Ein hjertevarm dokumentar sett frå ei mors ståsted med eit born med Downs.
- Norsk tittel: Angelika – En mors historie
- Forfatter: Tove M. Fjellvang Lie
- Sjanger: Dokumentar
- Antall sider: 256
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Manuskript Forlag
Tove M. Fjellvang Lie (Født 1968) er blant anna teamcoach og foredragsholder i firmaet Bevisste Valg. Ho gav ut dokumentaren «Angelika – En mors historie» i 2025.

«Du ser jo helt mongo ut.» Slik begynner denne historien om hvordan det er å være mamma til Angelika med Downs syndrom. Tove tar oss med på reisen sin fra Angelika er barn til voksen, der skam blir til stolthet og fordommer blir parkert. Som i andre familier handler livet deres om hvordan tilrettelegge slik at alle barna kan utvikle hele sitt potensial. Med Angelika har dette noen ekstra utfordringer. Men Angelika har en drøm. Hun elsker teater, elsker å bli intervjuet, og så elsker hun kjendiser. Mamma Tove, pappa Stein Erik og søstrene Selene og Aurora gjør alt de kan for å hjelpe Angelika med å leve ut drømmen sin. Sammen knuser de fordommer og bryter barrierer. For gjennom sosiale medier kan alt skje.
Denne boka er eit tidleg leseeksemplar frå Manuskript. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Angelika – En mors historie».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein dokumentar om korleis forfattar opplevde å føde eit barn med Downs syndrom, og kva utfordringer og gleder det har bydd på opp gjennom åra.
Lanseringsdato av boka er 21.03.25
Tove og Stein Erik hadde to velskapte døtre. Dei ville ha eit born til, og gleden var stor når ho vart gravid igjen. Etter ein tøff fødsel kjem ein lege inn på rommet der ho ligg og seier at den nyfødte dottera mest sannsynlig har Downs syndrom. Der og då stopper verda opp for foreldra, og mange tanker raser rundt. Dette er starten på historia om Angelika.
Fjellvang Lie skriv ærleg og direkte. Dette er ikkje ei forskjønning av virkeligheten, og ho skriv om negative og positive episoder som oppstår undervegs. Ho legg ikkje skjul på at det har vert krevende, men samtidig ville ho aldri vert det foruten.
Eg er imponert over at forfattar klarer å setje ord på det ho tenker og føler rett etter fødselen. Det er nesten som ho skammer seg over å ha født eit born med Downs syndrom. Kva vil vener og kjente seie? Korleis vil dei reagere? Her kjem det berømte bygdedyret inn. Etterkvart som det verste sjokket har lagt seg, er det ein rørende forandring i tankesettet til forfattar og hennes mann, og ein kan ikkje anna enn å beundre deira stå-på mentalitet, og ikkje gi seg når ein møter på ein vegg av byråkratiske regler og lærere og ansatte som ikkje heilt skjønner behovene eit born treng.
Historia starter i 2005, og ein kan sjølvsagt håpe at ting er meir tilrettelagt i dagens samfunn, men det er tidvis sjokkerende kva dei må gå gjennom og ta hensyn til fordi dei har eit born med Downs syndrom. Berre det å måtte gå til lege for å få legeerklæring på at bornet fortsatt har Downs, er skammelig.
I kvart kapittel er det sitat eller dialog mellom Angelika og moren. Desse er morosamme, fine og hjertevarme, og viser eit vidt spekter av den personligheten Angelika innehar. Desse sitatene er frå ho er liten og til dags dato, og viser den fine utviklinga ho har hatt.
Angelika er 10 år:
Hun sitter sliten på doskåla med sterke mageknip:
– Mamma, æl du tlist nål barna dine hal vondt? spør hun.
– Ja, mamma liker ikke at barna hennes har vondt, vet du!
– Nål jeg ikke hal vondt mel, da du glad i hjertet ditt, mamma!
Fjellvang Lie skildrer ein oppvekst med mykje latter og moro. Angelika tar familien og vener med storm, og det er mykje gode gullkorn som kjem frå den vesle jenta. Men det er også mange utfordringer. Etterkvart som ho veks til, vert venene færre og bursdagsinnbydelser fraværende. Tilrettelegging i barnehage og skule er gammeldags, og foreldra føler at bornet meir eller mindre berre blir «stuet bort». Det er mykje frustrasjon og negative tanker dei må kjempe seg gjennom.
Forfatter skildrer blant anna kor mykje som må tilrettelegges, operasjoner, søknader om midler og ikkje minst alle dei bekymringene som oppstår undervegs. Ein vil det beste for bornet, men det er ikkje alltid ein kan oppfylle alt, noko foreldra til Angelika skal få oppleve.
Gjennom oppveksten til Angelika opplever foreldra stigmatisering og fordommer rundt dette med Downs syndrom. Dei må brøyte seg gjennom byråkrati og læring for å forsøke å oppnå det som er best for deira dotter. Det oppstår absurde problemstillinger som tapper dei for energi, men då er det godt at det er eit mammahjerte som banker ekstra hardt og som velger å ta opp kampen.
Det er som om skoleledelsen er fanget i gamle mønstre og gammeldagse holdninger, ikke i ondskap, men heller i tillærte gamle programmeringer i hjernen, som er seige å gjøre noe med. Som om deres tilnærming mangler oppdatering og en evne til å se hver elevs unike behov og gi dem gode tilpassede opplegg som de har krav på nedfelt i lov.
Gjennom denne boka får me ein god forståelse for kva utfordringer ein kan møte på, og dei mange bekymringene rundt det å ha eit born med Downs. Men den byr også på dei små og store gledene, dei artige og gledesfulle øyeblikka, og ikkje minst; me vert kjent med Angelika. Angelika er ei jente med enorm energi, og som sjeldan sitter rolig. Ho gjer ting ho ikkje har lov til, og sliter med å skjønne forskjell på rett og galt i «gjerningsøyeblikket». Det er ingen dans på roser å vere foreldra til Angelika, men du verden som ho gir tilbake med sine herlige gullkorn, gledesutbrudd og væremåte.
Me får eit innblikk i ein familie som har sine utfordringer, men som likevel holder saman som hånd i hanske. For som det står så fint i boka; «Som familie velger vi å tenke på det vi kan gjøre noe med, og ikke på det som hindrer oss». Angelika sine to eldre søstre passar godt på ho, og overøser ho med kjærleik og omsorg, noko som lyser gjennom teksten. Det er ei stolt mor som skildrer eit familieliv på godt og vondt. For størst av alt er kjærleiken.
– Men hva er det, pappa? Er du ikke glad? Du har jo blitt pappa! Selene på 7 år undrer. Så forklarer han om lillesøster som både er syk og som er født med Downs syndrom.
– Ja, gjør det noe, da? fortsetter hun. – Det er jo det samme som med Philip, og han er jo så fin! De er da like fine som andre barn, de, pappa?! Så hvorfor er du trist? Stein Erik smiler taust gjennom tårene og sender meg en tekstmelding om mottagelsen fra søstrene. De er nå i full affekt og forventning, spente etter å få se lillesøsteren sin. Helt fordomsfrie.
Fjellvang Lie skriv med ei stødig hånd, og språket er upåklagelig. Kapitlene er relativt korte, og det er litt hopp att og fram i tidsrom, men dette kjem enkelt fram i tekst. Eg liker måten ho skriv om det kvardagslege på, og at ho ikkje legg noko mellom.
Boka er fyrst og fremst til alle som har eller kjenner born med Downs syndrom. Men sidan boka er så velskrevet og innehar eit balansert og nøkternt innhald, så passar den heilt utmerket for alle. Det er rett og slett ein fryd å lese.
«Angelika – En mors historie» er ein ærleg dokumentar om det å ha eit born med Downs syndrom. Boka tar for seg tanker og følelser foreldra til Angelika går gjennom, og viser problemstillinger som oppstår. Boka er velskrevet, rørende og hjertevarm, samtidig som den er opprørende og trist. Men ein ting kan eg seie etter å ha lest denne boka; Alle skulle hatt ei som Angelika i livet sitt.
TERNINGKAST: 5