Ball-gjengen er tilbake med nok ei oppsummering av fotball-året som har gått.
- Norsk tittel: Ball 25
- Forfatter: 13 forskjellige
- Sjanger: Fotball
- Antall sider: 179
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Trofeo bok
Thomas Aune er redaktør for denne boka. Han er mest kjent som programleder for podcasten «Fotballklubben», og «Plenum» frå NRK P13, og har også utgitt nokre bøker. Med seg på laget til denne utgivelsen har han Kasper Wikestad, Aleksander Schau, Petter Veland, Morten Galåsen, Christopher Hylland, Pål Karstensen, Emanuel Roșu, Per Asbjørn Solberg, Geir Jacobsen, Simen V. Gonsholt, Thore Haugstad og Runar Skrøvset.

Pussige skader, tragiske dødsfall, mislykket utpressing, store seire og noen elendige lag som endelig vinner. Ball 25 gir deg alt alt det viktige, uviktige, gøyale, triste og interessante fra fotballåret 2025, og det du bør huske fra EM, Premier League, La Liga, Bundesliga, Eliteserien, Toppserien og mye mer.
Denne boka er eit leseeksemplar frå redaktør. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ball25».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er eit tilbakeblikk på fotballåret 2025 (minus desember 2025). Her finn ein blant anna utdrag frå det som hendte i dei største ligaene, morosamme historier, dårlige landslag som vinner, EM for kvinner og absurde hendelser frå breddefotballen verda rundt.
Thomas Aune, som er redaktør for boka, har fått med seg mange frå forrige års utgivelse, Ball24, men har også hentet inn nokre nye bidragsytere. Alle er genuint interessert i fotballen, og har sin ekspertise innad i denne idretten. Dette vises att i teksten, og ein kan formelig sjå at dei bobler over av gode historier og faktaopplysninger om kva som har skjedd dette fotballåret.
Da han forlot den saudi-arabiske halvøy, hadde klubben brukt over tre og en halv milliard kroner for å få ett mål, en straffebom og tre målgivende pasninger i utbytte.
Ligaene frå dei store nasjonene er sjølvsagt representert. Her finn ein velskrevne oppsummeringer frå LaLiga, Premier League, Serie A og Bundesliga. Eliteserien og OBOS-ligaen er også sjølvsagt med. Dei er også innom Tyrkia, Sverige, Argentina og Toppserien. Når det kjem til landslag, så er Noreg sine prestasjoner eit hett tema, og det er laget plass til eit kapittel om kult-laget San Marino. Og innimellom alt dette får me dagbok-kapitler frå kvar måned i året som har gått.
Det er innsiktsfulle og opplysende kapitler om lag, ligaer og enkeltpersoner, og det er ein imponerende kvalitet på det bidragsyterne leverer. Med 13 forskjellige personer som kjem med sine bidrag, skulle ein kanskje tru at det ville være av variabel kvalitet, men når dei får skrive om det dei brenn for, så føles det naturleg og forteljarstemma kjem til sin rett.
Hva kunne gå galt? Allan Nyom entret banen da klokken viste 75:22, slang armen opp i ansiktet til Vinícius Júnior etter 76:01 og ble vist det røde kortet etter 76:06. Spillet ble satt i gang igjen etter 78:40, og Kylian Mbappé ble matchvinner etter 79:05. You had one job…
Det er eit rikholdig og variert innhald som er ein fryd å lese. Noko hugser ein frå før, og kjenner godt til, medan andre ting er fullstendig nytt og interessant. Ytterpunktene er store og det er det som gjer at denne boka er ein sann glede for alle fotballfans der ute.
Det er ein fin balanse mellom det opplysende, det interessante og seriøse, og dei morosamme historiene og artige fakta som har skjedd gjennom året. Ein «fotballidiot» trur kanskje han har rimelig kontroll på det som skjer i fotballverdenen, men det er heilt til ein har lest denne boka. Her graves det opp informasjon frå bakgater i Argentina, til den 80 år gamle rumenske landslagssjefen Mircea Lucescu.
Alexander Schau har tatt eit dypdykk inn i FA’s oversikt over suspensjoner i alle ligaene i England. Her finn han ein god del gullkorn av bøter som er blitt gitt opp gjennom årene. Eit artig kapittel som også viser utviklinga når det kjem til straff og suspensjoner.
Boka er lettlest og oversiktlig. Ein kort introduksjon av bidragsyterne er å finne ved kvart kapittel. Ein av bokas store styrker er at det som kanskje kan virke litt «traust», er det beste. For min del så var kapittelet om Romania eit stort høgdepunkt. Å lese om karrieren til landslagssjefen var meget interessant.
Statistikken sier at han er den tredje mest meritterte manageren i fotballhistorien. Han har vunnet 35 trofeer og ligger rett bak Pep Guardiola og Sir Alex Ferguson på lista. Livshistorien hans er utrolig – for å si det mildt.
«Ball25» er ein herlig oppsummering og ei salig blanding frå europeisk fotball og verda ellers. Alt er skrevet av særs fotballkompetente bidragsytere som skriv frå sitt fagfelt. Det er morosamt, opplysende, interessant og ein fryd å lese. Denne boka er ei julegåve til alle fotballinteresserte der ute som varer året rundt!
TERNINGKAST: 5+