Magisk nyutgivelse av denne fantasyromanen for born og unge
- Norsk tittel: Vindeltorn
- Forfatter: Tone Almhjell
- Illustratører: Hans Jørgen Sandnes & Jon Løvaas
- Sjanger: Fantasy, Born og unge
- Antall sider: 253
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Tone Almhjell (Født 1973) er utdanna i engelsk med fantasylitteratur som hovedfag. Ho debuterte som forfatter i 2013 med «Vindeltorn», og i 2016 gav ho ut «Maretorn».

Noe er galt i huset til familien Rosenquist. Klokkene tikker for sakte. Rosebedet er dekket av rim, selv i øsende regnvær. Og når en mystisk nøkkel merket «Vindeltorn» dukker opp, finner Lin en sprekk i kjellerveggen. En portal til en magisk verden ved navn Sylver. I dette snødekte riket bor alle døde dyr som har elsket et barn. Lin blir til sin store glede gjenforent med sin kjære gråsidemus, Rufus. Sammen må de redde den forsvunne Vinterfyrsten hvis de skal berge Sylver fra invasjon og undergang.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vindeltorn».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein fantasyroman for born og unge frå rundt 9 år og oppover. Det er også ein nyutgivelse av hennes debutbok frå 2013, som den gong vart utgitt på Penguin Forlag.
Me møter 11 år gamle Lin Rosenquist. Ei nysgjerrige jente, som også er sjølvutnevnt trolljeger, blir kasta inn i ei magisk verd når ho finn ein portal i kjellerveggen. Her vert ho gjenforent med Rufus, som er ei avdød mus som ho ein gong redda frå å dø ute i skogen. I denne verda er Rufus 150 cm høg, og kan både snakke og har uante krefter. No må dei kjempa side ved side for å berge verden Sylver frå undergang.
Boka er i eit stort format og er relativ tung, så den er anbefalt å lese medan ein har boka i fanget eller liggende på eit underlag. Det er eit visuelt mesterverk når ein ser på alle dei fargerike illustrasjonene og fargene som er nytta på sidene. Her har dei to illustratørene Hans Jørgen Sandnes og Jon Løvaas gjort ein kjempejobb med å formidle stemninga frå tekst til illustrasjon. Det fremhever det magiske og mystiske som foregår i boka. Og det er nok ikkje tilfeldig at desse to erfarne illustratørene er valgt til nettopp dette prosjektet. Dei har forskjellige egenskaper og fagfelt, men saman utfyll dei kvarandre og historia på ein særs god måte.

Eg fekk fort Narnia-vibber av denne boka, men samtidig så er det ei heilt annleis bok. Sylver er eit magisk univers som inneheld alt ein treng for å leve seg fullstendig inn i historia. Her er det avdøde dyr som fyrst og fremst regjerer, og dei lever i ro og mak med kvarandre. Men det finnes sjølvsagt unntak, og det er alltid nokon som higer etter makt og begjær.
Eg synes at boka har ein traust start. Det er litt tungt å komme i gang siden det er mange nye ord og begrep å holde styr på, og det er ein del oppbygging før ein kjem skikkelig i gong. Men når ein fyrst har trådt inn i universet, blitt litt kjent og fått «sett» seg litt rundt, så er dette ei bok og univers som du blir dratt rett inn i. Historia sniker seg inn i tankene dine og illustrasjonene komplementerer det ein ser for seg. Det er med andre ord ei bok som definitivt hadde gjort seg særs godt på eit kinolerret.
«Sagnet om Høsterens brønn forteller at en gang for lenge siden, før vokterrunene var risset og hekken hadde vokst seg høy og tett, var det en mare fra fjellene som greide å snike seg gjennom og slå seg ned her i dalen. Marer er monstre. Grusomme skapninger med dystre, glupske sjeler. Og ingen er mer glupsk enn Høsteren, som kalles det fordi den høster sine ofre blant uskyldige sylveringer som ferdes i skogen.
På ein del sider er det kvit tekst på mørk bakgrunn. Her fant eg det litt vanskelig å lese teksten uten eit heilt opplyst rom. Ein kunne nok med fordel brukt ein anna type font for å få teksten klarere på desse sidene.
Det er ein klassisk historie om det gode mot det onde. Onde og mørke krefter som vil overta verden og skaper med dette frykt og uro i ein ellers så fredelig verd. Lin får eit oppdrag som ho må gjennomføre for å kunne opne portalen til å komme attende til hennes eiga verd. Det er dermed eit oppdrag på liv og død..
Illustrasjonene er ofte duse, som for å komme i bakgrunn for tekst. Dette er eit veloverveid verkemiddel som fungerer strålende, og som igjen skaper det lille ekstra av magi og mystikk. Det er mange illustrasjoner som stykker opp tekst og sider og gjer boka langt meir lettlest og spennende for den yngre garde.

Almhjell bruker tid på karakterene og skaper ein god og oppbyggende bakgrunnshistorie som ho bygger videre på. Det er også eit univers i stadig utvikling, noko som gjer at verken karakterer eller stader vert statiske og kjedelige. Det er lagt inn fine vendinger og overraskelser undervegs, og ein er aldri heilt sikker på kven som er venn og kven som er fiende. Miljøskildringene er av topp, topp klasse og forfatter klarer å skape noko dystert og mystisk ut av få ord.
Istappene i fossen snodde og flettet seg inn i hverandre, noen steder som tykke søyler, andre steder som det fineste spindelvev. Nede ved bakken løp to store søyler sammen til en høy buegang.
Det er mange born og vaksne som vert lei seg når eit kjæledyr forlater denne verda. Då er det ein fin tanke bak historia at det finnes ein parallell verd der kjæledyra lever videre utan smerter og i fred og fordragelighet med andre dyr. Dette fører også til at ein lever seg litt ekstra inn i universet, og lar tankene spinne videre i historia.
«Vindeltorn» er ein strålende fantasyroman for born og unge. Nyutgivelsen innehar magiske illustrasjoner som framhever stemninga, mystikken og magien i historia, og gir boka eit ekstra løft. Illustratører, forfatter og forlag har dermed gjort ein kjempejobb med å skape nytt liv til ein tidligere utgitt bok. Dette er ei bok som garantert vil glede mange med si historie og sine mange illustrasjoner. Ein vert dratt inn i universet og ynskjer å bli der lenge etter at boka er lest. Ei særs velskrevet bok med mange magiske tvister.
TERNINGKAST: 5+