Ein actionfylt thriller.
- Norsk tittel: Engelen Gabriel
- Forfatter: Jean-Louis Adorsen
- Sjanger: Thriller, Spenning
- Antall sider: 396
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Adorsen.no
Jean-Louis Adorsen er født i Frankrike i 1949. Flytta til Noreg i 1954. Har jobba som setter, typograf, systemkonsulent og IT-konsulent. Han byrja tidleg å skriva noveller, og fekk den fyrste på trykk allereie i 1968. I 2017 kom han ut med sin fyrste bok, «Høstmørket». Sidan har han gitt ut «Engelen Gabriel» (2019), «Cast-off» (2020) og «Min elskedes ansikt» i 2021.

Naturfotografen Gabriel Dahl er på vei til Telemark for å lage film om bever. Underveis får han et innfall og tar av mot den vesle sørlandsbyen Smalvik, hvor han tjue år tidligere var på ferie med foreldrene og ble kjent med elleve år gamle Anette. Han var tre år eldre og reddet henne fra en gjeng brutale mobbere.
Som voksen har Gabriel ofte lurt på hvordan Anette har fått det senere i livet. Når han for en gangs skyld er på disse kanter, skal han forsøke å finne det ut. Han får snart føle på kroppen at det er noen som slett ikke liker at han prøver å få kontakt med henne.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Engelen Gabriel».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein actionfylt thriller med naturfotografen Gabriel Dahl i hovedrolla.
Bokas handling foregår hovedsaklig i 2016, men me får eit tilbakeblikk på noko som skjedde i 1996, når den då 14 år gamle Gabriel redder den tre år yngre Anette frå ein gjeng mobbere. Allereie her får me eit inntrykk av at denne jenta vart systematisk mobba, og at ho slettes ikkje hadde det bra. Gabriel og foreldra var på ferie når dette skjedde, og dei måtte plutseleg reisa att etter få dager. Men på desse få dagene hadde dei to fått ein god kontakt, som dermed brått vart brutt. Tjue år seinare er Gabriel nok ein gong på desse trakter, og impulsivt svinger han innom Smalvik for å forsøke å oppsøke Anette. Men han opplever raskt at her er det folk som overhodet ikkje vil at han skal oppsøke henne. Gabriel velger likevel å gjere alt i sin makt for å finne ut kva som har skjedd med ho…
Starten på boka er litt omstendelig, men det gjenspeiler forsåvidt ikkje resten av historia. Forfatter har valgt å starte roleg og la lesar få ein form for innsyn i kva som skjedde for tjue år sidan, og legg nokre føringer for korleis det har gått sidan. Dette gjer til at lesar får noko å spinna vidare på, og kan tidleg gjera seg opp ei meining kring karakterene. Adorsen har nokre «hevede øyenbryn-øyeblikk» som snur opp-ned på historia.
Me fylgjer fleire personer parallelt, og dermed oppstår det ein del gode cliffhangere. Det er kapitteloverskrifter som gjev oss eit hint om kva me har i vente. Lengda på kapitlene er godt innanfor det som gjer at den er lettlest.
Det vart enkelte ting eg sleit med å få tak i. Kvifor situasjoner har oppstått og konsekvensene av dette. Ein får riktignok ein god del svar utover i boka, men eg trur ikkje det hadde skada å fått visst enkelte ting tidlegare i boka. Dette for å skape ein nærere relasjon mellom karakter og lesar. Dei vert «mystiske», og ein føler at ein ikkje får tak i kven personen eigentleg er før det meir eller mindre er for seint.
Politiet har ein urealistisk oppførsel som skaper ein mangel på truverdighet til historia. Det er situasjoner og dialoger der politiets handlinger mildt sagt ikkje høyrer heime nokon plass. Eg kan til ein viss grad skjønne vinklinga til forfatter, men det burde uansett vert løyst på ein anna måte.
«Herregud, mann!» Politimannen stirrer oppgitt på Gabriel. «Holder du fortsatt på med det tullet? Jeg synes du bør dra tilbake dit du kommer fra og ikke tenke mer på denne saken. Det fører aldri noe godt med seg å komme med grunnløse beskyldinger mot en kjent og aktet samfunnsborger!»
Det er nokre tilbakeblikk i livene til karakterene som viser kva som har formet dei til dei personene dei er i dag. Og enkelte av desse tilbakeblikka er intet mindre en forstyrrende. Det provoserer, men samtidig forklarer det ein heil del. Så sjølv om ein kan sitte hoderystende tilbake, så gjer det på ein eller anna måte meining det Adorsen kjem med.
Boka er fascinerende fengslende med ein kombinasjon av nysgjerrighet for korleis det går, og vemmelsen over enkelte karakterer.
Det vert etterkvart meir og meir actionscener, der naturfotografen Gabriel framstår som reinaste Rambo på steroider. Han legg alle hemninger og personlighet til sides for å komme til bunns i saken. Dermed oppstår det mange situasjoner med nærkontakt av tvilsomme folk, og konflikter som er uungåelige. Her forsvinn realismen og den overtaes av ein spennende røverhistorie i staden for.
Enkelte karakterer har eit forkaklet kvinnesyn som skaper store motsetninger. Det skapes tidleg eit gap mellom det gode og det onde, og sjølv om ein ikkje heilt forstår kven som har gode hensikter eller ikkje, så legg forfatter sterke føringer. Han provoserer med sitt innhald og det er nokre røffe skildringer, både seksuelt og i form av skader på mennesker.
«Du er i ferd med å bli en bløthjertet, patetisk stakkar. Kvinnfolk er forbruksvare, har du ikke lært det? Når vi ikke lenger ha nytte eller glede av dem, kvitter vi oss med dem og får tak i nye.»
Eit og anna vart i overkant merkverdig. Det passet ikkje heilt inn i resten av historia, og i sluttpartiet så fekk eg følelsen av at det vart tatt nokre lettvinte løysinger for å få det til å passe. Så kan ein alltids argumentere for at forfatter har all mulig rett til å forskjønne det som skjer og bruke ein forfatters frihet til å oppkonstruere situasjoner.
Det handler om kvinnesyn, det mørke nettet, skjulte nettverk, systematisk drap og utnytting og om éin mann som tilsynelatende overlever alt, nemlig naturfotografen Gabriel. Riktignok må han lene seg på nokre gode hjelpere for å forsøke å nå målet sitt. Det store spørsmålet er om hjelperne er til å stole på, og om han faktisk har rett i sine antakelser eller ikkje. Dette driver historia fremover, og ein får ein fartsfylt thriller med gode temposkifter.
Han hører stemmer over seg. To mannsstemmer som nærmer seg. Mennene stanser like ved. Gabriel kryper sammen i enden lengst bort fra åpningen i taket og frykter han når som helst vil se et geværløp eller to bli stukket ned.
Når alt dette er skrevet så må eg legge til at Jean-Louis Adorsen har gjort alt på eiga hånd. Frå idé til ferdig historie, frå språkvask og redigering, til ombrekking og utgivelse. Det står stor respekt for denne jobben, og utan nokon form for redaktør i ryggen, så er det imponerende sluttprodukt han presenterer. All kred til forfatter for sitt arbeid frå start til slutt.
PS: Boka vart utgitt i 2019, men sidan Adorsen har kommet med oppfylgjer til denne boka i 2025, så har eg valgt å lese boka for å ha alle forutsetninger for å skrive ein rettferdig bokanmeldelse om «Selma».
«Engelen Gabriel» er ein intens og actionfylt thriller med eit mørkt innhald. Med fine tvister og overraskende avsløringer, er det ei bok som held lesar på tå hev til siste side er lest. Adorsen viser at han meistrer sjangeren, og at det berre er å glede seg til neste bok.
TERNINGKAST: 4