Ein skummel grøsserroman for born og unge.
- Norsk tittel: Grøsserøy – Den femte etasjen
- Forfatter: Matias Alegria
- Illustratør: Sara Hjardar
- Sjanger: Born, Unge, Grøsser
- Antall sider: 104
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Kagge Forlag
Matias Alegria (Født 1995) er ein norsk TV-profil, kjent frå NRK og NRK Super. Han er også skuespeler og forfattar. Han debuterte med dokumentaren «Verdens råeste haier» i 2022. «Grøsserøy – Den femte etasjen», som vart utgitt i 2025, er hans skjønnlitterære debutroman. Sara Hjardar (Født 1998) har ein bachelor i grafisk design og illustrasjon frå kunsthøyskolen i Oslo. I 2021 vann ho Egmonts store tegneseriekonkurranse, og det ferdigutviklede resultatet vart «Mia Myhr og barna som forsvant» som kom ut i 2022. I 2023 kom ho ut med «Mia Myhr og kaoskrystallen», som er fortsettelsen i denne serien. Ho står bak illustrasjonene i grøsserromanen for born og unge, «Grøsserøy – Den femte etasjen».

Søsknene Zara og Zimon flytter til Grøsserøy sammen med sine to fedre og lillesøster Nina. Snart begynner det å skje mystiske og skumle ting i blokka de bor i. Hele femte etasje er ubebodd og mørklagt. Hva skjuler seg der oppe? En kveld mens Zara pusser tenner, kommer det hår ut av vasken i stedet for vann. Og hvem er den grå dama på huska utenfor skolen? Zara og Zimon er både nysgjerrige og redde, og når de endelig bestemmer seg for å ta heisen til femte etasje, blir det farlig. Spesielt for Zimon.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Grøsserøy».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein grøsserroman, og fyrste bok i ein serie. Boka passer for born og unge frå 9 år og oppover.
Ein familie flytter til ei boligblokk på Grøsserøy. Det tar ikkje lang tid før skumle ting byrjer å skje, særskilt i den ubebodde etasjen. Femte etasje er fullstendig mørklagt, og dei to søskena Zara og Zimon byrjer å undersøke etasjen. Eit val dei skal angre bittert på…
Hovedkarakterene i boka er Zara og Zimon. Zara er eit år eldre enn broren, og saman bur dei i lag med lillesøstera Nina, og sine to fedre, Paps og Pappa. Zimon er den smarte av dei to, medan Zara er den meir empatiske og omsorgsfulle personen. Saman er dei sterke, men likevel livredde. Dei vert kjent med naboguten, Hugo. Han er ein mobber og ei plageånd. Men dei knytter etterkvart eit bånd til denne mystiske guten, og saman forsøker dei å finne ut kva som skjer i bygget.
Hugo trekker sekken så hardt nedover hodet på Zimon at han tvinges ned i bakken. Latteren som har omsluttet ham, gir seg gradvis, men Zimon blir sittende med sekken over hodet. Da kan ingen se tårene som presser seg fram.
Alegria legg hovedvekta på å gjere boka skummel, fremfor å bruke tid på å gjere lesar kjent med karakterene. Det eine går dermed ut over det andre, sidan me får lite informasjon om familien og om karakterene generelt. Sidan dette er fyrste bok, så kan ein alltid håpe på at dette vert porsjonert utover i serien.
Tittelen og omslaget oser av grøss, og nesten umiddelbart vert det skummelt. Forfattar nytter seg av klassiske grøsser og skrekk-element, som skygger, ting som kjem ut av vasken, lys som flimrer, born som snakker med usynleg person, hviskende stemmer osv osv.. Det er med andre ord ingen nyvinning, men det funker likevel heilt utmerket.
Kva foregår egentlig i femte etasje? Kvifor er den mørklagt? Og kva er historia bak? Det er mange spørsmål som kjem opp, og sakte, men sikkert får me hvertfall litt kjøtt på beinet. Men det mystiske består, og tankene flyter rundt om årsaker. Og når forfatter klarer å sette stemninga og banke inn diverse bilete og scenarioer i hovudet på lesar, så hen kan spinne videre på dette, ja då er mykje gjort.
Zara setter seg på huk ved siden av ham og prøver å roe ham ned. Så blir det iskaldt i rommet, og lommelyktene begynner å flimre. Zara stryker Zimon over håret, men han skriker bare enda høyere. Så slukner lommelyktene helt. Det eneste lyset som er igjen, er måneskinnet gjennom vinduet.
Eg er glad for at det er såpass mange illustrasjoner med for å sette den rette stemninga. Dermed kan forfatter bruke tida på handling, framfor å måtte skildre alt rundt. Illustratør Sara Hjardar har ein særegen stil frå sine eigne bøker, som ho implementerer her. Det er mørke teikninger, og viss ein studerer dei litt nærare, så kan ein definitivt få nokre grøss av å sjå på dei. Alegria og Hjardar er dermed ein god kombinasjon, og eg håper dei fortsetter samarbeidet i kommende bøker.
Tidvis kan ein føle litt på at det blir litt vél masse grøsser-effekter. Det eine etter det andre kjem veltende mot deg, men samtidig er den verkeleg skummel. Og eg er rimelig sikker på at dei yngre borna vil synes denne er noko av det skumleste dei har lest. Eg skal ikkje nekte for at enkelte scener fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på ein godt vaksen ungdom som meg også.
Han ser mot vinduet igjen og trekker fort dyna til seg. For i vindusruta ser han speilbildet av en dame som står i døråpningen, en dame med langt grått hår. Igjen begynner lyset i gangen å flimre, og for hver rykkvise flimring kommer damen nærmere og nærmere – og nærmere.
Dialogene er flytende og (heldigvis) foregår ofte på dialekt. Det skaper liv til samtalene, og det er lettere å skille personer frå kvarandre. Kapitlene starter med ei lita setning som skaper ein forventning av kva me har i vente. Eit artig lite verkemiddel som gjer lesar nysgjerrig, og dermed gjerne les eit kapittel ekstra. Nokre av kapitlene var derimot laaaange for målgruppa, her kunne ein med fordel delt dei inn i mindre kapitler.
Det er ikkje så ofte ein les denne type bøker for denne målgruppa. Det vert ofte i overkant barnlig, og forfattere har ein tendens til å skjerme borna frå det skumle. Matias Alegria sparer imidlertid ikkje på effektene og grøsserelementa, og i så måte er denne boka eit forfriskende innslag i ein jungel av bøker.
«Grøsserøy – Den femte etasjen» er fyrste bok i ein skummel grøsserserie for born og unge. Det kryr av effektfulle grøsserelement, og det er nok mange som vil la lyset stå på etter å ha lagt boka frå seg for kvelden. Til og med ein vaksen ungdom som meg sjølv fekk frysninger av enkelte scener. Viss du kjenner nokon unge som er glad i ei skummel bok, så er denne eit must! Ein strålende skjønnlitterær debut frå Matias Alegria, godt hjulpet av illustrasjonene til Sara Hjardar.
TERNINGKAST: 5