Ny fartsfylt mangaserie for born og unge.
- Norsk tittel: Mantikorens kongerike
- Forfatter: Hiwar Nheli
- Sjanger: Manga, Teikneserie, Born og unge
- Antall sider: 191
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Outland Forlag
Hiwar Nheli er forfattar og illustratør. Han er også blant anna mangalærer på Bjerkely Folkehøyskole. I 2025 debuterte han med mangaserien «Mantikorens kongerike».

Skogvokteren Silmon har tilbragt hele sitt liv Krystallskogen, et sted fylt av mystikk og magi. Han fisker i de krystallklare bekkene, plukker søte bær fra frodige busker og omgås alle dyrene som kaller skogen sitt hjem. Egentlig er livet hans ganske så fredelig – helt til han bråvåkner fra middagsluren sin til desperate rop om hjelp. Hylene kommer fra en ung kriger som kjemper for livet mot en gigantisk slange! Dette er begynnelsen på en eventyrlig reise som vil forandre livet til Silmon – og Krystallskogen – for alltid.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mantikorens kongerike».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er fyrste bok i ein mangaserie. Den passar for born frå 9 år og oppover.
Me møter Silmon, som er skogvokter. Og nei, det er ikkje ein skrivefeil. Navnet hans er det faktisk ein grunn til at det staves slik, som du får svar på i boka. Han bur i ein fryktinngytende skog som skjuler mange farer, viss det er feil person som inntar skogen. For Silmon er skogen hjemmet hans. Han snakker med dyra og lever i fred og fordragelighet. Men alt dette skal brått forvandles når han må hjelpe ei krigersk jente med eit oppdrag i skogen.
Nheli har lagt seg på eit språk og ein humor som treff målgruppa. F.eks så møter me på ein aggressiv og svolten slange som snakker trøndersk, og det er litt fis og promp som alltid er morosamt.
Silmon er 14 år, skogvokter, er nysgjerrig og impulsiv. Viktoria er 19 år og ein modig kriger. Til tross for ein aldersforskjell og forskjellige kjønn, så utfyller dei kvarandre godt. Silmon med sin visdom og styrke, Viktoria med sin hastighet og intelligens. Det er noko befriende å sjå samarbeidet mellom desse to når det står om livet. Dei er kanskje ikkje enige i alt, men dei får likevel eit samhald og ein tilknytning til kvarandre på eit anna nivå.
Universet som forfattar tar oss med i, er noko utenom det vanlege. Det er stille og rolig, samtidig som det er oppfarende og skummelt. Det er lyst og lystig, samtidig som det er mørkt og skremmende. Det er dyr som er fredelige og morosamme, samtidig som dei kjem over dyr som vil ta livet av dei. Det veksler mellom det gode og det onde heile tida, men alt er likevel på ein måte skrevet med eit glimt i auga og ein underliggende humor som kjem til overflata titt og ofte.

Alle illustrasjoner er i svart/kvitt, der handlinga foregår «langt tilbake i tid». Forfatter konsentrerer seg om karakterer, sidan bakgrunn for det meste er fadet vekk i illustrasjonene. Det er mykje nærbilete av ansikt og kroppsspråk. I enkelte actionscener kan det verte litt uoversiktlig når ein ikkje får eit oversiktsbilete av situasjonen, men slik er ofte manga.
Litt vanskeleg å skjønna rekkefylgja i enkelte snakkebobler, og for nye lesarar av manga og teikneserie, så kan måten å lesa på være forvirrende i starten. Forklaringa på rekkefølgen her står på siste side i boka. Den kunne definitivt med fordel stått på fyrste side med tanke på målgruppe. Det samme kunne den strålende oversikta over våre to helter ha gjort. Den er også plassert bak i boka og til «lite» nytte når boka er ferdiglest.
Me møter på ei salig blanding av dyr i Krystallskogen. Det er pingviner, sjiraffer, slanger, bjørner, rever osv osv.. Og kvar enkelt art har på mange måter ei historie å fortelja. Eit artig verkemiddel som skaper god stemning. Og sjølvsagt kan alle snakke.
Det er mykje magi og mystikk i boka. Nheli har henta inspirasjon frå sine kurdiske røtter, mytologi og klassiske manga-verkemidler. Når alt dette vert slått saman, så får me eit storslått univers som aldri vert kjedelig.
Historia byrjer enkelt og gir oss ein lett introduksjon. Etterkvart vert det meir innfløkt og enkelte born kan kanskje slite litt meir med å holde tritt med historia når det gjøres store hopp i tidsperspektivet.
Det er eit spennende og morosamt univers som er originalt og særegent. Våre to hovedkarakterer Silmon og Viktoria innehar ein interessant karakteroppbygging som forfatter verkeleg kan spele videre på i kommende bøker.
Eg liker måten forfatter har flettet inn forklaringer av ord som kanskje ikkje alle heilt veit kva betyr; som f.eks forræderi. Med enkle grep får me ei oppklaring på nettopp dette.
Det er ein god start på ein ny serie, og ekstra gledelig at det også gies ut manga for den yngre garde. Sjølv om det er enkelte barnlige ord og uttrykk her og der, så er dette ei bok som kan leses av alle, for innhaldet er såpass originalt og er innom fleire sjangrar undervegs.
«Mantikorens kongerike» er ein ny fartsfylt manga for born og unge, der Hiwar Nheli nyttar humor og verkemidler frå forskjellige sjangrar for å skape eit originalt og særegent univers. Dette er ein manga der borna verkeleg kan leve seg inn i.
TERNINGKAST: 4