Frida i Aquador av Frode Øverli

Frode Øverli briljerer med si historieforteljing.

  • Norsk tittel: Frida i Aquador
  • Forfatter: Frode Øverli
  • Sjanger: Barn og unge
  • Antall sider: Ingen sidetall i boka
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Frode Øverli (Født 1968) er ein teikneserieskaper som står bak blant anna den folkekjære Pondus-serien. Han står også bak Rutetid og Riskhospitalet. I 2025 gav han ut teiknserieboka «Frida i Aquador».

Frida legger av og til ut på nattlige reiser hun overhodet ikke har planlagt. Under en av disse havner hun i landet Aquador. Her får Frida to nye venner, Mica og Nico, men hvorfor er hun den eneste som kan høre mystiske rop om hjelp fra dypet ved Den døde klippen? Dette undervannsmysteriet må Frida til bunns i!

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Frida i Aquador».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette

Dette er ei teikneseriebok som passar for born frå 8 år og oppover. Det er bok nr. 2 i serien om Frida, og den er frittstående.

Frida er dotter av Pondus og Beate. Ho plages ofte av nattmonstre og livaktige draumer, så også i denne boka. Ho begir seg ut på ei reise som skal bli farleg, men også hjertevarme vennskap skal knyttes. Velkommen til eit univers i kjent Øverli-stil.

Forfatter er nok ein av Noregs mest kjente teikneserieskaper, om ikkje den mest kjente. Nyheten om at han gir seg med Pondus var ein trist nyhet, men om han velger å gå over til å lage bøker som dette, så er norske teikneserier i gode hender.

Aquador er ei fantasiverd som virker bedagelig og fredfullt på overflata, men nede i sjøen lurer farer og ein kamp på liv og død. Skapningene i dette universet ligner litt på nebbdyr, og dei er hjelpsomme og snille. Milde og koselige vesener som ser vennlige ut, noko som også bekreftes av væremåten deira. Her møter me fyrst og fremst Mica og Nico, to venner som konkurrerer om alt. Desse to redder Frida på sjøen, og tar ho med til land. Dette menneskebarnet skaper stor oppstandelse, og blir raskt tatt hånd om.

Ved Den døde klippen høyrer Frida rop om hjelp. Rop som berre ho kan høyra. Kva skjuler dette stedet, og kven er det som treng hjelp? Øverli har klart å skape ein småmorsom, engasjerende og tidvis skummel historie for dei minste. Me møter på monstre og skumle vesener under vannoverflata, som gjer alt dei kan for at Frida og hennes to venner ikkje skal nå ned til det som befinn seg i djupet ved Den døde klippen.

Ein finn underliggende bodskap som skaper gode motsetninger. Her finn ein også ein klassisk kamp mellom det gode og det onde. Det er litt alvor blandet med dei kjente og humoristiske dialogene som Øverli er kjent for å skape.

Sjølv om det aller meste handler om Frida og vennene hennes, så er det ikkje heilt Pondus-fritt. Litt familieliv er det blitt plass til, men i all hovedsak er dette ei historie om Frida på eiga hand i ei verd som er eit brekningspunkt mellom draumeverden og vår verd.

Øverli nytter seg av fri fantasi og leker seg i eit nytt og fargerikt univers. Det er passelig mange karakterer å forholde seg til, og den er lettlest til tross for at den ikkje er delt opp i kapitler. Det er ein del tekst gjennom boka, men ikkje verre enn at borna fint kan lese seg gjennom historia på eiga hand.

Det er ein fin og heilhetlig historie som kumulerer i eit metaforisk bilete på siste side, som verkeleg viser at Øverli tilhører det absolutte toppsjiktet av teikneserieskapere i Noreg. Illustrasjonene er lett gjenkjennelige og det er ein fryd å sette seg ned og la seg føre inn i eit univers som berre Øverli kan skape.

«Frida i Aquador» er ei historie som er spennende, humoristisk og innehar underliggende gode bodskap. Den er laget i kjent Øverli-stil og kjem garantert til å skape mykje leseglede rundt om i hjemmene.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar