Logg av av Erin Loechner

Ein dokumentar om korleis få born og unge vekk frå digitale flater.

  • Norsk tittel: Logg av
  • Original tittel: The Opt-Out Family
  • Forfatter: Erin Loechner
  • Sjanger: Dokumentar
  • Antall sider: 350
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Luther Forlag

Erin Loechner er forfattar. Ho gav ut «The Opt-Out Familiy» i 2024, som er den engelske utgaven av «Logg av» som vart utgitt på norsk i 2025.

Erin Loechner hadde karriere som internett-personlighet med millioner av følgere. Så hoppet hun av karusellen. I «Logg av» forteller hun fra innsiden hvordan teknologiskaperne tenker, og hvilke triks de bruker for å holde på oppmerksomheten vår.
«Logg av» er ikke bare en bok med advarsler og skremmende historier om hvordan det kan gå galt når vi overlater oppdragelsen til skjermene. Det er først og fremst en bok med konkrete ideer og inspirasjon til å skape oss en bedre framtid for familien, til å knytte bånd som er sterkere enn skjermenes makt over oss.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Luther Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Logg av».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein dokumentar som tar for seg korleis dei store teknologiskaperne tenker, og gode råd og tips til at ein kan få særskilt born og unge meir vekk frå digitale flater.

Boka er delt inn i 2 deler med underkapitler. Gjennom teksten viser forfatter ofte til studier og statistikker, og bruker si eiga livshistorie og erfaringer som grunnlaget for boka.

Når det kjem til statistikker og slikt, så er det aller meste rettet mot det amerikanske markedet, men ein ser at mykje av det gjenspeiler samfunnet også her i Noreg.

Det er eit forord i boka som er skrevet av Siri Sjøgren Selmer, som skriv om kva me har i vente med denne boka. Ho er inne på vesentlige ting som er verdt å tenke over medan ein les boka.

Du tror kanskje når du kjøper denne boka, at du får en oppskrift på et skjermfritt liv. Det får du. Men du får så mye mer. Du får innsikt i de digitale overlordenes (les: Meta, AI Google, TikTok, Snapchat) tankesett. Du får lære om algoritmene. Du får hårreisende nyheter om den digitale industrien. Du får tips om hvordan du kan leve et bærekraftig liv. Og du får kloke ord om hva som skal til for å finne lykke, ikke bare dopamin-basert klikk-lykke, men lykke i den virkelige verden.

Det er lagt opp til spørsmål, reflektering og øvelser undervegs i boka. Dette er ein fin måte å inkludere lesar med inn i tekst og formidling av bodskap. Eg syntes at tidvis var det einspora når det kjem til bodskap. Forfatter tar opp meir eller mindre kun det negative med internett, sosiale medier, KI osv.. Ja, folk vert ekskludert og mobbet, og ja, ein kan finne mykje dritt og elendighet som ein ikkje bør sjå med nokre få klikk… Samtidig er også sosiale medier og internett for mange ein fristad frå kvardagen. Kanskje det er her dei kan være seg sjølv. Kanskje det er her dei har sine verkelige venner.. Eg sakna å sjå litt fleire ting frå to sider gjennom teksten.

Mykje av tall og statistikker Loechner legg fram er sjølvsagt skremmende tal. Og dette er mat for konspiratorikere, for her er det mykje informasjon å hente ut. Algoritmer er noko som vert meir og meir aktuelt, og som mykje av dagens sosiale apper er bygd opp rundt. For som det står i boka, så er det slik at selskap som står bak veit meir om sonen eller dottera di enn du sjølv gjer. Ein legg frå seg mykje informasjon gjennom det ein trykker på og det ein skriv inn av personlege attributter.

En nylig undersøkelse fra den ideelle organisasjonen Center for Countering Digital Hate viste at det kan ta mindre enn tre minutter fra en bruker registrerer en TikTok-konto til det blir vist innhold relatert til selvmord, og etter fem nye minutter blir de introdusert for et fellesskap som fremmer spiseforstyrrelser (Murphy 2022). Forskningen er helt krystallklar: Soverommet til barna våre har blitt til krisesentre.

Rundt om er det «bokser» med oppgåver, refleksjoner, tips og råd. Dette er eit nyttig verkemiddel, og det er ingen tvil om at forfattar har gjort ein grundig jobb med å formulere spørsmål og oppgåver inn mot lesar. Ho trykker på dei rette knappene og spissformulerer saker og ting, for å få opp augene til folk. Det lykkes ho til de grader med.

Det er eit kritisk syn på den digitale utviklinga, særskilt blant born og unge og også dette med at nesten all skulearbeid idag foregår på digitale plattformer. Det har vert ei rivende utvikling, og det ser ikkje ut til å stoppe med det fyrste heller. Loechner vil med denne boka få folk til å legge frå seg alt det digitale, og heller finne på noko saman. Gå ut i naturen, spel eit brettspel, gå på besøk og rett og slett finne på noko saman. Her kjem ho med gode råd og tips om aktiviteter for å få born og unge bort frå digitale flater.

Det handler om å stoppe opp, og legge merke til alt det teknologien trygler oss om å overse: jorden under føttene våre og rødstrupen i luften over oss, men mest av alt de bankende hjertene foran oss. Det handler om å takke og be, mens vi løfter blikket og skuer mot det større bildet som venter oss på den andre siden av skjermen. Det handler om å ta tiden tilbake. Det handler om å ta livet tilbake.

Gjennom teksten ser ein at boka er meir målretta mot born, og ønsket om at dei skal få vekse opp utan å ha nasa konstant ned i ein skjerm. Her er det viktig at dei vaksne er gode foregangsfigurer, og går foran med eit godt eksempel. Denne boka er i så måte ein meget god start. Loechner går djupt ned i materien, og det er ikkje vanskeleg å sjå at dette er noko ho verkeleg brenn for. Ein kan formelig sjå ho stå der å gestikulere med armer og snakke energisk medan ein les.

Det er godt organiserte kapitler. Desse kan stort sett leses uavhengig av kvarandre, noko som er eit stort pluss. Det er ord og uttrykk som ein kanskje ikkje har høyrt om før, men forfatter tar seg tid til å forklare. Som f.eks algoritmer og disrupsjon er nok noko ikkje alle kanskje er like kjent med frå før av.

Forfatter skriv om korleis dei største sosiale mediene, som Facebook, TikTok, Snapchat og X er bygd opp, og kva som ligg til grunn for det dei held på med. Det er kanskje noko synsing og antakelser, men det er mykje sannhet i det også, og ho har fakta og gode referansepunkter i ryggen for det ho skriv. Og det er skremmende lesning.

Det er eit godt og kraftfullt språk. Det er ein forfattar som skriv med lidenskap og som vil gjere alt som står i hennes makt til å få folk til å innsjå kva som er i ferd med å skje med dagens born og ungdom om ikkje ein setter ned foten. Det er ein forfattar som taler eit tydeleg språk og har klare, konsise tanker og stor, stor formidlingsevne.

Litt motsetninger vert det når Loechner vil få folk vekk frå digitale flater, men samtidig peprer boka med spesifikke lenker ein kan gå inn på for å lese meir på hennes sider. Men slik er det i dagens digitale samfunn. Skal ein nå ut til mengden, så kan ein ikkje unngå å bruke internett og sosiale medier.

«Logg av» er ei tankevekkende og særs velskrevet bok om å få særskilt born og unge til å legge frå seg digitale flater i langt større grad enn det ein gjer i dag. Med blant anna praktiske øvelser og reflekterende spørsmål retta mot lesar, får forfattar fram sitt bodskap på ein strålende måte. Erin Loechner har ei tydelig stemme og ein stor formidlingsevne som er både overbevisende og mektig imponerende. Dette er ei bok som setter ting i perspektiv og som er til ettertanke.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar