Ny lettlest bokserie for dei minste.
- Norsk tittel: Herbert Humle finner en venn & Herbert Humle og høstbladene
- Forfatter: Sigrid Nesland
- Sjanger: Born
- Antall sider: 30
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Baryton Forlag
Sigrid Nesland er litteraturformidler og biblioteksjef. I 2025 gav ho ut dei to fyrste bøkene i serien om Herbert Humle; «Herbert Humle finner en venn» og «Herbert Humle og høstbladene».

Herbert er en snill og godslig humle som bor i bestemors store hage. I denne første boken i serien om Herbert Humle finner han en ny venn han kan hoppe på humle-trampoline sammen med. I bok nr. 2 finner han ut hvordan han og Mari Marihøne kan leke med de store bladene som faller av trærne om høsten.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Baryton Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Herbert Humle».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein ny bokserie for dei minste og passer for born frå 2-5 år.
Me møter Herbert som er ei humle som bur i bestemors hage. Han liker å utforske ting rundt seg, samtidig som han liker å snakke med dei han møter på sin veg. Det er ein snill hovedkarakter som vil det beste for alle rundt ham.
Det er lite tekst og mange «enkle», barnlige teikningar som gjer boka meget lettlest, samtidig som fargerike illustrasjoner kan holde fokuset til bornet oppe. Målet med boka er å ha høgtlesing i armkroken, og i så måte treff forfatter godt med sin grunntanke.

Nesland har navngitt insekter samtidig som ho nevner kva insekt det er snakk om. Dette er eit veldig fint verkemiddel og dermed løyser ho eit potensielt lite problem på ein snedig måte. Her fin ein f.eks Vera Veps og Berit Bie, navn som klinger bra og som starter med samme bokstav. Dermed kan ein også kanskje øve litt på bokstavtrening samtidig som ein les.
I den fyrste boka skal Herbert Humle forsøke å finne seg ein ny ven, men alle han møter er opptatt og har ikkje tid til ham. Han vert litt lei seg, men vener kjem ofte når ein minst venter det. Forfatter klarer å få fram at det er viktig å være snille med kvarandre og at fine ord kan bety mykje for andre.
Vennskapet som oppstår i den fyrste boka, fortsetter i bok nr. 2, men bøkene kan likevel heilt fint leses uavhengig av kvarandre. Dette er godt håndverk frå Nesland, og viser at det er ein gjennomtenkt serie.
I den andre boka er det hausten som står for tur, og insekt, fugler, blomster og trær gjer seg så smått klar for vinteren. Her sleit eg litt meir med å finne ut om forfatter ville formidle noko spesielt til borna. Ho skildrer kva som skjer om hausten, men eg stussa litt over at Herbert Humle ville vekkes når snøen faller, slik at han får sjå kva det er for noko. Men det faller ikkje noko snø i denne boka. Eg rekner med at snøen vil falle i neste bokutgivelse, men då forsvinn litt av min ros i det forrige avsnittet om uavhengige bøker…
Bak i bøkene er det enkle og fine faktaopplysninger om humler og annet. Det er også teikninger som bornet kan fargelegge, og dermed kan ein få litt nærere «kontakt» med karakterene gjennom fargelegging.
Det er allereie planlagt tre nye utgivelser i serien, og enda fleire er under utarbeiding. Dette kan med andre ord bli ein fin serie med gjenkjennbare dyr og insekter som borna får ein nærhet til og vil høyra om igjen og om igjen.
«Herbert Humle Bok 1 og 2» er ein fin start på ein ny serie for dei minste borna. Sidan bøkene er lettleste og innehar mange illustrasjoner vil denne serien passe perfekt til høgtlesing. Sigrid Nesland har nokre snedige verkemiddel som gjer det enkelt for born å fylgje med i historiene, og dei kan også lære ting undervegs.
TERNINGKAST: 4+