Ein roman om ungdommar som står overfor mange moralske dilemmaer.
- Norsk tittel: Dette forandrer alt
- Forfatter: Ingvild Hegge Eriksen
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 245
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag
Ingvild Hegge Eriksen (Født 1994) er utdanna tekstforfattar og har blant anna gått på forfattarstudie og skrivekunstlinje. Ho debuterte som forfattar med romanen «Dette forandrer alt» i 2024.

Det nærmer seg russetid. Solveig og Tarjei har gjort det slutt etter å ha vært sammen hele videregående. Tarjei skal jo ut og se verden, og Solveig vil helst bli igjen i bygda og jobbe. Men i løpet av vinteren er de på en siste telttur sammen, og følelsene tar overhånd. Solveig blir gravid, og plutselig står de overfor et mye større valg enn hvilke russeknuter de skal ta, eller hvor den neste festen er. Med så ulike framtidsdrømmer er det umulig for Solveig og Tarjei å bli enige om hva de skal gjøre.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dette forandrer alt».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som passar for eldre ungdommer og vaksne.
Me fylgjer Solveig og Tarjei parallelt i eigne kapitler. Begge er 18 år, går siste året på videregående og er russ. Dei har vert eit par gjennom heile videregående, men har no gjort det slutt. Solveig oppdagar at ho er gravid, og det snur opp-ned på heile tilværelsen. For begge to.
Ved å fylgje begge personer parallelt, så får me deira tanker og synspunkter på dei samme tingene. Dette skaper gode kontraster og viser til ein viss grad at jenter og gutter tenker forskjellig. Eg synes at Eriksen har klart å få fram essensen av forskjellene dei to seg i mellom, og skapt gode moralske dilemmaer rundt «ufrivillig» graviditet, medmenneskelighet og russetid.
Jeg er så glad i ham at det gjør vondt, og tanken på at han skal være på folkehøgskole og nyte livet mens hjertet hans er et annet sted, hjemme der hvor jeg er, blir helt feil. Som om jeg står på bremsen til livet hans.
Begge karakterer fylgjer me i jeg-format, og dermed får me ta del i deira innerste tanker og følelser. Forfatter bygger opp komplekse karakterer og me kjem godt under huda på begge to. Dei går gjennom store forandringer, har potensielle livsendrende valg å ta, og dei har ei russetid som skal feires.
Tarjei er ein populær ung mann, og også russepresident. Så han må feire russetida fullt ut, til tross for alt som foregår mellom ham og Solveig. Å skulle måtte legge alle fremtidsplaner på is i ein alder av 18 år, krever mykje. Når dei i tillegg er uenige om kvar vegen går vidare, så vert det mange konflikter og destruktive tanker. Når ein i tillegg blander inn alkohol og festing, så vert det mykje drama.
Solveig var den som gjorde det slutt med Tarjei, men følelser blusser opp att, og når ho oppdager at ho er gravid, så ser ho plutseleg ei framtid med ham. Men vegen dit er lang, og dei har nødvendigvis ikkje samme oppfatning av ting. Dette skaper friksjoner og store motsetninger. Er dei bra for kvarandre, eller drar dei kvarandre ned? Vil ho behalda barnet eller tar ho abort? Slike spørsmål er drivkrafta bak framdrifta i historia. Dei moralske dilemmaene skaper personlighet og viser kven dei er.
Det aller meste av innhaldet kretser i all hovedsak rundt Solveig og Tarjei. Dei har sine venner og venninner, men samtidig er dei ein samansveisa gjeng som heng ofte saman. Dette skaper bånd mellom dei forskjellige, og det oppstår episoder som ikkje alle er like stolte over.
-Jenny kunne ha dødd der i elva, du vet det, ikke sant? Du er jo en psyko hormonell kjerring. Altså, jeg skjønner så jævlig godt hvorfor han slo opp med deg.
Eriksen legg vekt på russetida. Festing, russeknuter, alkohol som flyter, flørting, krangling og typisk ungdomsdrama, der ting vert tatt ut av kontekst og oppfatta i verste meining i ein oppheta diskusjon. Tidvis kan det bli litt mykje av det gode, men samtidig føles det truverdig.
Vennegjengen står litt på sidelinja, men samtidig speler dei ei viktig rolle i romanen. Dei er limen i historia når det spriker til alle kanter, og er midtpunktet utan eigentleg vere det. Det er eit fascinerende skue, og eit strålende litterært verkemiddel å vise til i denne type roman.
Eg likar miljøskildringene rundt russetida. Eriksen virker å ha satt seg godt inn i ungdomsmiljøet som består av festing, glede over å vere ferdig med videregående, ungdomsfjas, sjalusi og fyllerør.
Jeg snubler ut i gangen som er overfylt av sko. Tviholder på glassene med Vodka Red Bull og ser hvordan væsken skvulper utover så jeg blir klissete på hendene. Det er gjørme over hele dørmatta, og en ølboks har veltet over et par joggesko.
Det oppstår eit vell av følelser frå begge kanter. Det er sprikende følelsesliv og ein vert usikker på om ein har medfølelse med den enkelte eller ikkje etterkvart som historia utspeler seg. Enkelte val er nok ikkje like gjennomtenkte, men samtidig så har forfatter klart å forklare tankegongen bak vala som vert gjort. På denne måten har ein i det minste ein forhistorie å lene seg på, og eg som lesar kan dermed til ein viss grad forstå deira val, sjølv om ein ikkje nødvendigvis er einige i alt som vert sagt og gjort.
Det er ein god del dialoger i romanen. Desse virker gjennomtenkte og det føles naturleg. Forfatter har i tillegg ein drivende god forteljarstemme som kjem klart fram i teksten. Språket flyt fint, og eg synes ho treff målgruppa godt med sitt univers og uttrykk. Ho klarer å setja sine spor på ei russetid som vert noko utenom det vanlege for våre to hovedkarakterer, og dermed også for vennegjengen rundt desse to.
Eriksen har eit skarpt blikk på ungdommen med eit vekslende følelsesliv. Ho klarer å få meg som lesar inn i sitt univers, og eg trur på det ho skildrer og fortel. Om det er noko bodskap i boka, så drukner nok det aller meste i det følelsesmessige aspektet.
«Dette forandrer alt» er ein roman som innehar mange moralske dilemmaer som ungdommer må ta stilling til, på kort og lang sikt. Med ei drivende god forteljarstemme, komplekse karakterer og ein fascinerende historie, så kjem Ingvild Hegge Eriksen særs godt ut av sin debutroman. Kan varmt anbefales.
TERNINGKAST: 5