Silhuett av en stemme Bok 1 av Yoshitoki Oima

Ein teikneserie i manga-stil om mobbing og ensomhet.

  • Norsk tittel: Silhuett av en stemme
  • Original tittel: Koe no katachi
  • Forfatter: Yoshitoki Oima
  • Sjanger: Manga, Teikneserie, Born og Unge
  • Antall sider: 191
  • Utgivelsesår til norsk: 2025
  • Utgiver: Outland Forlag

Yoshitoki Oima (født 1989) er ei japansk forfatter innan manga-sjangeren. Ho er mest kjent for seriene «A silent voice» (2013-2014) og «To your eternity» (2016- og fram til dags dato). Ho har óg vunnet priser for sine utgivelser.

Mobberen Shoya gjør som han vil i kampen mot kjedsomheten. Med resten av klassen som engasjert publikum, terroriserer han Shoko, den nye hørselshemmede jenta i klassen. Når Shoko omsider bytter skole, vender hele klassen seg mot ham. Flere år senere bestemmer Shoya seg for å gjøre opp: han vil lære seg tegnspråk og si unnskyld til Shoko. Er dette begynnelsen på noe mer? 

Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Silhuett av en stemme».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein teikneserie i manga-stil med ensomhet og mobbing som hovedtema. Det er óg fyrste bok i ein serie. Den vart utgitt originalt i 2013, og oversatt til norsk i 2025. Målgruppa er satt frå 12 år og oppover.

Det som ved fyrste augekast skiller denne boka ut frå andre norske manga-bøker, er at den må leses på den japanske måten, altså omvendt og frå høyre mot venstre. Dette var særs uvanleg, og siden me ofte er vanedyr, så vart eg aldri heilt komfortabel med denne måten å lese boka på. Likevel er det kudos til forlaget som våger å prøve noko nytt.

Heile boka er i svart/kvit teikningar. Historia er såpass fengende at ein knapt legg merke til at det «mangler» farger. Det er fyrst og fremst close-up teikningar av ansikt og deira uttrykk som uttrykksform i boka.

Me møter Shoya Ishida. Ein 6.klassing som utforsker livet og er ein person som fort kjedar seg. Når ei ny jente, som er døv, byrjar i klassen, så gjer han alt for å mobbe og terrorisere ho. Resten av klassen synes dette er morosamt og Shoya fører an i den systematiserte mobbinga av den stakkars Shoko Nishimiya.

Forfattar byrjar varsamt, slik at ein får anledning til å verta litt kjent med karakterene før det brakar laus. Oima skildrer ein skremmende klassekultur og introduserer oss for ein direkte usympatisk hovedkarakter. Måten han terroriserer den stakkars jenta på, er trist og sårt å både sjå og lesa om.

Eg liker at forfatter klarer å framheve dei store kontrastene når noko ekstra spesielt skjer. Ho slår det stort opp, og klarer ved hjelpe av sine gode teikningar å vise med klartekst kva som skjer.

Det er ein sterk historie om mobbing og ensomhet. På den eine sida har me mobberen Shoya som berre dundrer på utan å tenke konsekvenser og kva mottaker av hans gjerninger føler og vert utsatt for. På den andre sida har me offeret som berre tar i mot, og meir eller mindre unnskylder seg for at ho i det heile tatt er til. Dette skaper enorme ytterpunkt, og ein tar raskt Shoko sitt parti.

Ein vert tidvis direkte provosert over at ingen griper inn. Ein får ein følelse av ein «flokkmentalitet» som ikkje høyrer heime nokon plass. Læraren er feig og grip sjeldan inn. Når han fyrst griper inn, så vert det lite konsekvenser. Det som også er interessant å sjå er kva som faktisk skjer når mobbeofferet skifter skule.

Karakterene i boka vert ofte satt opp mot kvarandre, og ein finn tidleg ut kven som er drittsekker og kven som er snille. Ein håper i det lengste at det skal vere ein veg attende for dei verste mobberne, og at rettferdigheten ein gong skal seire.

Litt småforvirrende følte eg det vart innimellom, men i det store og heile biletet så skjønner ein hovedpoenget og bodskapet.

Etter kvart som historia utspeler seg, så skjønar ein straks meir av kva som faktisk har foregått. Det gjer til at ein verkeleg hever augnebryna og at ein vert tatt litt på senga av innhaldet. Det er sterkt og rørende augneblink som vert overskygga av den responsen andre gir.

Historia er strålende bygd opp. Den treff ei nerve hos lesar og er engasjerande frå start til slutt. Sidan dette er fyrste bok i ein serie, så får me inga slutt i denne boka. Den ender med ein særs god cliffhanger, som gjer til at ein nesten legg inn i kalenderen når neste bok i serien kjem ut. (Som forøvrig er i mars 2025)

Dette er ei bok som eg definitivt håper alle skulebibliotek velger å ta inn. Bodskapet er fantastisk og historia er sterk og engasjerende. Det kan forhåpentligvis setja ting i perspektiv, og at ein gjerne tenker seg om både ein og to gongar før ein rakker ned på personer.

«Silhuett av en stemme» er ein sterk og opprørende historie om mobbing og ensomhet som er fortalt i manga-stil. Den setter seg i tankene lenge etter at boka er lest, og bør vera ein augeopner for alle som les den. Ein stråååålende start på serien.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar