Fortsettelse på ein medrivende historie i denne manga-serien.
- Norsk tittel: Silhuett av en stemme 2
- Forfatter: Yoshitoki Oima
- Sjanger: Manga, Born og unge
- Antall sider: 190
- Utgivelsesår til norsk: 2025
- Utgiver: Outland Forlag
Yoshitoki Oima (født 1989) er ei japansk forfatter innan manga-sjangeren. Ho er mest kjent for seriene «A silent voice» (2013-2014) og «To your eternity» (2016- og fram til dags dato). Ho har óg vunnet priser for sine utgivelser.

Tenåringen Shoya har lært seg tegnspråk for å si unnskyld til jenta han mobbet flere år tidligere, men det viser seg at det ikke er så lett å be om tilgivelse som han hadde håpet. Tenk om han blir avvist? Og fortjener han i det hele tatt tilgivelse? Sakte men sikkert finner Shoya ut hvordan han kan gjøre opp for seg, og for første gang lærer han Shoko virkelig å kjenne.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Silhuett av en stemme».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein teikneserie i manga-stil med ensomhet og mobbing som hovedtema. Dette er fortsettelsen på det som skjedde i den fyrste boka. Den vart utgitt originalt i 2013, og oversatt til norsk i 2025. Målgruppa er satt frå 12 år og oppover.
Det har gått 5 år sidan Shoya såg Shoko sist. No er begge 17 år, og han har bestemt seg for å be om tilgivelse for måten han var mot henne på. På desse åra har han lært seg teiknspråk, og vil gjere alt som står i hans makt for å lette på sin eiga samvittighet. Men vil den døve Shoko ha noko med ham å gjere i det heile tatt?
Boka fortsetter der den gode cliffhangeren slutta i den fyrste boka. Me møter ein modnere ungdom. Ein som klarer å reflektere, som innser at det han har gjort var langt over grensa. Historia er preget av dårlig samvittighet og ønsket om å rette opp dei feila som vart gjort fem år tilbake i tid.
Også denne boka lese på japansk stil; baklengs og frå høyre mot venstre. Det er uvant med ein gong, men ein kjem forbausende raskt inn i lesemønsteret.
Teikningane er i svart/kvit-format, der ansiktene og uttrykksformene er i fokus. Det er lite med bakgrunnsdetaljer, så her er det historia og personene som er i fokus.
Forfatter er inne på ein tematikk som er interessant. Det handler om vennskap. Men kva er egentlig eit vennskap og kan ein sette ein definisjon på det? Våre to hovedkarakterer har hvertfall forskjellige synspunkter.
Det er ein sterk videreføring av historien me får servert. Ein veksler mellom å få medfølelse for Shoya, til å synes han er ein drittsekk. For essensen i det som skjer er om han gjer det for si eiga skyld, eller om han faktisk synes synd på Shoko og genuint ønsker ho alt det beste her i livet. Forfatter balanserer karakteristikken på ein knivsegg, og lykkes definitivt med det.
Eit godt visuelt verkemiddel er at perifere personer ikkje har ansikt. Det er fadet ut, eller satt eit kryss over ansiktet i illustrasjonene, og dermed kan eg som lesar konsentrere meg heilt og fullt om det som faktisk betyr noko.

Me vert introdusert for nye karakterer, og dei to hovedkarakterene vert videreutviklet. Me får eit betre innsyn i liva deira og kva dei går gjennom og føler på. Det er enkelte delvis like karakterer utseendemessig som eg følte vart litt utfordrende å skille i farten. Det er også ein innfløkt og kompleks historie som krever tidvis full oppmerksomhet.
Det medmenneskelige aspektet speler ein stor rolle i denne serien. Oima klarer å vise fleire sider av karakterene, og få dei til å reagere forskjellig i gitte situasjoner. Likevel er det eit særpreg over dei som skaper personlighet.
Historia er røff, fin, morosam, alvorleg, irriterende og samtidig altoppslukende. Ein ønsker det beste for den døve jenta Shoko, som har vert gjennom mykje. Med dette så klarer forfatter å engasjere lesar sin bevisste og ubevisste tankegang, og då er mykje gjort for at historia vert fengende.
«Silhuett av en stemme 2» er ein strålende fortsettelse på serien. Den er like velskrevet og innehar alt som skal til for å engasjere lesar. Den viser heile det menneskelige følelsesregisteret på godt og vondt, og ein sit att med ein blanda følelse når boka er ferdiglest. Cliffhangeren på slutten er åleine verdt å glede seg til neste bok. Anbefales på det varmeste.
TERNINGKAST: 5