Eit alvorleg bakteppe er starten på ein kamp på liv og død i denne spenningsromanen.
- Norsk tittel: Adams tredje øye
- Forfatter: Petter Fergestad
- Sjanger: Spenning, Krim
- Antall sider: 328
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Liv Forlag
Petter Fergestad har bakgrunn som dr. techn. i elektroteknikk. Han debuterte som forfatter i ein alder av 78 år med spenningsromanen «Armageddon- algoritmen» i 2017. Sidan den gong har han utgitt fleire bøker, og i 2023 kom han ut med «Saltstøtten». «Adams tredje øye» vart utgitt i 2025, og er hans sjette spenningsroman.

Hjerneforskeren Ola Linge og hans kjæreste og kollega, Amelda Kirogwe, får inn en hjerneskadet pasient til klinikken sin i Drammen. Kombinasjonen av skade og behandling gir tilsynelatende pasienten overnaturlige evner. Eller kanskje noe langt mørkere? Pasienten knyttes til to mordsaker, og Ola og Amelda bistår politietterforskerne Krohn og Munthe i forsøket deres på å løse mysteriet og hindre at flere liv går tapt. Samtidig deltar Ola Linges klinikk i forskningsprosjektet «Superhuman», drevet av det internasjonale lege- middelfirmaet KnoWare. Bakteppet er at kunstig intelligens snart vil overgå oss, noe som kan bli starten på slutten for menneskeheten. I et kappløp med tiden prøver KnoWare å frigjøre slumrende superegenskaper i mennesket, som kunstig intelligens aldri vil kunne matche. Noe de anser som så viktig at enkeltskjebner blir uvesentlige.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Adams tredje øye».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein spenningsroman, og me møter att Ola Linge og Amelda Kirogwe. Boka kan fint leses frittstående, sjølv om det er referanser til den forrige boka, «Saltstøtten».
Adam Bugge er ein 13 år gamal gut som er eit unikum av kunnskap. Men ein dag blir han med på ein kjøretur med bror sin, som får store konsekvenser. Dei havner i ei bilulykke, og han får hjerneskade som går utover hans talent, men som samtidig gir ham klarsyn. Eit tredje øye, der han kan sjå kva som har skjedd, og fører politiet til fleire døde kropper. Men er han egentlig klarsynt, eller har han noko med de døde kroppene å gjere?
Starten av historia gjekk litt i sirup for min del. Det handler mykje om hjernebølger og venstre tinningslapp, som forsåvidt er ein vesentlig del av den videre historia, men som drar ned tempo.
Ved å velge forskjellig frekvensinnhold og fase kan vi velge om vi vil stimulere eller redusere hjerneaktivitet. I dette tilfellet ville vi redusere. Vi siktet inn bølgene mot det hjerneområdet som syntes å være filteret for kreative innspill og dermed nøkkelen til å trigge nye ferdigheter.
Etter som ting utvikler seg går det meir over i etterforskning, avhørssituasjoner og media som etterkvart vert innpåslitne. Dei får nyss i om at ein ung gut kan vere klarsynt og at han er koblet til fleire drapssaker. Då står dei klar med sensasjonsoverskrifter og higer etter eit intervju med Adam. Dette påvirker også etterforskningen, og ein får eit dynamisk og bra «samspel» i den forstand.
Fergestad er nok ikkje den som bruker mest tid på miljøskildringer, men han utelater dei likevel ikkje. Eg liker at han kjem med korte, men effektive skildringer som setter tonen for miljøet, før han gir seg i kast med det som er viktigst; nemlig nerven i historia.
Han stoppet og tok en slurk av kaffekruset som Krohn hadde satt fram. Et sted nedenfor vinduet hørtes lyden av et barn som var tydelig på at verden gikk det imot.
Ein del logiske brister er det. Som f.eks at politiet er defensive og blir tidvis latterliggjort. Når nøkkelvitner skal avhøres, så stresser dei ikkje. Det virker som om det ikkje gjer noko om dei kjem innom dagen etter, eller over helga. Det er med andre ord eit politikorps som ikkje heilt føler at det Adam seier at han ser, er truverdig. Likevel er det ein gong slik at når ein finn døde personer, så pleier det å bli meir effektivitet…
Språket er godt og det er korte kapitler, som gjer boka lesevennlig. Nokre spenningstopper og enkelte gode cliffhangere held på intensiteten der det er nødvendig. Det er eit heilt greit plott, men viss ein les litt mellom linjene, så greier ein å skjønne kva veg det går ei god stund før etterforskerne finn ut av saker og ting.
Ein blir litt betre kjent med bakgrunnen til særskilt Amelda. Ho har sine traumer og indre demoner å bekjempe, medan Ola Linge står ved hennes side i last og brast. Saman må dei kjempe mot fortida, nåtida og overbevise politi og andre om at Adam faktisk er klarsynt. Men kan dei egentlig vite det? Og korleis kan dei eventuelt bevise det? Liv står i fare, og det vert ein kamp med tida. Adam er i ferd med å bli dømt for drap, medan indre og ytre krefter forsøker å utnytte hans «evner».
Tretten år gammel var hun blitt gravid. Med faren sin. Da hun fortalte ham det, hadde han slått henne til hun besvimte.
Det handler også litt om KI og kva veg me er på veg til. Vil kunstig intelligens overgå mennesket, eller vert det eit kappløp der mennesket heile tida må vere eit hestehode foran for å ha kontroll? Det vert synsing rundt dette, og det er eit betimelig spørsmål Fergestad tar opp i denne romanen.
«Adams tredje øye» er ein spenningskrim som byr på ei interessant historie om eit tema som har opptatt mennesker i århundre. Klarsynthet er eit tema som alltid har hatt litt mystikk rundt seg, og det speler Petter Fergestad på. Eg liker vinklingen til forfatter, og måten han blander bidrag frå virkeligheten med ein solid dose fiksjon.
TERNINGKAST: 4