Dramatikken fortsetter i denne kritikerroste mangaserien for ungdom.
- Norsk tittel: Silhuett av en stemme bok 5 og 6
- Original tittel: Koe no Katachi vol. 5 og 6
- Forfatter: Yoshitoki Oima
- Sjanger: Manga, Ungdom
- Antall sider: 190 og 184
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Outland Forlag
Yoshitoki Oima (født 1989) er ei japansk forfatter innan manga-sjangeren. Ho er mest kjent for seriene «A silent voice» (2013-2014) og «To your eternity» (2016- og fram til dags dato). Ho har óg vunnet priser for sine utgivelser.

Shoya inviterer Shōko med på å lage filmen, som han har begynt på med Nagatsuka. De tilbringer sommeren sammen med vennene deres, og Shoya begynner endelig å kjenne på en lykke i det alminnelige hverdagslivet. Det er likevel en liten bekymring som har fått grobunn hodet hans … hva om gjengen får vite hva han gjort mot Shoko?
Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Silhuett av en stemme».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein teikneserie i manga-stil med ensomhet og mobbing som hovedtema. Dette er fortsettelsen på det som skjedde i dei fire fyrste bøkene og således må bøkene leses kronologisk. Den vart utgitt originalt i 2013, og oversatt til norsk i 2025. Målgruppa er satt frå 12 år og oppover.
Shoya og Nagatsuka skal lage film, og Shoya inviterer Shōko til å bli med. I byrjinga føler Shoya på ein form for glede i livet, ein følelse han ikkje har hatt på lenge. Men kor lenge varer den følelsen når han stadig må glatte over og skjule at han mobbet Shōko under oppveksten for resten av gjengen?
Det som startet med nokre få personer me følgde i dei fyrste bøkene, har nå utviklet seg til ein liten gjeng. I desse to bøkene her vert det meir krangling, dramatikk og uenigheter innad i gruppa. No har dei bestemt seg for å lage film rett før opptaksprøven til universitetet. Vil dette gå ut over undervisninga? Dermed blir Shoya stadig dratt mellom å prioritere vennskap eller utdanning.
Som vanlig, hadde eg nær sagt, så innhenter fortida som mobber ham igjen. Eg liker at forfatter har vinkla historia slik at me får sett historia frå både mobber og offeret sin side, ikkje berre når det pågikk, men også følgene av dette mange år seinare. Når dei vert meir modne og ser tilbake på kva som foregikk, så dukker anger, sinne og følelsen av å gjere ting godt igjen opp. Men korleis kan ein gjere opp for seg etter år med fysisk og psykisk mobbing? Og for offeret som slit med seinskader etter dette, er det lett å tilgi sånn innerst inne? Dette er fleire av mange bi-historier som jobber i bakgrunnen og som kjem til overflata her og der og får utvikle seg over tid.

Forfatter nytter seg av samme suksessoppskrift også i desse bøkene, og viker ikkje frå det visuelle ho har skapt gjennom serien. Dette gjer det umiddelbart gjenkjennbart og ein kan stige rett inn i historia og universet til Oima. Det er dermed fortsatt litt vanskelig å skilje enkelte karakterer frå kvarandre utseendemessig, og ein må dermed vere konsentrert medan ein les.
Det er dramatiske cliffhangere ved bøkenes slutt, og det skaper ein forventning inn mot neste bok, som gjer at ein berre må lese videre i serien. Men det er sjølvsagt ikkje den einaste grunnen, for det er ein kruttsterk historie og strålende oppbygde karakterer som stadig utvikler seg gjennom møter med andre personer og refleksjoner av fortida.
Historia er etterkvart djup og forfatter graver enda djupere. Det er ein fin progresjon i kvar bok og spørsmål som kva og kvifor kjem etterkvart godt fram, samtidig som nye spørsmål reiser seg. Det er eit dynamisk univers i stadig utvikling og nye personer kjem til, noko som skaper nye innfallsvinkler for forfatter å jobbe med, og nye karakterer for oss lesere å bli kjent med.
Det er ein sterk historie som berører. Mobbing er eit tema som stadig er aktuelt, og forfatter går lengre enn langt for å vise kva følger dette får for dei involverte på lang sikt. Når alt i tillegg er vist både som tekst og visuelt, så forsterker det inntrykket av følgene.
Eg har tidlegare skrevet at denne serien bør ein finne på skulebibliotek rundt om i landet med tanke på tematikk, og når ein ser på utviklinga i samfunnet, så er det meir aktuelt enn nokon gong. Her håper eg særskilt at bibliotekarer rundt om på skulene tar ein nærere titt på serien og kva innhaldet har å by på.
«Silhuett av en stemme» er ein fantastisk mangaserie for ungdom. Den inneheld mykje av det ungdommer går gjennom, og mange vil kunne kjenne seg att i karakterer og historie. Historien er i stadig utvikling, og med gode visuelle verkemiddel, er dette ein serie som skiller seg ut frå mengden av mangaserier på markedet.
TERNINGKAST: 5