Frihetens smerte av Anita Østerbø

Frittstående oppfylgjer og bok nr. 3 i serien om «Skammens Mødre».

  • Norsk tittel: Frihetens smerte
  • Forfatter: Anita Østerbø
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 384
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Kagge Forlag

Anita Østerbø er oppvokst i Bergen. Nå bur ho på Tysnes, og har jobbet som lærar fram til ho debuterte som forfattar. Romanen «Skammens mødre» som vart utgitt i 2021, er hennes forfattardebut. Ho gav ut «Tatt av sviket» i 2023, og «Frihetens smerte» i 2024, som er frittstående fortsettelser frå salgssuksessen «Skammens Mødre».

I Frihetens smerte, er 80-årene i gang, og barna som vokste opp i første bok, er selv blitt foreldre. Ingrid har både mann og snart to barn, men livet er langt fra slik hun har drømt om. Hun lengter etter å komme ut av byen. Og Erik, som var så sjarmerende da hun traff ham, svikter brutalt som familiefar. Når Ingrids egen far tar kontakt, er hun først håpefull, men skal snart bli dypt skuffet på ny. Samtidig strever Bente både med oppdagelser fra barndommen og sin egen plutselig kontaktsøkende far. Mens Bjørn, som er blitt alenefar for lille Olav, blir kastet ut i en dramatisk kamp for å beholde sønnen. Sølvi sliter med å leve i fred for barnas voldelige far, men har en god venn i Ove – og sammen kjemper de begge for å stille barnehjemmene til ansvar for den uretten som er begått mot mange. Det er nye tider og et friere samfunn, med tilsynelatende sterkere vern for kvinner og barn, og økt likestilling mellom kjønnene. Men virkeligheten er en annen. For ingen beskytter dem som er ofre for fedrenes synder, voldelige partnere og barndommens traumer. Og for de aller mest sårbare, som har blitt grovt sviktet av det systemet som nettopp skulle hjelpe dem – er ikke friheten så lettkjøpt.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Frihetens smerte».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 3 i romanserien «Skammens mødre», som også er basert på verkelege hendingar. Det er ein frittstående oppfølger, men sidan me fylgjer dei samme personene, så vil eg anbefale å lese denne serien kronologisk.

Me møter att dei fem venninnene Anna, Ragnhild, Åshild, Signe og Johanne. Felles for dei alle er at dei vart aleinemødre på 1950-talet. No er me kommet til 1980-talet og borna deira er vaksne, og nokre har stifta familie og fått born. Men korleis er dynamikken mellom borna og mødrene? Har dei fortsatt traumer etter fosterfamilier og barneheim? Dette er ein interessant fortsettelse på den reisa me som lesarar har fått tatt del i gjennom dei to fyrste bøkene i «Skammens mødre».

Det er ein god og innbydende start på boka. Det fyrste som møter lesar er eit lite personregister. Dette nytta eg meg av ved eit par anledninger, og er eit godt verkemiddel når det vert ein del relasjoner ein skal ha oversikt over. Tidleg i boka vert det spenning og konflikter. Kva skal ein vaksen gjera når ein far tar kontakt for fyrste gong etter nesten 30 år? Samvittighetens kvaler vert eit faktum. Kanskje det vil føles som eit svik overfor moren, men samtidig så er sjølvsagt nysgjerrigheten stor på kven faren er. Vonde minner kan dukke opp, og kan ein verta svikta på nytt? Det er mange dilemmaer og gode, reflekterte tanker.

«Det er ikke sant, det du sier. Du visste om meg, og du må ha visst at jeg måtte bo på barnehjem, og at mamma slet tungt mens du ikke gjorde noe. Du sviktet oss begge, uten tanke for hvor tøft det var for mamma å stå helt alene om dette.»

Østerbø har hatt enorm suksess med sine to foregående bøker. Denne gongen har ho fått Kagge Forlag i ryggen. Spenninga er derfor ekstra stor om dette har hatt ein positiv eller negativ innvirkning på utgivelsen.

Det er forskjellige skjebner for barnehjemsbarna, og for nokre har det definitivt vert tøffere å vekse opp, og dei har blitt påført arr på sjela. Eg synes at forfatter klarer å få fram dei såre tankene og minnene. Tanker om å føle seg «bedratt», forlatt og uønska. Samtidig er det ein taus enighet mellom mor og born om at det ikkje var så mange andre alternativ enn å plassere bornet bort. Likevel ligg sviket og lurer i tankebanene når det står på som verst. Korleis skal ein komme videre etter ein slik traumatisk oppvekst? Kva skal ein gjere når ein plutseleg ein dag får veta at ein kanskje har halvsøsken rundt om? Det er mange spørsmål og kvaler som står for tur, og Østerbø besvarer alle som ein på ein solid måte.

Det er ein god del gode cliffhangere. Riktignok så vert nokre avslørt på neste side, medan andre går det såpass lang tid imellom at ein nesten har gløymt det ut. Ein mellomting hadde vert fint her, sidan me fylgjer fleire personer parallelt.

Det var da hun hørte det, døren som knirket, stille, stille ute i entreen. Hun satt som på nåler og våget nesten ikke å trekke pusten. Så bare stivt fremfor seg.

Det er ei interessant og drivende god bok, særskilt når personer byrjer å grave i fortida for å finne ut kva som faktisk har skjedd, når mødre sjølv ikkje er interessert i å fortelja om fortida. Det dukker opp eit par gamle skjelett frå skapa som kan setja forhold på prøve. Ein får også eit lite innblikk i kva som foregikk på barneheimer på 50-talet, og det er langt frå lystig lesing.

Det er ein fin komponert tekst, der innhaldet varierer mellom spenning, sårhet og melankoli. Det er eit møte med mennesker på godt og vondt. Relasjoner som vert oppretta, og relasjoner som mistar sin glans. Østerbø speler på heile følelsesregisteret til sine karakterer.

Litt forvirring oppstod når ein får to historier sett frå forskjellige personers ståsted om ein hendelse som oppstår. Om det er eit bevisst valg eller ikkje, veit eg ikkje. Samtidig kan eg skjønne ordvalget sidan det er sett frå barns auge og vaksne sitt ståsted. Då kan det oppleves heilt forskjellig…

Østerbø har eit heilt eiga språk som fungerer utmerket. Det er litt «gammelmodig» og kler tidsperioden utmerket. Kanskje det vil føles annerledes om ho fortsetter serien opp mot vår eiga nåtid? Uansett, enn så lenge så føles det naturleg og treff godt med dialoger og språket som vert ført.

Det er sterke kvinner forfatter skriv om. Likevel er dei skada på kvar sin måte. Men saman er dei sterke, og nokre vil forsøke å ta eit oppgjer med barneheim og kommune, setja problemstillinger på kartet, og stilla dei ansvarlege til veggs. Det skal vise seg å ikkje vera så lett som ein kanskje skulle tru og håpet på. Boka viser kva ettervirkninger av oppvekstmiljø kan føra til.

Så var hun altså et barnehjemsbarn. Med så mange voksne som hadde sviktet. Og hun var bare en liten jente, en kasteball som ingen ville ha. Dette ble tøft å svelge.

Anita Østerbø treff utvilsomt ei nerve hos lesaren med sine bøker, og denne er ingen unntak. Eg vart letta når eg såg at det er Østerbø sitt vante språk og gode, reflekterte tanker som preger teksten, og at dei dyktige folka i Kagge Forlag ikkje har blanda seg inn i det viktigste og mest gjenkjennbare med heile serien.

«Frihetens smerte» er tredje boka i serien «Skammens mødre», og den held det samme høge nivået som dei to foregående bøkene. Østerbø skriv rett og slett knakende godt, og ho treff ei nerve hos lesar som er vanskeleg å forklare. Det er like rystende lesing og fortsatt ei viktig bok og tematikk. Bøkene må rett og slett leses og oppleves.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar