Ein sår roman om ensomhet.
- Norsk tittel: Labyrintens hemmeligheter
- Forfatter: Rolf Arne Fjelltoft
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 139
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Fjelltoft Forlag og konsulenttjenester
Rolf Arne Fjelltoft gav ut «Min egen styrke» i 2021, som er ein historisk roman. I 2024 gav han ut romanen «Labyrintene hemmeligheter».

Truls hadde ingen god barndom. Bedre ble det ikke da foreldrene omkom i en ulykke da Truls bare var en ungdom. Ensomhet, angst og utrygghet preget livet hans. Dagslyset var skremmende for Truls, og han ble etter hvert en nattevandrer.
Turene gikk ofte til Gulskogen gård og labyrinten der.
En natt skjedde noe overraskende – noe som forandret livet hans.
Truls hadde en liten «poet» i seg, og oppsummerte mange av tankene sine i små vers og livsbetraktninger. Disse har fått sin plass i boka.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Labyrintens hemmeligheter».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman som har ensomhet som hovedfokus for historia.
Truls veks opp under tøffe kår. Far hans drikker og slår, og han vert fysisk og psykisk mobba på skulen. Dette fører til at han ikkje har noko form for ein trygg og stabil plass å være. Slikt skader eit menneske, og det fører til at Truls utvikler både angst og utrygghet, i tillegg til at han er ensom. Når foreldra omkommer, og han må klare seg sjølv, låser han seg meir eller mindre inne i leiligheten sin. Han våger seg knapt utforbi døra, då helst om natta. Men eit møte skal forandre livet hans.
De store guttene tok tak i hver sin arm og dro Truls inn på toalettet igjen. Den ene gutten stilte seg opp, og tisset ned i toalettskåla. Så tok den andre gutten tak i nakken til Truls, og tvang hodet hans ned i skåla.
Me møter Truls når han går i fjerde klasse. Ein rask innføring i hans oppvekst, før me plutselig møter han att som ein ung mann i byrjinga av 20-åra. Her sakna eg f.eks årstall i kapitteloverskrift, for det kan verta litt forvirrende når ein ikkje heilt veit kor i livet Truls befinn seg til ein kvar tid.
Truls er ein karakter som er ein ensom ulv. Han sit i leiligheten sin og fylgjer med på kva som skjer utenfor vindauga. Særskilt fylgjer han med på «HUN» som sit på eit kontor tvers overfor hans leilighet. Denne kvinna får ham til å dagdrømme seg vekk frå virkeligheten for ein stakket stund. Han våger knapt gå å handle, og går når det er minst folk i gater og butikker.
Det er ein tragisk og voldelig oppvekst han har opplevd. Oppvekstmiljø går definitivt inn på denne karakteren, og det er heller ikkje så rart når ein les om det han vert utsatt for. Eg synes at forfatter har skapt ein karismatisk og levende karakter. Det er ein person som ein inderlig håper skal gå vél med, og at han kan møte morgendagen utan nokon form for angst og ensomhet. Vegen dit er lang, men er den oppnåelig?
Truls lever av arva etter foreldra. Han har ingen jobb, og vil ikkje møte opp på NAV for å få hjelp til livets opphald. Han vil klare seg sjølv, men det er ingen enkel oppgåve når den onde spiralen berre spinner videre. Ein tur nattestid skal riktignok forandre tilværelsen hans, men samtidig dukker det opp nye problemstillinger.
Når hovedkarakteren trenger å få ned tankene sine på papir, så kjem dei i form av dikt og poesi. Så innimellom får me servert dikt i teksten. Dette føles litt merkverdig i starten, men etterkvart ein vert betre kjent med Truls og hans tanker, så fell det meir naturleg. Dikta er forøvrig gode, og viser ein poetisk side av forfatteren.
Tomheten er som et sår inni meg
Jeg kan kjenne at såret blir større og større
Ingen lege kan helbrede det
Ingen medisin vil hjelpe
Er døden svaret eller vil det bare være en feig flukt?
Etterkvart som historia utspelte seg, så følte eg at forfatter nokre få plasser tok snarvegar og rushet innhaldet, der han definitivt burde stoppet opp og utbrodert meir rundt det som skjer. Når det skjer sjelsettende ting i eit liv, så må ein ta seg tid til å nøre opp under dette.
Fjelltoft viser gjennom sin roman at det nødvendigvis ikkje skal så masse til for å gjere ein tung og vanskeleg kvardag litt lysere. Eit lite hei, eller bli sett av eit anna menneske kan være nok til å så eit lite håp i eit menneske som lider av angst og ensomhet.
Det er ein sår, melankolsk roman, som er vakker på sin heilt spesielle måte. Fjelltoft klarer å få lesar til å føle på ensomheten gjennom karakteren. Språket er ikkje heilt på topp, men innhaldet griper meg som lesar, og då er det enklere å sjå gjennom fingrene når det gjeld språk.
Forskjellen på å leve og det å kun eksistere er stor. I denne romanen får me eit godt innblikk i nettopp dette. Kvar dag er ein utfordring. Kvar minste ting som skal gjeres utenfor dei trygge veggene er ein nesten umogleg oppgåve. Berre det å komme seg ut av leilighetskomplekset krev grundig og nøye planlegging. Dette og myke anna er noko av det Truls må gjennom.
Truls satt i den store lenestolen i stua og ventet på at klokken skulle bli 21.30. Han kjente uroen i kroppen og den svake skjelvingen som kom på hendene. Hva skulle han handle av varer som kunne holde seg så godt at han slapp å gå i butikken på en lang stund?
Det er ein viktig tematikk som vert tatt opp. Ensomhet og/eller angst er noko mange føler på i det daglege, og denne romanen lar oss alle føle på dette. Boka er lettlest med korte kapitler og gode, luftige avsnitt. Det er også ei bok til ettertanke, og som vil følgje deg lenge etter at boka er ferdiglest.
«Labyrintene hemmeligheter» er ei sår, men viktig forteljing om ein ensom mann som lever med angst og utrygghet. Gjennom ein fengende historie og poetisk dikt får me være ein del av dette universet. Bodskap og tematikk er høgst dagsaktuelt, og det er ein roman til ettertanke.
TERNINGKAST: 4