Korleis skal ein reagere når familiehemmeligheter kjem til overflata?
- Norsk tittel: Helt A4 – Egentlig
- Forfatter: Liv Tove Thorgersen
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 364
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Liv Tove Thorgersen
Liv Tove Thorgersen gav ut romanen «Kari Hansen beklager» i 2022, og «Helt A4 – Egentlig» i 2025.

En navnløs mann er kastrert. Mediene går amok. Teoriene er mange. Alle mener noe om saken. Barneskolelærer Lillian er lei saken etter å ha hørt om den, og lite annet, ei ukes tid. Til hun får vite at den stakkars mannen som er kastrert, er faren hennes. Hva som har skjedd, og hvorfor, setter Lillians familie på prøve. Politiet etterforsker, og media jakter. Hva skal de gjøre med alt som avsløres?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Helt A4 – Egentlig».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman med enkelte krimelement.
Ein mann er blitt kastrert og media kaster seg over saka med full styrke. Den gjentas til det kjedsommelige i nyhetsbiletet og enkelte byrjer å miste interessen for det heile. Men det er til ein oppdagar at det er sin eigen far som er råka. Då starter eit langt mareritt med anklagelser, rykter og gamle minner som dukker opp frå barndommen. Og det aller største spørsmålet som familien sit att med, er kvifor?
Lillian er jeg-personen i romanen. Ho er barneskulelærer og gift med Kurt. Saken går hardt inn på ho og resten av familien, særskilt når media klarer å finne ut kven den kastrerte mannen er. Då vert dei fotfulgt av journalister, og dei barrikaderer seg utanfor huset etter jakta på ein kommentar.
Mediehåndteringen i denne saken er overdrevet. Det er kanskje eit lite spark til mediene og deira jakt på nyhetsoverskrifter? Ein kan føle eit snev av ironi medan ein les om dette mediekjøret som aldri ser ut til å ta slutt. Samtidig er alle de nye opplysningene som media kjører på med som også på mange måter er framdrifta i historia. For det dukker nemlig opp nye opplysninger heile tida om saken og om mannen som vart kastrert.
Fredrik er ein anna karakter i boka som stjeler mykje plass. Dette er nevøen til Lillian. Han er innlagt på eit psykiatrisk sjukehus og derfra får me lese dagboknotater som han skriv. Dette er for meg den mest interessante karakteren. Han byr på seg sjølv og sine innerste tanker og følelser gjennom desse notatene. Det er ein karakter som me kjem tett på, og som ein kan forstå reaksjonene til. Mange av dei andre i romanen føles litt tafatte og «livlause».
Meg igjen. Ja, må bare tenke litt. Eller det har jeg kanskje gjort nok i dag. Likevel går det liksom ganske rundt i denna knollen min. Skal – skal ikke. For kan jeg, Fredrik på Lierasylet, bidra med noe? Skal gærningen snakke med politiet? Si hva som har skjedd?
Eg liker måten forfatter legg vekt på korleis ein bør reagere. Kva folk forventer av deg som person. Viss ein ikkje reagerer slik som er forventet, er ein da «unormal»? Dette er ein fin vinkling i romanen som eg håper fleire legg merke til.
Eg sleit litt med å skjønne om ting var skrevet i ein humoristisk tone eller ikkje. For mykje er lite truverdig og ein finn syltynne sammenslutninger her og der. Starten på boka er lettere forvirrende og ein får servert unyttig info som ikkje har noko med sakens gang å gjera. Dermed spores det av og fokuset vert tatt bort frå det som faktisk er viktig og interessant.
Bygdedyret speler ein viktig rolle. Det går stadig nye rykter om årsak og kven som kan stå bak. Familien som lever midt oppi dette føler på ubehaget og føler seg uglesett av alle dei møter. Det er familiehemmeligheter som etterkvart når overflata, men tåler det dagens lys? Og stemmer desse nye opplysningene med realiteten? Dette er noko forfatter stadig spinn vidare på, og det tar tid før ein får det endelige innsynet i saken.
Politi er inni biletet og det vert etterforsking utan at det er fokuset i romanen. Her har forfattar lagt vekt på reaksjonene til media og familien og latt politiet få jobbe i det stille i bakgrunnen. Det er sjølsagt smak og behag, men eg meiner at når ein fyrst skal ha med krimelement så meiner eg at ein bør kjøre på med litt meir som har med etterforsking av saken å gjera.
Etterkvart vert det ein del navn og relasjoner å holde styr på. Det er likevel ikkje verre enn at med litt konsentrasjon så går det greit å ha kontrollen. Det er ein relativt sammensveisa familie, men samtidig er dei spredd litt rundt om. Derfor er kommunikasjon viktig dei i mellom. Her syntes eg at det vert ein del merkverdige situasjoner som oppstår i mangel av dette. Dei gløymer å gi beskjeder vidare og dei gløymer å kontakte den mest openbare personen i gitte situasjoner. Det føles urealistisk, sjølv om eg skal la det komme forfatter til gode. For i ein sjelsettende situasjon så tenker ein nødvendigvis ikkje heilt klårt..
Det ligg ein strålende idé og god tanke til grunn for historia. Eg føler likevel at forfattar ikkje heilt klarer å overføre tanker, bodskap og bakteppe ut til lesar på den måten ho nok har sett for seg. Eg føler eg misser på noko undervegs som gjer til at historia ikkje traff meg heilt som lesar. Dette vert sjølvsagt subjektivt, og mange vil nok vere heilt uenig med meg i dette.
Det er gode partier i boka, og fleire interessante karakterer og situasjoner som pirrer nysgjerrighet og som held på spenning og lysten på å få veta kva som faktisk har skjedd. Dette fører til at ein les vidare sjølv om ein kanskje burde lagt boka vekk for kvelden. Sluttpartiet er godt, og der følte eg at eg kjente att språk og formidling frå den forrige boka til forfatter, nemlig «Kari Hansen beklager». Dette er riktignok ein heilt anna type roman, men likefullt er det ein tematikk som handler om det medmenneskelige, tanker og følelser som kjem til overflata når dei møter på motgong i livet.
Mens kista senkes i stillheten etter salmen vi nettopp har sunget, registrerer jeg det på et plan. Tankene tar seg friheten å minne meg på at jeg bør konsentrere meg, lure på hvorfor jeg ikke greier det, og når jeg retter oppmerksomheten til kista igjen, er det bare så vidt jeg ser blomstene på kistelokket. Mekanikken har stanset. Senkingen er over. Av jord er du kommet.
«Helt A4 – Egentlig» er ein roman som inneheld fleire lag av familiehemmeligheter. Det er tru, tvil, mistenksomhet og ein rykteflom som skaper forvirring blant karakterene. Kva er sant og kva er berre sladder? Det handler også om at mange personer vert råka av ei sak som i utgongspunktet omhandler éin person. Media bryr seg ikkje om dei øydelegg andres liv, noko forfatter speler godt på. Liv Tove Thorgersen skriv godt, og eg er ikkje i tvil om at mange vil like denne boka betre enn det eg gjorde.
TERNINGKAST: 3