Overraskende god novellesamling på nynorsk.
- Norsk tittel: Inn i løynde rom
- Forfatter: Marit Olaisen
- Sjanger: Noveller
- Antall sider: 178
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Liv Forlag
Marit Olaisen (Født 1946) er pensjonert bibliotekar. Ho debuterte som forfattar med boka «Lunner Bibliotek 1911-2011. Hundre års histore», og kom i 2019 ut med novellesamlinga «Inn i løynde rom».

Desse novellene handlar om livet i og rundt norske folkebibliotek frå 1950 talet til omkring tusenårsskiftet. Dei tek oss med inn mellom bokhyllene, inn bak skrankane, ned i dei mørke, støvete kjellarmagasina, og inn i veremåtane og tankane til bibliotekarbeidarane: Den unge, uerfarne praktikanten, den pedantiske biblioteksjefen, den strenge, pirkete lesesalbibliotekaren, den kantete, asosiale, mannlege bibliotekaren, og dei andre meir eller mindre særeigne personane som held seg der inne mellom bøkene.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Inn i løynde rom».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei novellesamling som handler om norske folkebibliotek og blant anna om utviklinga opp gjennom åra. Boka er skrevet på nynorsk.
Boka består av 7 noveller, og handler hovedsaklig om bibliotek, bøker, personer som låner, dei som sit bak skranken og dei som styrer. I kvar novelle får me eit innblikk i dei forskjellige tidsperiodene, og den videre utviklinga som har skjedd opp gjennom åra. Det er med andre ord ei nostalgisk reise. Samtidig er dei ei handling i kvar novelle, me møter nye personer og nye dilemmaer oppstår.
Olaisen tar oss med frå rundt 1950-talet, og fram til rundt 2000-talet. Her skildrer ho korleis nye bøker vert registrert, korleis utlånet foregikk osv osv, og ein får være med forskjellige bibliotekarer på denne reisa, på godt og vondt. Nokre er sterkt i mot den fornyinga som skjer, medan andre forsøker å utvikle og komme opp med heilt nye ideer.
Skal ein ha god utbytte av denne boka, så bør ein nesten ha opplevd hvertfall deler av den utviklinga som har vert. Ein bør også like bøker og kjenne til korleis eit bibliotek fungerer med lån, retur og alt det der. Før i tida foregikk alt manuelt, og det er der eg synes at boka er på sitt beste. Den nostalgiske reisa, dei herlige skildringene, og dei sære lånekundene som rusler mellom bokreolene.
Ho laut venje seg til nyvinningane som kom. Men det rann ei sorg i henne. Alt skulle gå raskare, vere meir effektivt, heile tida skulle ein gjere meir på kortare tid. Og det kom heile tida nyvinningar som skulle hjelpe ein med dette. Men ved alle nyvinningar er det noko som går tapt, noko av det gode, tilvande, verdiar som ein set pris på, som ein kan kvile i, vere trygg i.
Novellene spenner seg frå den vetle og overfylte loftetasjen på 50-talet, til det store, moderne, lyse og luftige biblioteket på slutten av 90-talet. Og det er noko med dei minnene som sit att når ein går inn i eit lite, overfylt bibliotek. Lukta av bøker som slår i mot deg når ein åpner døra inn til biblioteket. Rusle rundt mellom reolene for å forsøke å finne ei bok som ein kan ha glede av. Minnene av den gode følelsen fekk eg att gjennom dei fyrste novellene.
Boka er skrevet på nynorsk. Og det på «skikkeleg» nynorsk. Til og med eg som er frå nynorsk-delen av landet vurderte å slå opp kva enkelte ord tydde. Det er med andre ord pertentlig skrevet, og det skinner gjennom som ein raud tråd.
Det er ein god del miljøskildringer i novellene som kler historiene fint. Det er ei melankolsk forteljarstemme med eit skarpt blikk for detaljer. Med sine gnistrende skildringer er det lett å føle på stemninga, lydene, luktene og kva tanker personer gjer seg.
Bussen køyrde. Skogen låg tett langs vegen. Av og til såg ho ein smal, rett veg som strekte seg frå hovudvegen innover i skogen. Og nokre gonger skimta ho eit gråkvitt hus i enden av vegen. Men elles berre skog, skog. Tunge, høge grantre var alt ho såg.
Ein del gjentaking i f.eks arbeidsmetoder vert det, men ein treng nødvendigvis ikkje lese heile boka i eit stort jafs. Den er óg veldig fin å ta fram mellom andre bøker, og noko ein kan mimre til i ny og ne.
Olaisen skriv om tida som var, og det er nesten som det er noko sårt over teksten, tidvis på grensa til det lyriske. Ho klarer å dra meg som lesar inn i novellene, på samme måte som karakteren i den siste novella dreg folk inn i det sære biblioteket sitt. For historiene er sprikende, nokre meir triste og grå, andre er meir lystbetonte med innslag av humor.
Sjølv om det er forskjellige typer karakterer me vert kjent med gjennom boka, så har alle ein ting til felles; Forkjærlighet til bøker, leseglede og den barnlige forventningen av å dypdykke inn i ei historie, og la seg rive med av handlinga. Og alt dette klarer forfatter å videreformidle gjennom teksten.
Mons stirde, sto heilt still, rørde ikkje på seg, ikkje på beina, ikkje på armane, ikkje på ein finger. Berre hovudet, augo, vende seg hit og dit. Stirde. Så mange bøker hadde han aldri sett i heile sitt liv! Dei sto tett i tett i hyller bortetter heile det store, lange rommet, langt, langt bortover. Og to av veggane var også dekte av bøker. Han såg og såg, munnen open, augo store, lysande.
Boka er frå 2019, men den held seg den dag i dag, og er fortsatt lett å få tak i gjennom nettbutikker/forlag.
«Inn i løynde rom» tar deg med på ei reise inn i folkebibliotekenes verd. Den byr på strålende skildringer, mimring, herlege karakterer og ei melankolsk forteljarstemme. Ein bør ha glede av bøker, og gjerne også kjenne til korleis bibliotek var før tusenårsskiftet for å få fullt utbytte av boka. Ei overraskende god novellesamling som tok meg med på ei herleg reise tilbake i tid.
TERNINGKAST: 5