Velskrevet novellesamling med store kontraster i historiene.
- Norsk tittel: Gressflyverne
- Forfatter: Per Thorstensen
- Sjanger: Noveller
- Antall sider: 118
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: KASBA forlag
Per Thorstensen (Født 1967) er utdanna journalist og lærer. Han debuterte som forfattar med romanen «Avslutteren» i 2015, og gav ut «Operasjon Stella» i 2022. I 2025 kom han ut med novellesamlinga «Gressflyverne».

Hva gjør du når du er i selskap, og skjøten på lampeskjermen står vendt rett imot deg? Eller hvis du skal være vikar-trommeslager i verdens mest berømte band, på klodens største live-gig? Gressflyverne gir deg svaret på disse og mange andre store og små spørsmål.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Gressflyverne».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei novellesamling som består av 14 noveller.
Thorstensen har i denne boka samlet noveller som inneheld store kontraster. Det er ingen raud tråd gjennom boka, annet enn at det meste foregår på eit medmenneskelig aspekt.
Ein finn småartige og absurde historier, ein finn triste og melankolske historier, og ein finn historier som speler på menneskesinnet og dets irrganger. Variasjonen er med andre ord store.
Det varieres mellom jeg-person og tredje-person fortellinger. Når det er jeg-fortelling så kan forfatter komme nærere karakteren ved å skrive meir om tankesett og følelser der og då. Medan i tredje-person tar han eit steg tilbake og skildrer meir om det som skjer rundt personen. Vekslingen her passer samlinga og historien på ein solid måte, og det viser at dette har vert gjennomtenkt.
Høstvinden var kald mot kinnene, og hun prøvde å forestille seg at den blåste bort minnene fra dagen, fra ukene og månedene, men de satt fast. Som små glasskår i huden.
Novellene er velskrevet og dei treff ei nerve. Eg må seie at dei var overraskende fengende, med tanke på innhaldet i dei. Ta f.eks novellen «Lampeskjermstripen», der ein mann er på besøk hos ein kollega og oppdager at skjøten på ein lampeskjerm vender ut i rommet mot der dei sitter. Han klarer ikkje å tenke på annet enn å ville snu den lampeskjermen, men vil ikkje være uhøflig heller. Dette har altså Thorstensen skrevet ei heil novelle om. Og det «verste» er at den faktisk er veldig bra. For det er noko menneskelig og gjenkjennelig godt skjult i tankene til hovedkarakteren. Små detaljer som sitter der dei skal, og som gjer at novellene fenger.
Novellene innehar avsnitt og dei er ikkje så veldig lange. Dette fører til at boka er lettlest. Innhaldet varierer i stemning, men for det meste er det ein lett tone. Samtidig er det kanskje dei melankolske novellene som er dei beste. Særskilt «Ett ubesvart anrop» er ei novelle som treff deg midt i hjarterota.
Når hadde han sist snakket med Kristian, den eneste sønnen sin, det eneste barnet sitt? Han visste ikke, men han hadde en sterk følelse av at det var veldig lenge siden. Den varme følelsen spredte seg fra brystet og ut i hele kroppen hans, som om han ble tint opp igjen etter å ha vært fryst ned i åresvis. Han skulle treffe sønnen sin, og familien hans. De skulle lage mat. De skulle spise sammen. Barnebarnet skulle være der også. Det var nesten ikke til å tro.
Ein veit aldri heilt kva ein går til når ei ny novelle skal leses. Enkelte har delvis opne slutter, medan andre får ein form for avslutning. Fleire av novellene handler om å ta valg, om menneskesinn og det medmenneskelige. Men det handler også om mobbing og hevntanker. Ei novelle er innom andre verdskrig, medan ei anna er skrevet på dialekt der hovedkarakteren er ein skikkelig bygdeoriginal.
Øra var gedigne og stod rett ut, til begge sider. Nesa såg ut som eit svært jordeple, eller potet som dei fleste kallar det, ja ho var så svær nesa te Tallak, at han ikkje torde vere med på jordeple-plukkinga om hausten, for han var redd for å hamne på middagsbordet te nokon.
Forfatter er innom unge og gamle personer, og bruker heile registeret i så måte. Det er ein fin vinkling og det ligg ein tematikk og bodskap til grunn i dei aller fleste novellene. Det er få personer involvert og dermed får ein eit godt overblikk og nærhet til dei som er med på ein rask og enkel måte. Det er effektivt og det fungerer utmerket.
«Gressflyverne» er ein velskrevet novellesamling med store kontraster. Forfatter har nytta seg av gode verkemidler og på ein effektiv måte treff han ei nerve hos meg som lesar, uavhengig av tematikk i novellene. Per Thorstensen er ein forfattar ein bør legge merke til, for det er kvalitet i alle ledd.
TERNINGKAST: 5