Norrøne Guder Bok 1-3 av Neil Gaiman & P. Craig Russell

Ein eineståande gjenfortelling av den norrøne mytologien.

  • Norsk tittel: Norrøne Guder
  • Original tittel: Norse Mythology
  • Forfatter: Neil Gaiman
  • Illustratør: Philip Craig Russell
  • Antall sider: 132, 121 og 121
  • Utgivelsesår (til norsk): 2023-2024
  • Utgiver: Outland Forlag

Neil Gaiman (Født 1960) er opprinnelig frå England, men bur nå i USA. Han er blant anna journalist, filmprodusent og forfatter. Han har utgitt ei rekke bøker, blant anna mange teikneseriebøker. Her debuterte han i 1987 med «Violent cases». Hans mest kjente verk er nok «The Sandman» som vart utgitt i årene mellom 1989 og 1996. Philip Craig Russell (Født 1951) er teikneserieillustratør, og har utgitt og bidratt til haugevis med utgivelser. Hans fyrste utgivelse var tilbake i 1973 med «The Chimera». Sidan den gong har han blant anna bidratt til «Star Wars: Episode 1 – Queen Amidala» i 1999, «Hellboy: The Vampire of Prague» i 2007, og «Norse Mythology» i 2020. Han har også vunnet ei rekke med priser for sitt arbeid.

Illustratør P. Craig Russell blåser nytt liv i de norrøne mytene, og tar leseren med på en reise gjennom skapelsen av de ni verdenene til de episke fortellingene om Thor, Odin og Loke og helt til slutten på alt liv – Ragnarok. Etter å ha skrevet om alle verdens guddommer i American Gods og The Sandman, slo Gaiman seg sammen med Russell for å gi leserne muligheten til å oppleve de norrøne gudene i en strålende visuell tegneserieutgave. 

Desse bøkene er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Norrøne Guder».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er teikneseriebøker om norrøn mytologi, og er oversettelse av Norse Mythology-serien. Serien passar for litt eldre born, unge og vaksne.

Desse tre bøkene tar for seg mange moment innan norrøn mytologi. Som f.eks Yggdrasil, Odins øye, Lokes barn, Tor og Tyrs møter med skapninger og sjølvsagt Ragnarok. Alt dette og meir til er gjenskapt gjennom tekst og teikningar.

Det er mykje informasjon å hente ut av denne serien. Den er like lærerik som den er spennende. Det er ein strålende innføring i norrøn mytologi, og passar alle aldrar. Sidan det er ein del blod og vold i bøkene, vil eg riktignok fraråde dei minste å lese serien.

Eg liker måten Gaiman drar oss inn i universet på. Ved å nytte små setninger som «Odin er vår felles fader», så inkluderer han lesar med seg inn i historia. Effektfullt verkemiddel som fungerer strålende.

Illustrasjonene er rett og slett outstanding. Nærbilete og plain bakgrunn der det er nødvendig, for så å zoome ut med mykje bakgrunnsdetaljer der det passer. Vekslinga her får ein til å føle på viktigheten av det ein ser visuelt, og ein får langt fleire inntrykk når det vert vektlagt fokus på dei rette stadene.

Det er gledelig at denne type bøker vert oversatt til norsk. Eg synes at oversetter Daniel Reinsfelt har klart å få til eit språk som flyt fint, der han har unngått unødvendige vanskelege ord og setninger.

Sjølv om det er gode og forklarende illustrasjoner, så er det også ein god del tekst. Dette er nok for å få mest mogleg detaljer med frå dei norrøne historiene. I kvar bok er det nemlig fleire kapitler, og dermed fleire historier. Teksten har ein klar og fin font, og dialogene og snakkeboblene har dei klart å gjere oversiktlige.

Loke er ein karakter som går igjen i historiene. Han har ein fremtredende rolle i den norrøne mytologien, og er ofte involvert på godt og vondt. Eg synes at våre to serieskapere har klart å danne eit godt bilete av mannen, myten og hans handlinger. Utseendemessig så er han fremstilt som ein mann med onde hensikter, med eit sleskt smil på lur. Ein karakter som treff godt med sin karakteristikk med andre ord. Generelt sett så synes eg at utseende gjenspeiler karakterene godt, sjølv om enkelte nok vil rynke på nasa over korleis nokre er teikna. Slik vil det vel alltid vere når ein danner seg eit bilete av ein person i tankene.

Det er lagt inn småartige reaksjoner og uttrykk her og der. Dette løsner litt opp i det brutale som foregår, men tar på ingen måte vekk brodden i historia. Ein ser lett at serieskaperne har klart å trekke fram dei viktigste linjene og essensen frå mytologien. Det er gjort eit godt stykke arbeid med å gjenfortelle, og dei har klart å få på plass det visuelle.

Bøkene kan som nevnt leses ung og vaksne. Alle vil ha utbytte av serien. Her er det innhald frå den spede start til sjølvaste Ragnarok. Det handler om venskap, svik, kjærleik, makt og begjær. Det er ofte valdelig og mørkt, men samtidig er det lystbetont og små gleder innimellom som skaper ein fin motvekt.

Bak i bøkene finn ein alternative omslagsdesign, teikneskisser, fargeprøver osv, der illustratører forklarer framgangsmåter, tanker og idéer bak sitt arbeid. Dette var faktisk overraskende interessant og eit fint tilleggsmateriell.

«Norrøne guder bok 1-3» er ein eventyrlig gjenfortelling av den norrøne mytologien. Med sine fantastiske illustrasjoner som er supplert med tydelig tekst og at dei har fått med dei viktigste linjene og essensen, så er dette eit «must» for alle med interesse for norrøn mytologi.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar