Ball24 av Diverse forfattere

Eit strålende tilbakeblikk på fotballåret 2024.

  • Norsk tittel: Ball24
  • Forfatter: 14 bidragsytere
  • Sjanger: Fotball, Historie, Dokumentar
  • Antall sider: 173
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Trofeo bok

Thomas Aune er redaktør for denne boka. Han er mest kjent som programleder for podcasten «Fotballklubben», og «Plenum» frå NRK P13, og har også utgitt nokre bøker. Med seg på laget har han Kasper Wikestad, Aleksander Schau, Petter Veland, Morten Galåsen, Eivind Bisgaard Sundet, Paul Thomas Clay, Christopher Hylland, Agnes Viljugrein, Pål Karstensen, Emanuel Roșu, Marius Lien, Per Asbjørn Solberg og Geir Jacobsen.

Ball 24 samler alt du bør huske fra fotball i 2024 i én bok! Det viktige, uviktige, gøyale og interessante fra EM, Copa America, Premier League, La Liga, Bundesliga, Eliteserien, Toppserien og mye mer. Kasper Wikestad, Aleksander Schau, Petter Veland, Morten Galåsen, Eivind Bisgaard Sundet, Paul Thomas Clay, Christopher Hylland, Pål Karstensen, Emanuel Roşu, Marius Lien, Per Asbjørn Solberg, Geir Jacobsen, Agnes Viljugrein og Thomas Aune hjelper deg med å huske alt du trenger fra 2024.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå redaktør. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ball24».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er eit tilbakeblikk på fotballåret 2024. Her finn ein alt frå det som hendte i dei største ligaene, dei store mesterskapa, morosamme historier og absurde hendelser frå breddefotballen verda rundt.

For alle som er glad i fotball, så er dei aller fleste av dei 14 bidragsyterne til denne boka kjente navn. Det er ei fin blanding av kommentatorer, eksperter, forfattere, supporter og journalist som alle brenn for ein ting; nemlig fotball.

Det er 31 kapitler i boka, der 12 av dei er ei «dagbok» frå kvar måned. Her finn ein små og store hendingar frå det som skjedde i forballverdenen gjennom året. Desse kapitlene er spredt utover, og er lettleste med relativt korte notater. Dei andre kapitla handler blant anna om fotballen i England, Tyskland, Spania og Noreg, i tillegg til mesterskapa. Men dei er også innom Brasil, Tyrkia og Romania, så her finn ein nokon for ein kvar. Spennvidda er stor, og dermed er mykje dekka gjennom boka.

Dette er langt i frå noko A4-bok. Her finn ein morosamme historier, absurde scener og ein finn historier som faktisk gjer ein nysgjerrig på lag frå andre ligaer som ein nødvendigvis ikkje fylgjer med på i utgangspunktet. Det er ei salig blanding av smått og stort, noko som gjer den uforutsigbar på ein positiv måte.

Det er forskjellig kvalitet på innhaldet. Det seier seg også nesten sjølv når det er fjorten forskjellige bidragsytere. Men sjølv om språket og formidlingsevnen er varierende, så er det likevel ingen som kan ta frå dei lidenskapen for fotballen. Det vises gjennom teksten i samtlige kapitler.

Det slo meg at fotball først og fremst handler om fellesskap, tilhørighet og følelsen av å være en del av noe større. For mange er fotball religion, og det skal man ta på alvor, for både fotball og religion fyller viktige funksjoner i svært mange menneskers liv, over hele vår vide verden.

Under kapitteloverskriftene er det også ein kort, konsis introduksjon av forfattar. Dette er ein fin måte å plassere navnet for lesaren. For min eiga del så var dei aller fleste kjente navn, men det er alltid greit å ha slik informasjon lett tilgjengelig. Lengda på kapitlene varierer ein del, og noko er meir interessant enn andre, men likefullt er det ei bok som alle som er glad i fotball vil elske.

Det er stor bredde i historiene som skaper store ytterpunkter. Ta f.eks Kasper Wikestad sitt bidrag frå England. Her skriv han om det som skjedde i Premier League, om Klopp’s avskjed, om sparkinga av Erik ten Hag og nordmenna som storspelte. Men han skriv også om Maidstone frå nivå 6, og om AFC Wimbledon møte med Mansfield. Kontrastene er enorme, men du store all verden så artig det er å lese!

Det trekkes fram hendingar som få har høyrt om. Hendingar som er absurde og fakta som er både nyttige og totalt unyttige, men som likevel kan være artig å dra fram i diskusjoner med «likesinnede».

Når statistikerne telte opp viste det seg at ingen lag i verden spilte flere tellende kamper i 2024 enn Botafogo. 75 til sammen, alt inkludert. De 16 neste klubbene på listen var også brasilianske. Ikke rart strømmen av spillere over Atlanteren fortsatt er like sterk.

Norsk fotball er med. Landslaget fekk ein oppsving utover hausten og Tippeligaen levde til langt inn i siste runde. Det er også eigne kapitler for OBOS-ligaen og Toppserien for kvinner. Sågar eit kort kapittel om Vålerenga Damer som er skrevet av ein supporter. Med tanke på at det aller meste er generelt skrevet ellers i boka, så kan ein kanskje reagere på at éin klubb får eit eiga kapittel, men dette var eit eksepsjonelt år for Vålerenga med CL-spill og motstandere som Arsenal, Bayern München og Juventus. I så måte er det forståelig at dei får eit lite kapittel. Det fortjener dei etter den sesongen.

Enkelte stader får ein bakgrunnshistorie frå klubber og ting som ein drar med seg inn i sesongen. Det handler sjølvsagt også litt om politikk og maktkampen som foregår i dagens fotball. Men fyrst og fremst er det ein hyllest til fotballen og året som har gått.

Eg sakna enkelte opplysninger, men samtidig er dette opplysninger som alle fekk med seg, og i utgangspunktet kjenner til. Derfor er eg glad for at det er lagt meir vekt på det meir ukjente, det som få har fått med seg. Dette gjelder særskilt oppsummeringa av det som skrives i «dagboka» for kvar måned.

I 3. divisjonskampen mellom FUVO og Træff, traff Træffs keeper en måke med et utspill fra 5-meteren. Måka deiset deretter rett i bakken og ble såpass skadet at den måtte avlives før kampen kunne settes i gang igjen.

Redaktør Thomas Aune har klart å skrape saman eit slagkraftig mannskap og fått dei til å skrive om det dei er gode på. Wikestad om England, Veland om Spania, Clay om Frankrike, Bisgaard Sundet om Tyskland, Jacobsen som kjem med reisebrev frå EM osv osv.. Når ein får lov til å skrive om det ein kan og det ein brenn for, så vert også innhaldet deretter.

Aleksander Schau har eit kapittel om fotballpersonligheter som gikk bort i 2024. Her er det ikkje berre ei oppramsing av navn, men meir utfyllende info om karriere og kva enkelte har betydd for fotballen. Dette kapittelet er ein strålende hyllest og ei verdig avslutning på boka.

Eg liker tittelen på boka. Ball24 er ein tittel som veldig enkelt kan forandres til Ball25 neste år, om den vert ein suksess, om forlag, redaktør og bidragsytere er interesserte. Og det håper eg verkeleg at så skjer. Dette formatet berre leve videre!

«Ball24» er ein herlig blanding av dei største hendingane, dei absurde situasjonene og den enorme bredden me har i fotballverdenen. Det oser forteljarglede og lidenskapen for fotballen skinner gjennom i kvart kapittel. Til alle fotballfans der ute; Du vil elske formatet og innhaldet i Ball24. Eg kan aldri tenke meg at det finnes ei betre oppsummering av fotballåret 2024 enn denne boka!

TERNINGKAST: 5

En kommentar om “Ball24 av Diverse forfattere

Legg igjen en kommentar