Spenningskrim med fart i frå forfattardebutant Arnar Vik.
- Norsk tittel: Fiskeørnene
- Forfatter: Arnar Vik
- Sjanger: Krim, Spenning
- Antall sider: 330
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Bookea
Arnar Vik debuterte som forfattar med spenningsromanen «Fiskeørnene» i 2025.

Panikk og kaos bryter ut blant konsertpublikummet på Operataket når skudd avfyres inne i folkemassen. Skytteren forsvinner sporløst etter attentatet mot justisministeren, og en storstilt politijakt iverksettes.
Politietterforsker Erling Ravnåker blir hentet ut av sin rutinepregede jobb ved Stovner politistasjon og satt inn i spesialgruppen ved
Politiets sikkerhetstjeneste. Der møter han spaneren Rubina Amini, og snart befinner de seg i livsfare i attentatmannens blodige
kjølvann. Etterforskningen avdekker bånd til militær etterretning, og Erling hjemsøkes av et spøkelse fra fortiden.
I denne nervepirrende spenningsromanen blir du dratt inn i en intens jakt på hensynsløse drapsmenn, i en verden der lojalitet er en handelsvare. Vil Erling og Rubina komme seg helskinnet gjennom konfrontasjonen med en presset politimorder og sette en stopper for den desperate flukten?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fiskeørnene».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein spenningskrim med politietterforsker Erling Ravnåker i hovedrolla.
Me vert kasta rett inn i eit attentatforsøk på den norske justisministeren på Operataket. Eit uoversiktlig bilete utspeler seg, der politiet leiter i blinde etter gjerningsperson(er). Politietterforsker Erling Ravnåker vert tatt inn i etterforskningsgruppa til PST, og saman med spaneren Rubina Amini kjem dei sakte, men sikkert nærare ei løysing. Men utfallet er heilt åpent, all den tid dei står overfor ein massiv motstander.
Ministeren snublet forover og traff det hvite steindekket på bakken uten å ta seg for. Hun ble liggende stille med ansiktet vendt bort fra ham. Mørkt blod strømmet ut fra kroppen og farget marmoren rød rundt henne.
Det er ein intens start på boka, før det jevner seg litt ut, og actionscener kjem i bølgjer etterkvart. Forfatter har valgt å la det skinne tidleg gjennom kven som står bak ugjerninga. Dermed fylgjer me politi og gjerningsperson(er) parallelt videre. I så måte er det ikkje noko plott å snakke om, men det er likevel ein innfløkt historie som krever at ein er påskrudd heile tida.
Hovedkarakteren er politietterforsker Erling Ravnåker. Han er 42 år gamal, mangeårig ungkar med få vener. Eg følte at eg ikkje heilt fekk taket på karakteren, men samtidig handlar det meir om sak enn om privatliv, så eg skjønar at forfattar har valgt å legge hovedvekta på sjølve progresjonen i historia.
Det vert ein del om dykking og det tekniske rundt dette. Det fungerer greit til eit visst punkt, før det vert litt langdrygt. Actionscenene som oppstår er tidvis intense, og realismen vert satt på ei utfordring. Det er ingen tvil om at forfattar har tatt seg visse friheter for å få det til å passe inn i historia, men spennende er det uansett.
Vik kjem med enkelte fiffige løysingar som ein kanskje ikkje heilt såg komme ved fyrste augekast. Dette er ein god egenskap, og eg som lesar vert dermed usikker på kva ein har i vente.
Det er nokre skrivefeil i boka som burde vert luka vekk. Som f.eks eit navn som har gjentatte feil i seg. Dette er eit irritasjonsmoment. Det er også ein del orddelingsfeil som nok har oppstått under ombrekking. Dermed må ein kanskje lese ordet to gongar før ein skjønar kva som står. Ikkje det verste som kunne hendt, men det er likevel unødvendige stopp i leserytmen.
Det er ingen kapitler i boka. Forfattar har derimot lagt inn avsnitt med litt luft mellom for å skilja det som skjer. Det fungerer forsåvidt greit, men det vert litt forvirrende når det nye avsnittet starter øverst på sida, for då «mister» ein lufta mellom avsnitta, og ein ser ikkje med det blotte auga at forfattar har skifta fokus over på noko anna.
Som nevnt er det ein innfløkt historie som omhandler blant anna NATO, Forsvarsliaisonen, PST og Etterretningstjenesten. Ein skjønar tidleg at dette favner om langt meir enn ein enkelthending mot ein offentleg person, all den tid så mange instanser er involvert. For ein stakkars politietterforsker vert denne saka med éit langt større enn det han såg for seg på førehand.
Så åpnet han munnen og trakk det varme klorvannet rett ned i lungene i et voldsomt innpust. Så ble alt svart.
Sluttpartiet er bokas store styrke. Den er intens og spennende, og viser kapasiteten til Arnar Vik. Her går «ballen» fram og tilbake mellom etterforskere og objektet som dei jaktar på. På mange måter så føles det som om forfattar skriv seg varm, og som lesar sit ein dermed att med eit positivt inntrykk til slutt, etter nokre småfeil i tekst undervegs.
Språket er bra og Vik klarer å få lesar med seg inn i historia etterkvart som den utspelar seg. Han legg også inn høg intensitet i enkelte scener, som skaper ein form for actionscener som ein ser på film. Litt overdrevent her og der når ein ser tilbake på det, men der og då funker det som berre da.
I en glidende bevegelse tok han tak i pistolsleiden foran seg med venstre hånd og presset munningen ned mot gulvet. Høyre hånd forsvant ned i smalryggen og kom tilbake med et knivblad som lynraskt åpnet opp hovedpulsåren til høyre for cowboyens adamseple.
Vik har ikkje gått i fella med å la alt gli på skinner innad i politet. Det oppstår intriger, dårlig kommunikasjon fører til feil og i verste fall også med dødelig utfall, og det er generelt dårleg stemning blant enkelte. Med ei slik sak vert også presset utad enormt. Nasjonal og internasjonal presse viser stor interesse for saken, og sjefer forlanger rask oppklaring. Dette skaper ein ekstra atmosfære i romanen, og ein kan formelig kjenne på tidspresset medan ein les.
«Fiskeørnene» er ein spenningskrim med tidvis høg intensitet og gode actionscener. Med fiffige løysingar og eit solid sluttparti, er dette ei bok som slår godt fra seg. Forfattar skriv seg varm og viser stort potensiale, så her er det berre å glede seg til neste bok som allereie er like rundt hjørnet.
TERNINGKAST: 4
En kommentar om “Fiskeørnene av Arnar Vik”