Ei poetisk diktsamling med leik av ord.
- Norsk tittel: Blomar eg har møtt
- Forfatter: Lise-Marte Vikse Kallåk
- Sjanger: Poesi, Dikt
- Antall sider: 65
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Tekstmaker Forlag
Lise-Marte Vikse Kallåk (Født 1963) er frå Haugesund. Ho er utdanna cand.mag, og har jobba som lærar, journalist og kunstpedagog. Kallåk debuterte med diktsamlinga «Månen landa i natt» i 2015. Sidan har ho gitt ut ytterligare tre diktsamlingar; «Sofaen den same båten» (2018) og «Klemme ein gong for ja to gonger for nei» (2019), “Den vesle leppeboka” (2023) og «Blomar eg har møtt» (2025). I tillegg har ho gitt ut «Atelierdøra på gløtt», ei fagprosa bok i 2015.

I Blomar eg har møtt finn ein leikne dikt sprunge ut av eit herbarium, tankerekker sett i gong av blomane sitt namn. Ein veit ikkje på førehand kva blomane vil ein, før ulike personlegdomar og skjebnar veks fram, situasjonar og hendingar, draum og lengt.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Blomar eg har møtt».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktsamling som består av 56 dikt, og nyttar blomar som eit metaforisk bilete på livet og tankerekker som vert satt i gong av navnet på blomsten.
Det er ein artig og original vinkling Kallåk har gjort med denne diktsamlinga. Ho har tatt for seg blomster og skrevet dikt ut frå navnet eller egenskapen til kvar spesifikk blomst. Dermed vert ingen dikt like og det er store ytterpunkter. Den einaste raude tråden i boka er blomster, så her finn ein mykje ein kan sitte å fundere over.
Det er alltid ei heilt spesiell ro over dikta til Kallåk. Dermed passar dikta heilt utmerket over ein kaffi- eller tekopp, der ein kan sitja å ta inn over seg det som står skrevet.
I denne boka så har forfattar leika meir med ord og tanker enn ho har gjort i tidlegare diktutgivelser. I så måte er det noko «ugjenkjennelig», men samtidig er roen der. Det er dikt som ein ikkje berre pløyer gjennom. Det krever litt tankevirksomhet og mange av dikta har ein djupare meining utover det som står skrevet. Ei diktbok til ettertanke med andre ord.
Pur ung purpur ung
på barrikadane
med lilla skjerf
ha trua på framtida
toge gjennom gatene
i andre sitt sinn
bli andre sitt sinne
I fleire av dikta er det ingen direkte fasit på kva som ligg i orda. Dei kan knyttes opp mot personlege erfaringer og situasjoner, og dermed vil dikta leve sitt eiga liv frå person til person.
Det er eit enkelt oppsett utan bilete eller illustrasjoner. Alle dikt har overskrifter, og dei fleste er korte dikt. Nokre konkrete, men mange er som nevnt svevende. Forfatter trekk paralleller mellom ein blomst og mennesket. Mellom levde liv og interessante metaforiske vendinger.
Boka er delt inn i fire deler. Eg klarte ikkje heilt å lese meg til tankegongen bak dette, men det er garantert ein årsak til det. Det er ei sterk stemme i boka, men dikta er likefullt skrevet med ei fjørlett hand.
For å finne bodskap må ein kanskje lese litt mellom linjene, trekke paralleller til metaforer. Dikta består av fleire lag, der blomsterverden og menneskeverden møtes, der bodskap og fakta vert servert på ein poetisk måte.
Kva plante er hønsegras. Når eg ser henne
på Facebook veit eg å ha sett planta før. Eg
vinkar, er då inga burhøne. Ho er med i
slireknefamilien, ber alltid kniv. Slekta kjem
frå USA. Har ein mange av desse i åkeren, og
dei andre i slekta, er det eit teikn på at ein
må begynne å rydde.
«Blomar eg har møtt» er ei original og poetisk diktsamling til ettertanke. Det er leik med ord og solide metaforiske vendinger som skaper eit samhald mellom menneske og blomster. Lise-Marte Vikse Kallåk har opparbeida seg eit navn innan poesien, og nok ein gong viser ho kvifor.
TERNINGKAST: 5-