Det som er no av Solveig Johanne Grønstøl

Lita, men stor diktsamling med fokus på å vera eit menneske i nuet.

  • Norsk tittel: Det som er no
  • Forfatter: Solveig Johanne Grønstøl
  • Sjanger: Dikt, Poesi
  • Antall sider: 76
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Kvild Forlag

Solveig Johanne Grønstøl (Født 1978) er forfattar, poet og utdanna lærar. Ho debuterte som forfattar i 2015, med boka «Kvild». I 2021 gav ho ut «Når dagane ikkje finst», som er hennes fyrste diktsamling. I 2023 gav ho ut «Det lettar snart», og «Det som er no» i 2024. Også desse to er diktsamlinger.

Denne boka handlar om å vera menneske i alt som er no, og inviterer lesaren med heimover og inn i skogstilla, og utover mot havet, der ein kan høyra lyden av vind og bølgjer og kjenna krafta i nordvesten.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Det som er no».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling på nynorsk, med fokus på det å vera eit menneske i nuet.

Det fyrste som møter lesar er ei innhaldsliste på 71 dikt, slik at ein eventuelt enkelt kan hoppe fram til eit dikt som vekker nysgjerrighet. For dette er ei diktsamling som kanskje passar aller best å lese i små mengder om gongen. Les eit dikt, ta deg tid til å la orda synka inn, og la tankene fare avgårde.

Det er nokre fotografier av natur som bryt fint opp tekst. Bileta er av den litt mørke sorten, utan at det kjem negativ energi ut av det. Det er hav, fjell og fossefall som symboliserer meir det storslagne, at me mennesker berre er ei lita brikke i eit stort og massivt bilete.

Det er eit enkelt oppsett, der dikt er plassert meir oppe til venstre på sidene. Dette fører til enkelte luftige sider, som igjen fører til at teksten taler sitt enkle, men samtidig kraftfulle språk. Det er få tegnsettingar og knapt store bokstaver. Det veksles mellom utfyllande setningar og det korte og konsise.

Grønstøl nyttar ofte naturen som verkemiddel i sine tekstar. Dette er eit kjent verkemiddel sidan alle kan assosiere seg med dette på eit eller anna vis. Dette klarer ho på ein solid måte å videreføre også i denne diktsamlinga.

Det handlar om kvardagen og det den bringer med seg. Forfattar er opptatt av at mennesker skal klare å leve i nuet og ta innover seg dei små augneblinka som dukker opp. Det gjeld med andre ord å stoppe opp og nyte det som er, framfor å fylgje jaget i kvardagen. Det handlar óg om sjukdom, medmenneskelighet og lett mimring om det som har vert.

ein bestefar som speidar
mot Stadhavet
han er dryge i dag
nordvesten

Som nevnt nyttar Grønstøl seg mykje av naturen. Ho maler eit bilete av det den storslåtte naturen har å by på; sjø, strand, svaberg, eng, skog og fjell. Det er ingen tvil om at dette er elementer som er til inspirasjon for forfattar.

Det er ein fin veksling mellom konkrete dikt og dei meir opne, der lesar sjølv kan trekka eigne slutningar ut av orda. Med metaforiske gode vendinger, kjem Grønstøl si særegne poetiske stemme til sin rett.

Dette er ei lita, men likevel stor diktsamling. For det er ei djupare meining bak orda, samtidig som ho ofte lar det vere opp til lesar å tolke og danne eigne slutningar. Men mykje av innhaldet kan assosieres til ens eiga liv og erfaringar.

alt snakket om dette mørkret
når det er ljoset som er

Det er stille, vare dikt som er pakket inn i bomull for ikkje å bli øydelagte, men som likevel inneheld stormfullt og opprørt hav. Det blir som å sitte foran ein sprakende peis, medan uværet herjar utanfor. Grønstøl skriv med andre ord med ei stødig hand, som gjer det trygt og godt.

«Det som er no» er ei lita, men stor diktsamling. Med ei særegen poetisk stemme, solide metaforiske vendinger og ei heilt eiga ro over dikta, så er dette ei bok som skiller seg ut frå mengden. Den må rett og slett opplevast.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar