Kritiske spørsmål vert stilt i denne informative dokumentaren.
- Norsk tittel: Bomber over Oslo
- Forfatter: Eystein Halle
- Sjanger: Dokumentar, Andre verdskrig
- Antall sider: 346
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Svein Sandnes Bokforlag
Eystein Halle (Født 1968) debuterte som forfatter med dokumentaren «Bomber over Oslo» i 2024.

Denne boka tegner et dramatisk og detaljert bilde av det som skjedde på krigens siste nyttårsaften. En lang rekke dokumenter og vitneopplysninger, mange av dem aldri tidligere publisert, bidrar til å kaste lys over historien. Boka stiller flere ubehagelige spørsmål om skyld, ansvar og moralske gråsoner. Ikke minst om rimeligheten av å bombe et av Norges mest tettbefolkede byområder som en del av motstandskampen.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Bomber over Oslo».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein dokumentar og tar for seg bombinga av Victoria terrasse på nyttårsafta i 1944.
Halle går detaljert til verks i si bok. For å skjønne kvifor staden vert bomba, kva som låg bak denne skjebnessvangre avgjørelsen og kvifor det gjekk så galt, har forfatter skrevet inngående om forhistorien. Det er informasjon som aldri før har vert publisert, og det setter bombinga i eit heilt nytt lys.
Fyrste del av boka er viet bakgrunnen for flyangrepet, og motstandsarbeidet som foregikk. Andre del av boka handler om den flymilitære bakgrunnen for angrepet. Halle har også med etterspillet og kvar ansvaret burde plasserast.
Det er ein mørk side av krigen i Noreg som mange kanskje knapt har høyrt om. I dette bombeangrepet på Gestapo sitt hovedkvarter ved Victoria terrasse, så omkom til saman 79 sivile norske borgere. 55 av desse befant seg på ein trikk i nærleiken. Kvifor gjekk det så galt, og kven var ansvarlege for denne fatale bombinga? Og kvifor er dette ei sak som er lite snakka om i ettertid? Forfatter kjem med utbroderende informasjon og fakta rundt det aller meste.
Halle skriv om oppstarten av motstandsbevegelser i Noreg, og me fylgjer enkelte nøkkelpersoner rundt dette. Det er mange skjebner og eit farlig arbeid, der Gestapo stadig var i hælene på dei. Det skildres om straffemetoder og brutale avhørsmetoder for å få folk til å snakke. Forfatter skriv også om organisering og struktur av grupperinger, og me får servert enkelthistorier frå motstandsfolk, som f.eks av Tor Skjønsberg og Gunnar Schjelderup, som begge spelte viktige roller for hjemmefronten.
Beinklemmene som påførte Gunnar Schjelderup så mye smerte var bare ett av mange torturredskaper som ble brukt. Akkurat denne metoden var likevel en av de mest smertefulle, og kunne i noen tilfeller føre til beinbrudd.
Tidvis er boka overlessa med informasjon. Det er ikkje alltid det er utelukkende positivt å ta med «alt» av info og fakta ein sit inne med. Det kan bli overveldende og tungt for lesar når ein må stoppe opp å lese grunna mykje informasjon på kort tid. Ein del avsnitt må kanskje leses fleire gonger, og ein må ta pauser for å la ting synke inn. Samtidig er dette definitivt boka for deg som liker å dykke ned i detaljer.
Den regionale lederens tittel, Kommandeur der Sicherheitspolizei und des Sicherheitsdienstes, ble brukt om hele enheten. Slik fikk man KdS Bergen, Stavanger og så videre. Underliggende enheter ble kalt Aussendienststellen eller ADSt, «ytre tjenestesteder». De minste ble kalt for støttepunkter, Stützpunkte.
Det hoppes fram og tilbake mellom Kretsen og Gestapo. Mellom motstandsfolk og det tyske regimet. Mellom allierte og aksemaktene. Dette er greit markert med luftig avsnitt mellom de forskjellige sidene. Ein kan lese om bombeoppdrag over Tyskland og andre stader. Halle skriv ein god del om bombing og utvikling av system og treffsikkerhet. Noko som skal spele ein stor rolle når bombinga på nyttårsafta i 1944 utføres.
Forfatter skriv litt om kvardagslivet og kor lite folk egentlig visste. Livet gjekk sin vante gong, og me får ta del i nokre skjebner av dei mange som vart råka av bombinga ved Victoria Terrasse. I minuttene før bombene traff, fylgjer me personer som befant seg i området. Ung som gamal. Nokre skulle kanskje på besøk, andre gleda seg til feiringa på kvelden. Lite visste dei at nokre få minutt seinare skulle skjebner forsegles. Mange dør, andre vert skada og ein god del vert augevitner til ein skandale av dimensjoner.
På den andre siden av Corr Adelers gate, i nr. 14, kommer en bombe farende med en fart på godt over hundre meter i sekunder, og eksploderer inne i bygningen – trolig i fjerde og øverste etasje, der ekteparet Albert og Lydia Tvedt sitter og spiser på kjøkkenet inn mot gårdsplassen.
Når det byrjer å dra seg til så synes eg at forfatter har gjort ein kjempejobb. Han bygger opp under og skildrer sjølve hendinga ned til minste detalj. Akkurat her kjem detaljer til sin rett, og ein er formelig eit augevitne til det grufulle som skjer. Me fylgjer flygerne som er på veg inn over Noreg, me fylgjer tyskerne som ikkje oppdager flya før det er for seint, og me fylgjer sivile nordmenn som aner fred og ingen fare. Det er dramatiske scener som utspeler seg, og her føler eg at Eystein Halle har klart å fange essensen av opplevingar alle involverte vart ein del av.
Det skildres om redsel, vantro, forvirring, sinne og sorg etter eit av dei verste drapstallene i Noreg under eit angrep. Forfatter skriv også utfyllende om etterspillet og kvar ansvaret var lagt. Men var det riktig? Dette er ei bok som setter ting i perspektiv og som det ligg eit enormt stykke arbeid bak.
Halle stiller ein del kritiske spørsmål ved det som skjedde, og med god grunn når ein les boka og det som kjem fram. I så måte er det kanskje ei litt kontroversiell bok, men likevel eit viktig bidrag til krigshistoria.
Boka er delt inn i fleire kapitler og underkapitler. Sjølv om forfatter hopper att og fram så er det oversiktlig og godt organisert. Språket er informativt og det er ein velskrevet dokumentar med eit vell av detaljer.
Gjennom boka er det mange noter. Desse er ført opp bak i boka og er oversiktlig og fint organisert. Det er også lista opp alle navn, alder og bosted på dei norske sivile som omkom i angrepet.
«Bomber over Oslo» er ein detaljert og velskrevet dokumentar. Gjennom bakgrunnsmateriale og oppbygging av hendinga, får me eit unikt og grundig innsyn i kvifor det gikk som det gikk. Eystein Halle stiller kritiske spørsmål, og har skrevet ei informativ og særs interessant bok om eit av Noregs mørkeste augneblikk under den andre verdskrig.
TERNINGKAST: 5