Særs velskrevet ungdomsroman med ein viktig tematikk.
- Norsk tittel: Mia har forlatt chatten
- Forfatter: Sanne Mathiassen
- Sjanger: Ungdom, Roman
- Antall sider: 203
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Vigmostad&Bjørke
Sanne Mathiassen (Født 1983) er nestleder i NBU. Ho debuterte som forfattar i 2012 med ungdomsromanen «Dagene før mai». Sidan den gong har ho utgitt ytterligere tre ungdomsromaner. I 2025 gav ho ut «Mia har forlatt chatten».

Thea: Shit
Ayla: Shit. Shit. Shit.
Har noen snakket med henne?
Marie: Hun tar ikke telefonen. Faren sier at hun er innlagt.
Ayla: Seriøst innlagt? På sykehus?
Marie: Ja. No lukka avdeling drit. Hun var jo ganske shaky.
Ayla: Jeg bare fatter ikke hvordan hun skal komme seg videre etter dette liksom.
Thea: Jeg blir stressa.
Ayla: Stakkars Mia.
Tvangstankene har plaget Mia lenge. Hvis hun ikke slår hånda mot hver fjerde lyktestolpe, vil noe forferdelig skje. Hvis hun tråkker på sprekkene, kan verden gå under. Men uansett hvor mye Mia teller, er han fortsatt død på grunn av henne.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mia har forlatt chatten».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein ungdomsroman som handler om psykisk helse.
Mia er 16 år og innlagt på psykiatrisk avd. Ho slit med tvangstanker og ein sterk skyldfølelse etter eit dødsfall. Gjennom Mia sine auge og tanker får me ta del i livet hennes innenfor desse veggene, og sakte men sikkert får me også eit bilete på kva som skjedde denne skjebnesvangre dagen då alt bikket over…
Neste kveld spurte jeg pappa selv om han hadde husket å låse. Han nølte, så nikket han sakte. Som om han måtte tenke seg om. Det gjorde meg urolig. Det var en slags kløe. En uro. Et verk i kroppen. Det kom så mange scenarioer om alt som kunne gå galt. Små lynnedslag i hjernen. Hele verden kunne lett dø på under fem minutter i hodet mitt.
Boka starter med eit utsnitt av ein chat-samtale mellom venninnene til Mia. Dette skal gå som ein raud tråd gjennom heile romanen, og er eit virkningsfullt verkemiddel. Venninnegjengen har ei eiga chat-gruppe som dei diskuterer i. Det handler fyrst og fremst om bekymringene rundt helsetilstanden til Mia, og kva dei kan gjere for ho. Det er også eit bindeledd mellom den historia Mia kjem med, og det gjev oss som lesere små hint om korleis Mia er som person og kva som har hendt.
Kapitteloverskriftene er gode metaforiske vendinger av kjente julesanger og/eller tekster. Sidan handlinga hovedsaklig foregår i desember månad, er dette eit smart påfunn og skaper ein viss forventning til det me har i møte.
Dra krakken bortåt glaset, og om det er høyt nok, så hopp
Mathiassen er etterkvart ein erfaren forfattar, og har funnet sin plass i ungdomsroman-sjangeren. Dette kjem verkeleg forfattar til gode i denne romanen, og det oser av forteljarglede. Ho treff med sitt språk og tematikk. Både psykisk og mental helse er i fokus, og er noko dei aller fleste ungdommar kan relatere seg med. Det er dagsaktuelt og eit tema som fortsatt blir sett på som litt tabu. Ved å bevisstgjøre dette med slike romaner, kan kanskje stigmatiseringen og terskelen ved å snakke om dette senkes.
Historia er skrevet i jeg-format, og dermed får me ta del i tankerushet til hovedkarakteren. Kva ho tenker i gitte situasjoner, kva utfordringer ho har og kva ho står overfor. Me blir dratt inn i hovudet og sjela til karakteren, og forfatter skriv rett og slett knakende godt.
Dei små, men virkningsfulle miljøskildringene er ein fryd å lese. Dei kjem snikende inn i teksten, og etterlater seg ein følelse av balsam for sjela. Det skaper ein form for ro i eit kaotisk univers. Eg håper at dei som les boka klarer å ta innover seg desse skildringene forfatter kjem med.
Han tar sats. Snurrer. Holder hendene tvers utover. Snøen letter under ham. Virvler rundt. Det ser nesten ut som snøen faller oppover. Blir liggende i lufta. Små, hvite flak som ikke finner veien hjem.
Mathiassen skriv om livet på psykiatrisk avdeling, om medpasienter og dei som jobber der. Alle har sitt å stri med, og det er ein gjeng som etterkvart skaper eit bånd og ein tilhørighet. Det er hjertevarmt, litt morosamt og fleire triste skjebner om ein annen. Ho bruker også tid på familien rundt Mia, og korleis dei reagerer på at dottera deira er innlagt. Dette er også ein viktig tematikk, som eg er glad for at forfatter har dratt fram i lyset.
Det er eit godt og engasjerende driv i romanen. Forfatter kjem med bruddstykker og bygger opp under det som har skjedd. Dette skaper ein bevisst og oppriktig nysgjerrighet hos lesar, som treng å få ein forløsning, og på denne måten har ho lesar i si hule hand.
Eg syntes at romanen vart litt kort, og det blei ein del ubesvarte spørsmål for min del. Men sidan dette er ein ungdomsroman, så skal det heller komme forfattar til gode.
Det er ein sterk historie som er både fin og trist på ein gong. Det er mykje destruktive tanker og i så måte ein mørk historie.
Eg liker måten Mathiassen skildrer når ein person føler at ein har ingenting å leve for, men er likevel redd for å dø. Då finnes det håp om betre tider og eit lys i enden av tunnelen, sjølv om det står usagt.
«Mia har forlatt chatten» er ein ungdomsroman som inneheld ein sterk historie og ein viktig tematikk. Med særs imponerende skildringer og eit meget godt driv, så kan dette fort være ein av årets bestselgere innan sin sjanger. Ein strålende roman frå Sanne Mathiassen.
TERNINGKAST: 5+