Slåssfjell – Infernum av Kristian Mehlum Lie

Ny spenningsserie for born og unge som treff ei nerve hos lesar.

  • Norsk tittel: Slåssfjell – Infernum
  • Forfatter: Kristian Mehlum Lie
  • Illustratør: Jonny Andvik
  • Sjanger: Born og unge, Spenning
  • Antall sider: 111
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Lønn Forlag

Kristian Mehlum Lie gav ut barneboka «Konstabel Bannefinger og Doktor Even: Mysteriet på Fismyra Bryggeri» i 2021. Dette vart starten på serien om Konstabel Bannefinger, og i 2024 kom han ut med den sjette boka i serien. I 2025 gav han ut «Slåssfjell – Infernum», som er fyrste bok i ein spenningsserie for born og unge.

Tretten år gamle Oliver oppdager at noe er alvorlig galt i Tønsberg. Barn i byen forsvinner uten spor. En mann blir funnet død, hengende fra Slåssfjelltårnet. Et hus brenner ned til grunnen, uten at noen ser ut til å bry seg. Sammen med bestevennen Alva begynner Oliver å grave i mysteriene som hjemsøker Tønsberg. I en hule under Slåssfjelltårnet ramler de over en mystisk bok som røper grusomme hendelser. Kan den forklare hva som skjer? Sannheten viser seg å være farligere enn de kunne forestilt seg. Mørke krefter er villige til å gjøre hva som helst for å skjule byens hemmeligheter, og Oliver og Alva må ta opp kampen, på liv og død.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Slåssfjell – Infernum».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er fyrste bok i ein ny spenningsserie for born og unge. Målgruppa er satt til 10-14 år.

Handlinga er lagt til Tønsberg, der mykje skjer. Det er born som forsvinn, person som vert funnet hengende død frå Slåssfjelltårnet, og andre ting som ikkje har ein logisk forklaring. Oliver og Alva byrjer å undersøke litt rundt tårnet oppe på Slåssfjell, og kjem over noko som skal setje dei i umiddelbar stor fare. Det er mørke krefter som gjer alt for å bevare på hemmeligheter…

Det fyrste som møter lesar i denne boka er ein illustrasjon som setter tonen og stemninga for heile boka, og forhåpentligvis resten av serien. Og nettopp illustrasjonene er virkelig eit blikkfang, til tross for at dei er teikna med røffe streker i svart/kvit. «Enkle», men effektfulle illustrasjoner som kler teksten på ein solid måte. Så all kredit til illustratør Jonny Andvik som har ein særegen teikneteknikk, hvertfall til denne boka.

Våre to hovedkarakterer er Oliver og Alva. Begge er 13 år, og like eventyrlystne og nysgjerrige. Noko som skaper god framdrift i historia, men som også setter dei i situasjoner dei helst skulle unngått. Eg liker at det er ein gut og ei jente som preger historia, sidan ein får ein form for balansegong gjennom teksten. Og her kan kanskje både gutter og jenter kjenne seg igjen i karakterene på kvar sin måte.

Det som skiller denne boka frå andre ungdomsbøker er definitivt innhaldet. Sjeldan har eg lest eit meir makabert innhald til denne målgruppa. Eg føler at Mehlum Lie strekk strikken langt, men samtidig synes eg at det er heilt innafor. Han er innom grøssersjangeren også, noko som skaper det lille ekstra når det drar seg til både over og under jorda. Det er mørk, klaustrofobisk og ein føler på stemninga i boka at noko er fryktelig galt. Det henvises til blant anna mørke krefter og demoner, gamle bøker og symboler. Spenningsnivået er med andre ord ingen ting å seie på.

Borte i hjørnet blir hviskingen til prating. Skikkelser vugger frem og tilbake som gyngehester med satantryner. Svarte kapper henger ned til gulvet.

Forfatter nytter seg av dei fleste kjente miljøskildringer for å skape den rette stemninga. Det er mørkt, dystert og han trekk inn både rotter og skrikende kråker i historia. Ein kan dermed formelig føle kva våre to hovedkarakterer går gjennom.

Oliver er ein karakter som har ein mystisk bakgrunn. Begge foreldra hans forsvant når han var liten under merkelige omstendigheter. Dermed var det bestefaren hans som tok seg av ham. Bestefaren er døv, og dermed har Oliver lært seg både teiknspråk og det å kunne lese på lepper, noko som kommer godt med utover. Hans bakgrunn skaper med andre ord ein god bi-historie, og ein får samtidig eit fint bånd mellom ung og gammel.

Det er fine lengder på kapitlene, eit strålende språk og god framdrift i historia. Tidvis kan det vere litt forvirrende og plutselege omveltninger, men dette skaper også meir mystikk rund det som skjer.

Pusten min er ujevn. Som en tyv, sniker jeg meg opp til døra, gløtter inn. Innenfra huset kommer et hyl. Blodet mitt fryser seriøst til is, selv om lufta rundt oss koker! Jeg knytter nevene og spurter inn. Bråstopper.

Sidan det foregår ting både over og under jordoverflata, så har Mehlum Lie skapt to vidt forskjellige univers som samtidig smelter inn i kvarandre. For dei har nemlig ein ting til felles; det er like mørkt og dystert begge steder. Ein får med andre ord få pauser frå det mørke, men det held til gjengjeld spenninga oppe.

Det er ikkje alltid like lett å engasjere born og unge til å lese bøker. Denne boka har eit innhald som omfatter litt vald og banning, ein god dose mørke krefter og er generelt småskummel og spennende. I tillegg har den illustrasjoner som kan skremme nokon og ein kvar. Det er vågalt av forfatter, men samtidig er det noko befriende og nytt over det heile. Eg håper at foreldre gir boka ein sjanse, for alt ligg til rette for at borna vil elske denne serien.

Eg liker at forfatter tar utgangspunkt i reelle stader når han skriv historia. Tønsberg er ein historisk stad, og Slottsfjellet, eller Slåssfjell som det også heiter på gammelt folkemunne, har ein historie som går tilbake til 1100-talet, då det blant anna finnes rester frå Mikaelskirken, og kastell frå Magnus Lagabøtes tid på toppen av fjellet. Her er det mykje å spinne historier rundt, og det gjer definitivt Mehlum Lie, sjølv om det sjølvsagt er fiksjon.

Det er få personer involvert, og forfatter skraper berre på overflata når det gjeld karakteristikker. Her rekner eg med at han går litt djupere inn i materien etterkvart som serien utvikler seg. Er det f.eks eit varmt vennskap som kan utvikle seg til noko meir?

Det er ein ufullstendig historie med mange ubesvarte spørsmål og mange hull. Dette skaper ein forventning inn mot neste bok, der ein berre går rundt og håper at ein skal få svar på ting. Mehlum Lie har gjort det aller meste riktig med denne fyrste boka. Han har fått meg som lesar nysgjerrig på historia, bakgrunnen til karakterer, og ikkje minst om kva som skjer videre.

«Slåssfjell – Infernum» er ein intens og dyster spenningsroman for born og unge. Forfatter strekk strikken langt når det kjem til innhaldet som er retta mot målgruppa, men samtidig er det befriende og definitivt spennende. Med sine spenningstopper, grøsserelement, innhald og klaustrofobiske skildringer, er dette ei bok og ein ny serie som kan treffe nerven til ei målgruppe som i utgangspunktet kanskje synes bøker er kjedelige.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar