Ei barne og ungdomsbok på nynorsk med fleire moralske dilemmaer.
- Norsk tittel: Det som tel
- Forfatter: Jenny Ødven Snildal
- Sjanger: Born og unge, Roman
- Antall sider: 114
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Skriveakademiet
Jenny Ødven Snildal (Født 1961) har jobba mange år innan Den norske kyrkja. Ho debuterte som forfattar med barneboka «Serafel» i 2002. For denne boka fekk ho Emmausprisen. Sidan den gong har ho utgitt «Bakanfor» i 2008 og «Det som tel» i 2024.

Sivert har ikkje ein einaste ven. Han lespar og er blant dei minste i sjuande klasse. Og så har han ei syster med Downs syndrom. Ein dag byrjar det ein ny gut på skulen. Han heiter Petter og blir besteven med Sivert. Men han finn også på ting som ikkje er heilt lovlege, og som set Sivert sitt liv i fare. Kva gøymer seg bak den tøffe maska til Petter?
Korleis skal Sivert kome seg ut av alt det skumle han viklar seg inn i?
Og kva med pappa? Kvifor oppfører han seg så rart?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Det som tel».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei barne og ungdomsbok som passar for målgruppa frå 10 år og oppover. Boka er skrevet på nynorsk.
Me møter Sivert. Han har ingen vener og slit med å finna sin plass i klasserommet og livet generelt. Sivert lespar og blir dermed sett på som eit «utskudd». Når det så dukker opp ein ny gut i klassen, så øyner Sivert eit lite håp om at han kan bli ven med denne guten. Men Petter er ikkje ein som held seg på riktig side av loven, og då må Sivert balansere på ei hårfin knivsegg av moralske val.
Eg følte at boka hadde ein litt vaklende start. Det virker som forfatter føler seg litt fram i terrenget og ikkje heilt veit kva veg ho skal ta. Dette forandrer seg imidlertid rimelig raskt, og når ho fyrst har staket ut kursen, så ser ho seg ikkje attende.
Eg ser føre meg knuste kneskåler og armar i unaturlege vinklar. Kvalmen kjem i bølgjer, eg er så redd at eg nesten ikkje kjenner at eg er angripen av maur. Manndomsprøver er berre tull, det som gjeld, er å overleve.
Eg liker tematikken i romanen. Utenforskap er dessverre langt meir vanleg enn det ein skulle tru, og når ein fyrst får innpass hos ein person så gjer ein mykje for å behalde det eine vennskapet ein har. Så også med Sivert. Han vegrer seg for å gjere dei tinga Petter gjer, men samtidig vil han ikkje miste vennskapet han no endeleg har fått. Men han vil ikkje skuffa foreldra eller gjere dei sinte. Det oppstår dermed fleire store moralske val undervegs.
Så er det slik at sjølv om ein har hatt ein god oppdragelse og fått banka inn sunne verdier i sinnet opp gjennom barndommen, så er det kvar enkelts val der og då som tel. Dette speler Snildal på, og ein får sett begge sider av dei vala Sivert må ta. Ein kan skjøna han på mange måtar, sjølv om ein nødvendigvis ikkje ville tatt det same valet sjølv.
Foreldra til Sivert er splitta i synet på hans nye ven. Mora er forståelsesfull og glad for at han endeleg har fått seg ein ven, medan faren er rasende og seier at han ikkje får treffe Petter meir. Det oppstår dermed splittelser også innad i familien, og skaper dårleg stemning i heimen.
Petter bur med mora, og er eit tidlegare barneheimsbarn. Dette har gjort noko med han, og han bærer på følelser og tanker som Sivert nok aldri har verken opplevd eller hatt behov å tenke over. Når to så ulike personligheter møtes, så må ein gi og ta for at eit venskap skal fungere. Vil Sivert klare å påvirke Petter til å slutte med sine ulovlege ting, eller vert det omvendt? Ein fin vinkling og ein bærevegg som held spenninga i historia oppe.
Det er gode spenningselement og fleire overraskinger undervegs som gjer til at boka vert interessant på fleire måter. Med korte kapitler og interessante karakterer er boka lettlest. I dialoger der Sivert er involvert, så minner forfattar stadig på at Sivert lespar. Dette er eit fint verkemiddel og skaper truverdighet til bakgrunnen for karakteren og der han er idag.
«Er du thikker på at dette er thå lurt? Vi ther jo ikkje om det kjem nokon», seier eg.
Eg stussa litt over bodskapet når alt kom til alt. Utan å nevna for mykje om det som skjer, så føltes det som eit bodskap med to sider, og ingen av dei føltes heilt rett.
Snildal tar oss gjennom eit relativt raskt sluttparti. Her skulle eg gjerne sett at ho utbroderte meir enn det ho har gjort. Det hadde ikkje skada å hatt nokre fleire sider her som gav oss eit korrekt bilete av bodskapet, og at ting ein gjer og har gjort faktisk får fylgjer.
Sivert har ei syster med Downs syndrom. Ho spelar ei relativ lita rolle i historia, men er likevel ein god karakter. Derfor håper eg at det kjem fleire bøker om Sivert og Petter og resten av gjengen, for dette er eit fint grunnlag for fleire bøker. Snildal har mykje potensiale i karakterene ho kan spele vidare på, og fleire dilemmaer som ligg og ulmer under overflata.
Eg er glad i Maria, og eg skulle gjerne ha forsvart henne. Sett dei på plass når ordet feilvare blir kviskra frå pult til pult, og vert liggande som eit spygrønt teppe over oss alle. Eg skulle gjerne ha gjort det, men eg kan ikkje. For eg óg blir kalla feilvare.
«Det som tel» er ein interessant roman for born og unge med ein viktig tematikk. Det handler om utenforskap, forskjell på rett og galt og påfølgende mange moralske dilemmaer. Med fine karakteristikker og vidt forskjellige personligheter er grunnlaget lagt for eventuelle fleire bøker om Sivert og Petter.
TERNINGKAST: 4