Edelmot – Skyggene av Victor Sotberg & Odin Helgheim

Ein magisk fortsettelse på ein strålende serie.

  • Norsk tittel: Edelmot – Skyggene
  • Forfatter: Victor Sotberg & Odin Helgheim
  • Sjanger: Teikneserie, Barn og unge
  • Antall sider: 170
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Victor Sotberg (Født 1991) er ein kjent TV-profil og youtuber. Han debuterte som forfattar i 2020 med boka «Bare Victor». I 2023 kom hans fyrste bok i Edelmot-serien, som han utgir i samarbeid med Odin Helgheim. I 2024 gav dei ut bok nr 2 i Edelmot-serien, og i 2025 vart bok nr. 3 utgitt.
Odin Helgheim (Født 1996) er forfatter og illustratør. Han debuterte med «Ragnarok – Fenrisulven» i 2020, som er ein teikneserieroman, og fyrste bok i ein serie. I 2023 kom bok nr. 4 ut, nemlig «Ragnarok – Yggdrasil». Serien er oversatt til seks språk. I 2024 gav han ut «Odins udyr».

Edelmot er et spill, en virtuell fantasiverden hvor folk lever akkurat som man vil. De drar ut på eventyr, slåss mot monstre og lever ut alle sine drømmer. Laget til Victor og Odin har blitt gode, men nå blir de testet til det ytterste i møte med Kongekobraen, andre boss – og seg selv …

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Edelmot – Skyggene».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei teikneserie-bok, eller nordic manga som denne teiknestilen kalles, og er bok nr. 3 i Edelmot-serien. Det anbefales sterkt å lese bøkene kronologisk.

Sotberg og Helgheim fortsetter i det samme sporet som dei to forrige bøkene i serien. Det er videreutvikling av karakterer, historie og framgong i Edelmot-spelet.

Edelmot er eit spel. Eit univers der spillere gjennom egne karakterer må samarbeide for å få progresjon og overvinne fiender og bosser. Her er det fri utfoldelse, og lettere for nokre å snakke og kommunisere når dei sit foran eigen PC-skjerm, og ikkje treng å sjå ein person ansikt til ansikt. Skuldrer senkes og garden går ned. Likevel må ein prestere, for det som skjer i spelet, vert også samtaleemne på skulen dagen etter. Det handler om status og det å føle på meistring.

Det er visuelt gode hjelpemidler, der Helgheim er dyktig til å vise følelsesregister gjennom streker. Det er fargerike og uttrykksfulle illustrasjoner som har ein egenarta stil over seg.

Eg liker måten historia er bygd opp på. Det handler om kjærleiksliv, vennskap, gaming og samhald. Det er interessant å sjå korleis ein kan bli oversett på skule og i kvardagslivet, for så å kunne være seg sjølv framfor ein PC-skjerm, der h*n er likeverdig med alle andre når dei samarbeider gjennom eit spel.

Det er kvalitet i alle ledd. Historie, karakteroppbygging, illustrasjoner og univers er av ypperste merke. I tillegg er den lettlest, spennende og medrivende. Er det nokon som slit med å lese bøker, slit med å finne gleden i historier, eller vil knekke lesekoden, så er denne serien heilt ypperlig til nettopp dette.

Det vert meir personleg i denne boka. Kjærleik som utvikler seg. Følelser som kjem til overflata, og karakterer som våger å ta sitt fyrste steg ut i det ukjente. I så måte er det nok den mest emosjonelle boka så langt i serien, utan at det legg nokon demper på spenningsdelen.

Gjennom spelverdenen må dei samarbeide for å klare å komme seg videre. Det oppstår ein del intriger i gruppa, og dermed kjem også krangling til overflata der ord og uttrykk fører til at enkelte vert såra. Nokre føler at dei ikkje kan vere seg sjølv, og må ta på seg ei «maske» i møte med kvardagen. Dette er trist å vere vitne til, men det er også realiteten for mange mennesker.

Men her i Edelmot føler jeg at jeg kan være den jeg vil.

Samspelet mellom Sotberg og Helgheim er strålende når illustrasjoner og tekst supplerer kvarandre utmerket. Det er overraskende lite tekst i boka, når ein ser på kor mykje som skjer og den gode framdriften i historia. Dette viser at det visuelle speler ein stor rolle, og mykje skjer gjennom illustrasjonene.

Eg kan ikkje få understreket nok kor bra denne serien faktisk er. Målgruppa er i utgongspunktet frå 9 år og oppover, og den nedre grensa er heil fair med tanke på innhaldet. Men det finnes ingen øvre grense for denne serien, for her er det så mykje som skjer og så gjennomsyra kvalitet at alle vil ha glede av den. Særskilt viss ein har litt gaming-erfaring frå før av. For det er ein del gaming-element gjennom historia, sjølv om det også er mykje anna som foregår.

«Edelmot – Skyggene» er videreføring av dei to foregående bøkene i serien, og er rett og slett berre fantastisk. Superlativer strekker ikkje til, det må berre oppleves. Sotberg og Helgheim har verkeleg truffet innertier med denne serien, og eg kan ikkje anna enn å seie at dette er noko eg anbefaler på det aller varmeste.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar