forfatter: Laura Djupvik
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 365
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Cappelen Damm
Laura Djupvik (Født 1970) har bakgrunn som journalist og forlagsredaktør. Ho debuterte som forfattar i 2004 med romanen «Båten er så liten». Sidan den gong har ho utgitt fleire barnebøker og romaner. I 2025 gav ho ut sin fyrste krimroman, nemlig «Nattbarnet».

For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late den vere i fred. Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn han alt er. Han verkar redd og begynner å gå ut om natta. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for å hjelpe han. Somme trur at beinfunnet stammar frå dei dødsdømte som skal ha blitt avretta på holmen. Men kort tid etter at Helene kjem heim, blir ei kvinne funnen drepen der ute. Folk i bygda leitar etter svar, men kven kan ein stole på? Helene begynner å grave i saka. Snart finn ho seg sjølv midt i eit ope sår, med menneske rundt seg som kan gå langt for å forteie sanninga. Samtidig drøymer den unge og naive Connie om eit betre liv, helst i det ærverdige Dokterhuset, under vengen til den godt vaksne Stella. Men er dette rette plassen for henne og barnet som veks i magen? Det viser seg snart at huset rommar løyndommar og ein historie som ikkje burde vekkast til live. Og er beina på holmen så gamle som ein først trudde?
Denne boka er eit leseeksemplar frå Cappelen Damm. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nattbarnet».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein romanpreget krim på nynorsk med journalist Helene Horne i hovedrollen.
Eit byggeprosjekt på Stegleholmen er starten på eit mysterium som strekk seg fleire århundre attende i tid. Det vert funnet beinrester og ei kvinne vert seinere funnet drept på holmen. For journalisten Helene kjem dette ekstra nært når ho ser korleis faren reagerer på nyheten om beinfunnene. Ho byrjer så smått å grave i saka, og oppdagar at det ligg mørke hemmeligheter tilbake i fortida som ikkje tåler dagens lys.
Boka føltes litt tung å komme i gong med, men heldigvis så kjem ein raskt inn i historia. Me fylgjer fleire personer og historier parallelt. Noko foregår f.eks i Oslo på 1980-talet, der me ikkje får navna på hovedkarakterene, men ein gjer seg raskt opp ei meining på kven det er, og korleis den historia passar inn med nåtida. Utover i krimromanen kjem forfattar stadig med nye ledetråder. Nokre er opplagte, medan andre er meir overraskende.
Eg held kniven inntil meg. Legg først knivbladet mot kinnet. Blankt stål. Så senker eg armen, held kniven godt ut frå kroppen. Eg tar kniven med inn i senga, set lykta på nattbordet. Legg kniven mellom madrass og sengekarm. Så bles eg lyset ut, men eg sovnar ikkje. Eg ligg stille og lyttar. Kven kjem inn hit. Kven vil finne meg.
Det er relativt lite krimelement involvert, men samtidig er heile historia bygd opp rundt kriminelle handlinger. Så bakteppet er krimrelatert, medan sjølve historia handler vèl så mykje om det medmenneskelige og det psykologiske aspektet.
Det er noko nært og vart over språket til Djupvik som fascinerer i ein sjanger som ofte er overlesset med vold og actionfylte scener med gode spenningstopper. Dette er ei bok som speler på heilt andre ingrediensar, men som likevel klarer å oppretthalde interessa og spenninga til siste side er lest. Det er ein skrivekunst det står respekt av.
Eg liker måten forfattar skildrer forholdet mellom Helene og faren. Helene er enebarn og i 30-åra. Ho har sitt liv i Oslo, men skjønner etterkvart at faren slit og har problem med å ta vare på seg sjølv. Ho flyttar heim til ham, og hjelpar han så godt ho kan, samtidig som ho får meir innsikt i kva som foregår på Stegleholmen som ho kan skimte i det fjerne frå stovevinduet til faren.
Ho snakkar så roleg som om han var eit barn. Ho må passe på, så det ikkje vert for tydeleg. Av og til blir han glad for ei oppklaring, seier å ja, det er sant, også blir han letta over at ho minner han på korleis ting er. At det finst ein orden, ein samanheng, det handlar om sorg og søvnvanskar.
Ein anna karakter som får mykje plass er Connie. Ho jobbar på ein nærbutikk og speler etterkvart ein viktig rolle i historia. Ein fin karakter som har sin bagasje å dra på, både fysisk og ikkje minst psykisk. Alt i alt er karaktersammensetningen i boka på eit høgt nivå og det skapes fine motsetninger og gode og mindre gode relasjoner mellom enkelte.
Mykje av handlinga handlar om familie og nære relasjoner, der ting må holdes skjult for omverdenen. Men kanskje ikkje på den måten som virker som det opplagte ved fyrste augekast. Det er ein innfløkt historie som har forgreininger utover familien og bakover i tid, som forfattar klarar å peile inn på èit spor når me nærmer oss sluttpartiet.
Her og der følte eg det vart unødvendig detaljerte skildringer. Det er ei annleis type krimroman, men drivet og momentumet forsvinn litt når detaljene overtar framdrifta.
Connie tygg på eit rundstykke, og Stella reiser seg og går bort til benken, opnar skuffer og tar ut mjøl og sukker. Ho tar på eit forkle og hentar kefir frå kjøleskapet. Ho hiv oppi tre egg, blandar og rører, og natron må til, ho går tilbake til skuffa og tar opp ein boks.
Det er ei lettlest bok i utgangspunktet med korte kapitler. Men samtidig kreves det litt av lesar å kunne lese mellom linjene og fylgje tankegongen til forfattar. For viss ein faller av lasset så kan boka bli ei lita utfordring å lese. Men Djupvik er tydeleg i språket og har ein klar bane mot målet, så her trur eg at dei aller fleste klarar å fylgjer forfattar sin formidling.
Djupvik har skrevet ein medrivende historie som snik seg innpå meg som lesar. Det er ei bok som etterkvart vart vanskeleg å legga frå seg. Og når ein lesar sit att med den følelsen, så har forfattar gjort mykje rett i sitt arbeid.
«Nattbarnet» er ein romanbasert krim der relasjoner og mørke hemmeligheter er i fokus. Laura Djupvik skildrer på ein nær og var måte familieliv og venskap på tvers av generasjoner, som skaper eit heilt eiga driv og moment i romanen. Ein annleis krimroman som verkeleg gav meirsmak. Med tanke på at forfattar debuterer innan denne sjangeren, så er dette intet annet enn imponerande stykke arbeid.
TERNINGKAST: 5