Jeg er ingen diagnose av Laura Avila

Ein sterk og reflekterende dokumentar om autisme som diagnose.

  • Norsk tittel: Jeg er ingen diagnose
  • Forfatter: Laura Avila
  • Sjanger: Dokumentar, Sjølvbiografi
  • Antall sider: 290
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Books on Demand

Laura Avila er ei kvinne med autisme. Ho er fransk-chilensk-norsk som blant anna er forfattar, podkaster og foredragsholder. Ho gav ut dokumentaren «Jeg er ingen diagnose» i 2024.

Forfatteren tar deg med på et interessant, og svært rørende dypdykk inn i hennes livserfaringer, og tanker om eget liv med autisme. Laura Avila sitt blikk på livet, og hennes engasjement for rettferdighet, er kjernen av denne boka. Hennes visjon, er at annerledes er noe vakkert, og at dette representerer en styrke for samfunnet. «Jeg er ingen diagnose», er ikke bare en bok skrevet for folk med diagnoser, pårørende, eller fagfolk som jobber med dette. Men en ærlig, nær, og personlig fortelling, som kryper under huden, og rett inn i hjertet på oss alle!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Jeg er ingen diagnose».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er både ein sjølvbiografi og ein dokumentar der forfattar lar oss få del del i hennes liv og utfordringer som autist.

Laura Avila var 29 år når denne boka vart skrevet i 2024. Ho skriv om sine erfaringer og kva motstand ho møter på hos andre, særskilt når det kjem til jobbsøking. Avila er diagnostisert med høyt fungerende autisme, som tidligere er omtalt som Aspergers syndrom. Ho fekk diagnosen som 16 åring, og for ho var det ein lettelse å få den. For ho hadde store lærevansker som born, og vart mykje mobba.

Jeg tenker tilbake til min tidlige barndom, hvor mine drømmer var fylt med magi – og eventyr. Mobbing var aldri en del av denne drømmen.

Forfattar tar oss med bak kulissene og under huda og viser kva autisme er og kva det fører med seg. Ho er ærleg og både utleverer og gir av seg sjølv. Ho skildrer ein oppvekst som var tøff, brutal og vanskeleg. Mykje på grunn av diagnosen, men enkelte ting kjem også av dårlege val i ei sårbar tid. Ho legg ingenting i mellom og skildrer hennes veg til den kvinna ho er idag. Det har vert ein kronglete veg, men det er gledelig å lese om ei kvinne som i dag står rakrygget og er sterk nok til å fortelja si sterke historie.

Avila kjem med gjennomtenkte tanker og reflekterte kommentarer. Dette er ei kvinne som klarer å setja ord på det ho har vert gjennom, og samtidig gjev oss alle ein tankevekker. Ho kjem med råd og gode formaninger om forskjellig. Dette kan være til stor hjelp for andre med liknande diagnose, og gir alle eit innblikk i eit liv som er bygd på frustrasjon over at folk ser annleis på ho.

Det oppleves som klokken min ikke er helt i takt med verdensuret – som alle klokker stilles etter. Hele livet har jeg forsøkt å synkronisere klokken, for å møte fellesskapets forventninger. Men til stadighet endt opp med å føle at jeg har måttet ofre min integritet – på normalitetens alter, for å prøve og passe inn i en verden, hvor jeg likevel alltid har befunnet meg på sidelinjen.

Det er stor skriftstørrelse, mange kapitler og gode avsnitt i boka. Språket er bra, men her er det fyrst og fremst innhaldet som er viktig. Avila vert med denne boka på mange måter ein føregangsperson og ein inspirator for andre med autisme.

Det er lett å sjå at forfatter er samfunnsengasjert. Noko som også er viktig, særskilt i slike saker som dette. Ho våger å stikke hovudet fram, sjølv om det garantert koster mykje for ho personleg å utlevere livet sitt på denne måten. Men ho gjer det for å bane veg for andre i samme situasjon. Det er modig og beundringsverdig.

Det er bilete her og der i boka, då helst private bilete og avisoppslag. Dette er eit fint verkemiddel som gjer til at ein får eit nærere forhold til teksten, og ein kan kvile inntrykk på det visuelle.

Forfatter skriv om autisme generelt, og setter lesar litt inn i kva det vil seie å ha autisme. Det finnes forskjellige grader av denne diagnosen, og me får eit godt innsyn i kvardagslivet og kva utfordringer ho møter på. Og då snakker me gjerne utfordringer i møte med andres syn. Ho har f.eks vert heilt åpen om diagnosen når ho søker jobber, utan å få tilslag. No veit ikkje eg om det er årsaken, men for henne har det logisk nok vert sårt.

Me vert kjent med personen Laura Avila. Alt frå barndom, ungdomstid og fram til ho er ei vaksen og sjølvstendig kvinne med fleire jern i elden. Ho er blant anna ambassadør for autisme i Noreg, ho har ein populær podkast ho driv på med, og ho er foredragshalder. Dette viser berre at motgang kan gjere ein person sterk, og at det å gje seg ikkje er eit alternativ.

Det er ei bok som tar opp samfunnsaktuelle temaer og viser at diagnoser fortsatt er eit «stempel». Forfatter klarer å få med seg lesar på sine refleksjoner, som igjen gjer til at eg som lesar også reflekterer over det ho skriv. Noko som gjer det til ei sterk og gripende bok som sitter i kroppen lenge etter at den er ferdiglest.

Vi er hele mennesker, med alt dette innebærer. Jeg har autisme. Men nekter å la dette definere meg som menneske. Dette er selve essensen av hva jeg legger i tittelen; «Jeg er ingen diagnose». For jeg er Laura Avila. Et helt vanlig menneske, med alle mine gode og svake sider, akkurat som deg.

«Jeg er ingen diagnose» er ei reflekterende og viktig bok som setter autisme i eit nytt lys. Må ein diagnose nødvendigvis være til hindring for eit menneske? Det er sterk lesning, og Laura Avila vert med dette ein føregangsperson og ein inspirator for mange i samme situasjon. Ei bok som varmt kan anbefales til alle. Med og utan «diagnose».

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar